Amerikanske Forteljingar

 
(ved A. H.)
 
1. Tri Sunndagar i Senn.
(Edg. A. Poe.)
 
[Del 1 av 3.]
 
Du hardjartade, illherdskne, forbarkade, svarte, skurvutte, skorpne, skitne, andvige, avskræmelege, gamle Traabukk! sagde eg ved meg sjølv ein Kveld aat Morbror min, og knytte Neven lukt i Synet paa honom – i Tankarne. – Sanningi var, at det liksom vantade nokot paa full Samljod nettupp daa millom det, eg skillegt sagde, og det, eg tottest hava Torv til aa segja, - millom det, eg gjorde, og det, eg hadde mest Hug til aa gjera.
 
Daa eg let upp Stovedyri, sat den gamle Rossmaalen i Høgjendestolen, lagde Labbarne upp aa Omnsplata, heldt eit breiddfullt Glas med Porter i Klørna og gjorde aalvorlege Tiltak til aa etterliva den gamle Visa:
 
                Remplis ton verre vide! (Fyll ditt tome Glas paa nytt).
                Vide ton verre plein! (Og tøm ditt fylde Glas).
 
 
"God Kveld, kjære Morbror," sagde eg, let stillt att Hurdi, sette upp min søtaste Smil og gjekk fram til Sætet hans. "Du er altid so undergod og velviljug, og du hev synt meg din Velvilje paa so mange – so usegjeleg mange Maatar, at – at – eg finn, eg tarv ikkje annat enn berre minnast ditt Smaalæte og din Kjærleik til aa vera fullviss paa ditt Samtykkje til" - - -
 
"Hm", sagde han, "hald fram, Strik!"
 
"Eg er so viss paa det, kjære Morbror" (din bannsette gamle Varg), "at det ikkje er – Meiningi di i full Aalvora aa setja deg imot, at Kate og eg fær kvarandre. Det er ikkje annat enn Skjemtet ditt, veit eg, du er so makelaus skjemtefull sume Tider, kjære Morbror."
 
"Ha, ha, ha! Meiner du det, Strik? "Ja, visst er eg skjemtefull."
 
"Naturlegt, sjølvsagt! Eg visste det kunde ikkje vera annat enn Skjemt. No, Morbror, ynskjer me so innelegt, Kate og eg, at du, soleids som Saki no stend, vilde visa oss den Velvilje aa segja fraa, kvat Tid – ja du skynar, Morbror, i stutt Umgrip, naar det mun tekkjast deg aa lata Brudlaupet – rida av, skynar du?"
 
" Rida a v! Byttingen! – kvat meiner du med det? Eg tenkjer det er best aa venta, til dess det gjeng til Gards."
 
"Ha, ha, ha! – he, he, he! – hi, hi, hi! - ho, ho, ho! – hu, hu, hu! Aa, du er trøysam, det er herlegt! det er makelaust! slikt eit Flogvit! Men me kjærer oss ikkje um meir, nettupp no, kjære Morbror, enn at du visst og fast vil segja fraa Dag og Time!"
 
"So, so! Dag og Time? Visst og fast?"
 
"Ja, Farbror, det vil segja, um det mun tekkjast deg aa gjera det."
 
"Vilde du finna deg nøgd, litle Bodd, med di, at eg utsette Dagen enno eit litet Bil, soleids litet paa Slump, etter Høvet? Maa eg endeleg no segja fraa Dagen og Timen visst og fast?"
 
"Dersom du vilde gjera so vel, Morbror, helst visst og fast!"
 
"Ja, ja, daa, litle Bodd, Striken min! Du er eit godt Manns-Emne, er du ikkje? Naar du endeleg vil hava fastsett Dagen, no ja, so er det vel best, at eg rettar meg etter ditt Ynskje fyr ein Gongs Skuld!"
 
"Takk, kjære Morbror!"
 
"Hysj, still, Gut! (eg stod som paa Gløder).
 
"Ja, eg vil lata deg faa din Vilje fyr ein Gongs Skuld. Du skal faa mitt Samtykkje – og Heimgifti, lat oss ikkje gløyma Heimgifti, - lat meg no sjaa, naar det skal verta av? I Dag er det Sunndag – er det ikkje? Vel daa, Brudlaupet skal standa visst og fast - visst og fast - høyr no vel etter! – naar det kjem tri Sundagar i Senn! Høyrer du ikkje? Kvat stend du og gapar etter? Eg segjer, du skal faa Kate og Heimgifti hennar, naar tri Sunndagar kjem saman etter kvarandre – men helder ikkje fyrr, Strikbyttingen, ikkje fyrr enn daa, um det so skal kosta Livet mitt - du skynar meg og kjenner meg, du veit eg er Mann, som held Ord – og no burt med deg!"
 
Daa han hadde sagt detta, sette han det breiddfulle Porter-Glaset fyr Munnen og tømde det til Botns i eit Drag, men eg tumlade ut uppøst og orvønen til det Yttraste.
 
Morbror min var en dyrdleg, gamal, engelsk Herre, men han hadde likvel ogso sine veike Sidur. Han var liten, isterbukull, fleinskallut, hjulbeint og herdeskakk, ikkje ulik ei Rullepylsa i Skapnad; attaat di var han raudnasutt, hadde ikkje uppfunnet Krutet, aatte ei Ovmengd Pengar og totte myket um seg sjølv. Han hadde det beste Hjartelag i Røyndomen, men so stor Traa og Hug hadde han til aa segja Andre imot, og det jamvel tvertimot det, som var hans eigi Meining, at han hjaa alle, som ikkje kjende honom til Botns, fekk Ord fyr aa vera den verste Thingstut og Tverbløyg. Liksom mange Andre hadde han ei serleg Gaava til aa erta og strida, og det soleids, at det oftast saag ut som den argaste Illska. Bad Ein honom um nokot, var Svaret altid stutt Nei, men etterpaa, naar det leid um eit Bil, seint – seint og seint umsider – var det faae Bøner, som han ikkje uppfylde. Den allra linnaste Freistnad paa Pengepungen hans veitte han snarpt Motstand. Og Uppgjelden paa det, som Ein til Slut fekk prutad ut or honom, var altid større elder mindre, etter som det tok lengre elder stuttare Tid aa sagla det ut, og etter som hans Motstand hadde voret meir elder mindre sterkt til. Ingen Mann gav til dei Faatøke elder til gode Fyremaal so myket som han, og Ingen gjorde det med slik Illska som han helder. Dei frie Kunster veitte han den djupaste Svivyrding, - fyr Skaldskap iser bar han den djupaste Foragt. Han hadde lært detta av Casimir Perier, og kom altid med Spursmaalet hans: "A qui un poete estil bon?" (Kvat gjerer me med Skaldar?); det tottest honom vera det Visaste, som var sagt i Heimen. Min Hug til Skaldskap var honom difyr den verste Andstyggd. Daa eg ein Dag bad honom um ei ny Utgaava av Horats (ein av dei hævaste romerske Skalder), sagde han meg, at dei Ord: Poeta nascitur, non fit (Ein vert fødd til Skald, men lærer ikkje Skaldskap) paa godt Engelsk heiter: "A nasty poet for nothing fit" (ein skiten Skald duger til Inkje), og eg vart ved detta baade harm og vreid. Nyst hadde hans Uvilje imot dei frie Kunster vakset i same Mun, som han hadde fengjet større Vyrdnad fyr nokot, han heldt fyr aa vera Naturkunna. Ein Framand hadde møtt honom paa Landevegen og teket honom fyr ingen mindre Mann enn Doctor Dubble L. Dee 1), som hadde haldet Fyrelesningar yver ei Grein av Lækjarkunsti.
 
1) D(o)ubble L. De(e) = tvifeld L. og D, elder LL. D, ein aalmenn Stuttskrivning fyr Legum Doctor d. e. Doktor i Logkunna (Rettslæra).
 
 

 

Frå Fedraheimen 21.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum