Nerstrand.

 
Nerstrandslandet er ei Halvøy, ei høg, diger, firkantad Bergtunga, som stikk ut i Buknfjorden. I Nord og i Aust og fyr det meste i Vest gjeng Lidarne bratt i Sjoen; mot Sud ligg ei Rimsa Land, bakkutt og daputt, med Aasar, smaae Moar og Myrar, uttungat og inskoret av Nes, Vikar og Vaagar. Her er det Tungen av Folket bur. – Framande Folk segja, her er "pent", me sjølve segja det same, og paa ein Maate hava me visst Rett au. Lauvskogen veks fraudugt kring Aasarne; her og der speglar han seg i Smaavotn, som blenkja upp millom Humpar og Hamrar; sumestader er Jordi bra rudd, so der er gilde Bøar og Aakrar – til paa Vestlandet at vera – og daa Folket her strævar med at byggja gilde Hus, som di attaat gjerna vilja hava maalade, er det mangein Gard, som ser baade vinleg og hyggjeleg ut. Ein Ting vantar daa til at her skulde vera retteleg vent – her vantar dettande Vatn. Du gjeng og njosnar upp etter Fjellsidom, um du ikkje ein elder annan Stad kann verta var nokot kvitt, som ledar paa seg; men du skodar og lyder faafengt. Ei liti Sylvborda deruppe i Sladet, ei liti Govsky der burte i den myrke Skogdeildi elder litetvetta Sus og Dur fyr Øyrat, der du gjeng frametterVegen, skulde hava gjevet Formerne meir Liv; som no det er, standa Fjelldragi der nokot dauvlege og tunge. Men med detta er det fulla liti Botevon, so me faa væl nøgja oss med det, som det er.
 
Nerstrandslandet utgjorde elder rettare sagt tilhøyrde i gamle Dagar Leiranger Skipreida. Paa den sudvestre Pynten av Landet stikk eit høgt Nes ut. Toppen av dette Neset kallast enno Tenen, og ein Gard, som ligg attmed Neset, heitte Tednaland. Desse Novni hava desse Staderne av, at paa Neset stod Tenen, som skulde vara aat, naar Ufredsfaare var fyr Hondom, og paa Tednaland budde væl dei, som skulde halda Vakt og kveikja Veten. Fraa "Tenen" kunde dei sjaa Logen inkje bert paa Nerstrandslandet, men og nordigjenom Tysver og Skjold, som og høyrde med til Skipreida. Inkje langt ifraa Tenen ligg Garden Leiranger, som Skipreida hadde Navn etter, og innmed Leirangervaagen, ei liti grunn og duld Vik, ligg Murarne etter Skipsnaustet enno. Tufti er, um eg inkje tek formyket i Mist, millom 40 og 50 Fet lang; men ho er smal etter Maaten. Furdelegt er det, at ho ligg so langt upp fraa Flodmaalet.
 
Daa fyr ei Tid tilbake alle "Skibrehder" vorto umnevnde til "Herreder", vart og "Leeranger Skibrehde" umbrigdt til "Nærstands Herred". Prestegjeldet heve og Navnet Nærstrand, men Sokni heiter Hinderaa etter Prestegarden.
 
Nerstrand er elles Navnet paa ei "Torp", som ligg rundt Botnen av ei breid, halvrund Vik med eit langt, kvasst Nes paa kor Sida. Kannhenda er det etter desse Nesi, at Plassen hever Navnet, som daa retteleg skulde vera Nes-strand. Ordet lyder i Folkemunnen som Ne'strand, og det er likeso rimelegt, at ein s kunde verdte utskoten or Nesstrand, som at r'en skulde verta burte i Nerstrand. Men det er rettnok sannt, at "Stranda", som me stutt og godt kallar det, ligg so laagt, at det nok kann vera, at dei, som hava butt ikring heran, hava kallat henne: den nedre Strandi. Men Nærstrand, som det javnan heiter i det "officielle Sprog", maa fyr all Vissa vera galet.
 
I eldre Tider, daa her var meire Skog i Stavangerfjordarne, var Stranda Ladeplass og hadde baade Tollar og Tollbud. I Sakristiet i Kyrkja heng eit Bilæte av ein slik Tollar, og etter baade Bilætet og Underskrivti at døma, heve det voret ein baade vælverd og vælnærd Mann (ein Danske, sjølvsagt). Men daa Skogarne minkade vardt Tollbudi nedlagd, og med henne kvarv væl Tollaren au. Det vart soleides Slutt med den Herleiken. Men kvat kunde inkje "Stranda" hava voret, um inkje, som det so ofte hender i Verdi, Svik og Lygn hadde fenget raadt! –
 
Som alle veit, stod det inkje mætt til med Stavanger ei Tid. Byen var baade faatøk og liten. Det saag so klent ut med honom, at det var paa Snakk aa flytja honom til ein Plass, der han kunde vonast vilja trivast betre, og ein sovoren Plass maatte væl Nerstrand vera. So kom Kungen eingong herupp, og han munde tykkja der var lite Botevon med Byen; han tok ut, og innigjenom Fjorden bar det baade med Kungen og Fylgjet hans. Men kor skrale Stavangerarne vaaro, vaaro dei daa inkje verre farne, held at dei vaaro god fyr vera med og god fyr hava sine Aarar ute attaat. Millom Oddarne av Nesi paa baade Sidor aat Nerstrandsbugti ligg nokre Holmar tett etter koradre; Bugti er soleides stengd fraa alle Kantar og livd fyr allslags Veer: um det syd og brakar alder det ute paa Fjorden, sitja me like tryggt herinne. Daa her attaat er ei god Innsigling, og Bugti er rumleg med god Dreggbotn, er det den bedste Havn, ein kann ynskja seg. Men Stavangerarne loste Kungen innigjenom ei smal og krokutt Innsigling, der Skipet hans var paa Vegtil at støyta paa, og, daa Kungen peikte paa den rette Innsiglingi og spurde, kvifyr dei inkje tok inn der, svarade Skjelmarne: Nei daa! der er so grunnt der! Skip kann inkje fljota inn der! – Ja, Kungen var trugen han: naar inkje Skip kunde koma inn, var det sjølvsagt, at der helder inkje kunde verta nokon By. Dermed snudde han tilbake, og dei, som log godt i Skjegget, det var Stavangerarne.
 
 

 

Frå Fedraheimen 21.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum