Kristiania, den 20de August 1878.

 
Folkehøgskule i Selljord. Me bed Lesararne gjeva Gaum etter Stykkjet um Folkehøgskulen i Øvre Telemarki under "Lysingar". Det gled oss, at Folkehøgskuletanken enno ikkje er slegjen ihel.
 
Finnlands Ständer forkastade i 1877 eit keisarlegt Forslag um ymse Brigde i Jordskattarne og bad seg paa næstkomande Thing (Landdag) fyrelagt eit heile Landet umfattande Forslag til Umsetning av dei "ordinarie" Jordrentur og alle i Korn fyreskrive Jordskattar (dvs. "Jordebogsrettigheder") til faste Pengesummar. Skulde den keisarlege Regjering finna detta umoglegt og ikkje finna nokon viss Grunn aa byggja Umsetningi paa, bad Thinget um, at Guvernøren (Amtmannen) ved dei aarlege Mar- kegangarne maatte upptaka Verdet paa all den Jord, som hev Renta aa greida. No hev Kjeisaren "resolverat," at Spursmaalet um Umsetning av Jordboksrenta til faste Pengesummar fyr den næmaste Framtid skal burtfalla, men likvel gjevet sitt Samtykkje til, at Guvernørarne upptek Verdet paa all rentelagd Jord. Finland fær altso dragast med dei gamle Jord- og Kornrentur, som Landet hev fengjet i Arv fraa Sverike, og som i høg Grad er urettferduge; dei Gardar, som no er frie aa svara Renta, slepp ogso i Framtidi. Men det er Von um, at Skattarne av den rentelagde Jord vert utjamnade.
 
Kvervelstorm. Ein "Tornado," "2 eng. Mile lang og ½ Mil breid", heimsøkte Byen Vallingford i Connecticut (Amerika) 10de Aug. 30 Menneskjur umkom, og mange vart skadde. Ei Mengd Hus vart nedrivne, Alt paa berre nokre Minuttar.
 
Stockholm hadde 31 Decbr. 1877 ialt 165677 Innbuarar.
 
Sterk Varme i Amerika. I Saint Louis do den 18de Juli 145 Menneskjur av Solstikk, iChikago den 17de 9, i Milvaukee vart same Dag 108 raamade. I St. Louis reiknar dei 1500-2000 Tilfelle i Vika fraa 14de til 21de Juli. Det var full Panik (Rædsla) der eit Bil: Folk vilde ikkje arbeida, fleire Lækjarar fall som Offer. Kvinnur og Born vart sjuke inne i Husi, Hestar og Muldyr staup i Ovmengd, Sporvogner stadnade paa Gaturna; Folk gjekk ikring med Is og Kaalblad i Hattarne og drakk Sodavatn og Lemonade, men ikkje Brennevin. Dei hev gjort den Røynsla, at det mest er Drykkjebassar, som fær Solstikk. Tyske Blad segjer, at Ein ver seg best ved aa tekkja Nakken, det gjerer mindre, at Hovudet er klent takt.
 
Time 10 August. (Brev). Um Kvelden den 8de d. M. slo Tora ned i Lensmann Norheim si Løda. Baade Fjos og Løda brann radt upp, og alt Høyet. Derimot fekk dei bergat Kreturi. Likeins brann der ein Treskjimaskin, ein Hakkmaskin og ein Reinslemaskin og sum annan Lausøyre. Husi var assurerade i Time Brannkassa og Lausøyren i Akershus. Likavel vil det verta eit stort Tap fyr Lensmannen, helst avdi det vil verta vandt aa kunna føda Kreturi fram.
 
Folkemengdi paa heile Jordkloten er i det sidste Hefte av den tyske Geograf Petermann sine vidgjetne "Mittheilungen" sett til 1439 Millionar. Av desse liver det i Europa 312,400,000 Menneskjur, 1738 paa kvar Rutemil; i Asia 831,000,000, 1021 paa Rutemili; i Afrika 205,200,000, 378 paa Rutemili; i Australia og Polynesia 4 ½ Million, 27 paa Rutemili; i Amerika 86,100,000, 116 paa Rutemili. Utanfyr Europa raader England yver 205 Mill. Menneskjur (derutav i Asia 194 Mill.); Holland yver 25 Mill. I asiatisk Russland (Sibiria, Mid-Asia og Kaukasus) liver 13 ¼ Mill. Menneskjur. I desse Taluppgifter er dei ikkje medtekne dei Umbrigde, som den sidste Freden hev gjort; dei gjer elles korkje fraa elder til i dessa Tali. Det kinesiske Rike hev 434 ½ Mill. Ibuarar.
 
Tunsberg. Selfangarskipet "Magdalena," Kapt. A. Krefting, kom heim 1ste Aug. med 2600 ung og 4650 gamal Sel attaat 1900 Tunnur Spekk. 5 Mann, som hadde vortet burte fyr dei i Myrkeskodda paa Grønlandshavet er no heimkomne; um Ferdi deira er fortalt her framanfyr. – Svein Foyn hev fengjet 91 Kvalar i Aar til dessa.
 
Gambetta um Bjørnstjerne Bjørnson. Til ein svensk Bladstyrar, som vitjade Gambetta – han tek imot millom Kl. 12 og 4 um Notti, fortel Vitjaren -, uttalade G. seg nyst med stor Undring um B. Bjørnson; han kallade honom "Nordens Viktor Hugo" og bad Bladstyraren helsa Bjørnson fraa seg.
 
Nils Rognlid, Klokkar i Verran (Nørdre Trondheims Fylke) kjend som dugleg Leikpreikar av den gamle Haugianske Skule, er nyleg daaen, 70 Aar gamal; det var stor Likferd og mange Talar baade i Syrgjehuset og ved Gravi.
 
Umkomet. Ein Gut laugade seg i Kvernmeistar Hjorths Laugehus ved Porsnes (Fredrikshall). Daa han gjekk ut or Laugehuset, kom han inn under Kvernhjulet og fekk Hovudet knust.
 
 
Hoggorm. I Nitedal vart en Katt nyst biten av ein Orm. Katten forfylgde den. Eigaren av Garden kom Katten til Hjelp og slo Ormen ihel. Det var ein Hanhoggorm, ¾ Alen lang. Hovudet var takt med graa-svarte harde Skjeljar. Augo var raude, og etter Ryggen hadde han eit zikzakteiknat Band. Attaat di hadde han graae Teikningar paa Sidurna og i Gapet tvo kvasse Tender, som vende inn, ei paa kvar Sida i Yverkjeften; den eine hadde misst Brodden sin. Katten hadde ved den eine Tunnvangen ein liten blodutt Flekk som etter ei Knappenaal og tok strakst til aa jamra seg. Gardeigaren smurde Saaret med Amoniak; med Hovud og Hals bolnade styggt. Ho stend det likvel yver; for Dagen etter hadde ho svanat mykje og var kvikare, um ikkje allheil.
 
Ein excentrisk Mann. Mr. Burleigh, ei lærd, men livstrøytt Mann i Illinois (Amerika), tillyste eit Fyredrag til 23de Juli og lagde til, at han, naar Fyredraget var slut, vilde visa Tilhøyrararne, korleids ei Menneskja vert "til Inkjes." Prisen var 1 Doll., som skulde brukast til aa jorda honom og til aa kaupa nokre Bøker av Huxley og Darwin aat Byen. Huset var fullt, Fyredraget var godt, aandfullt og fengslande – det var Ingen, som tenkte paa det underlege Tillegget til Lysingi, fyrr det var for seint – Burleigh heldt Ord: med det same, han bar fram den siste Setning, tok han skjott fram ein Pistol og skaut seg ei Kula fyr Panna.
 
Smaalensjarnvegen. Millom Fredrikstad og Sarpsborg er Banelikamen glidet ut i 150 Fots Lengd ved eit Tiglverk. Eigaren av detta hev gravet for nær Lina store, djupe Hol, so Banke-Motstandet er brotet. Ein stor Arbeids"stokk" driv paa Natt og Dag med aa bøta Skaden. Men aldri so snart er det attfyllt, so søkk og glid Leirmassen paa nytt Lag. "Gravet fyr nær Lian" vil vel segja, at Tiglverkseigaren hev gjengjet inn paa det "eksproprierade" Jordbelte, og daa vert det ein kostsam Gravning fyr honom.
 
Vedret og Aarsvokstren. I Sydre Bergenhus Fylke er det Von um, at dei fær eit medels Aar yveralt. Paa mange Stader vert Hausten yver eit medels Aars baade av Høy, Korn og Potetar. Sume Stader hev dei saart med ufrjovt Sæde fraa ifjor (Etne, Fjelleberg, Strandebarm, Viksøy, Fuse), og paa dei Gardar, detta er Tilfellet, vert det sjølvsagt litet Korn. Aldehausten hev heilt misslukkast, daa det var kaldt Regnvedr i Blømingstidi.
 
Yverfall med Knivstyng. Fredag Kveld i fyrre Vika yverfall paa Neset nær Levanger ein Umstrippar (Mjøltraavar) ein av Kameratarne sine, "Klokkekarl" dei kallar, med Hogg og Knivstyng paa Bringa og Armar. Eit Kvende kom til og fekk den Yverfallne fordat til Sjukehuset. Kl. 4 um Notti tok Politiet Ugjerningsmannen ½ Mil fraa Byen.
 
Fangevards-Møtet i Stockholm. Til detta Møte, som tok aat i Dag (20de), kjem det Utsendingar fraa Danmark 2, Frankrike 5, Amerika 1, Grækland 1, Italia 3, Holland 2, Noreg 2 (R. Pettersen, Direktør ved Botsfengslet, og C. E. Smith Ekspeditionschef i Justitsdepartementet), Ny-Zealand 1, Preussen 1, Russland 2, Schweiz 1, Sverike 1. I den svenske Lokalnemnd hev setet 7-8 svenske Embættesmenn.
 

 

Frå Fedraheimen 21.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum