[Bjørnen]

 
Bjørnen er usedvanleg fjølg i Sumar paa alle Kantar. I Øystre Slidre (Valders) hev dei havt Vande fyr aa koma fram paa Hovud- og Bygdevegjerne, daa det yr og kryr med Bjørn; paa Tune Gard hev han voret fælsleg nærgangande, segjer Ferdamenn. I Stod (Nørdre Trondheims Fylke) gjorde han tvo Sætergjentur Mein; dei slap likvel fraa honom med Livet og frelste attaat Sauderna sine. I Todalen i Romsdals Fylke hev han gjort Skade paa Buskap. – I Grøningsdalen (øvre Telemorki) yver mot Selljor og i Tinn yver mot Vestfjordalen hev dei drepet fleire Bjørnar. – Ola Hansen Bondal, 18 Aar gamal, nyst utgjengen fraa Lærarskulen i Skjeen, skaut den 8de Juni ein Bjørn ved Vaattjørnfjellet i Tudal Herad (under Gauksto). Han tok Tendnaalsrifla si med, daa han saman med Far sin tidleg um Morgonen gjekk upp aa Sætri til aa hogga Husfang og raakade paa friske Spor. Snart kom ogso han "Far sjølv." Jægaren kraup attum ei Steinhella, skaut og raakade, men ikkje retteleg til Gagns. Bjørnen reis paa tvo Bein og styrmde fram, men strakst hadde Ola Bondal, som stod logn og leit paa Rifla si, eit nytt Skot paa reide Hand, og daa laut Bamsen bita i Graset. Paa same Ferdi saag han enno ein Bjørn, men kom honom ikkje paa Skothald.
 

 

Frå Fedraheimen 21.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum