I Amerika

 
lyser dei i Bladom etter ein ny Religion! Det er Fritenkjarar, som ikkje finn, at dei kann greida seg korkje med Kristendomen elder med nokon annan av dei gamle Trudomar, men som likevæl finn, at Mannen lyt hava nokot aa tru paa. Stykket ("Avertissement etter ein ny Religion") stend i North American Review og er skrivet av ein Evolutionist (elder Darwinist, som væl me vilde segja). Det er eit langt Stykke; me tek her inn eit Utdrag etter "Norden." 1)
 
Det trengst ei ny Tru, meiner Review-Mannen, og Heimen stundar no paa, at denne Trui skal fødast, liksom han i gamle Dagar stundad etter Kristendomen. Nytrui maa snart koma, men kann ikkje helder drivast fram i ei Braadvending; det maa ei Overgangstid til millom det gamle og det nye. I denne Overgangstidi maa Folk anten klengja seg fast til den gamle avdankade Trui elder so hjelpa seg utan Trudom. Men i baade desse tvo Tilfelle vil dei vera ille farne. For liksom Trudomen er gagnlaus utan Tru, soleids kann det utan Tru ikkje vera nokon rein Sedugskap. Dersom me tek Trui fraa Mannen og ikkje gjev honom nokot istaden, som kann svara fyr det same, so bryt me ned hans Sjølvherredøme; hans Hugleik, Lyster og Drifter slepp lause utan mogleg Raad til aa faa Styre paa dei att. "Eg hev vortet forbannad", skreiv Review-Mannen, "av ein Unggut, som sokk ned i Ulivnad, og som segjer at eg er Skuld i detta ved det at eg drog honom burt fraa den Tru paa ein Gud og Frelsar, som Moer hans hadde fostrat honom i. Han kjenner Trong til aa tru paa ein Gud (daa Guds Tilvære er likso visst som det at kvar Verkning hev si Orsak); men han veit ikkje, korleids han skal faa denne Trongen nøgd." -
 
Framkomne Tenkjarar hev, meiner han, avgjort tvo Ting. Den fyrste er, at alle gamle Trudomar, Kristendomen med (som paa ein Maate er den beste og paa ein annan Maate den verste av dei) er av-elde elder for gamle og maa snart døy. Den andre er, at Mannen er eit 'religiøst Dyr', som ikkje kann umbera ei Gudsdyrking av eitkvart Slaget. Endaa dei største Fornegtarar viser stendigt, at dei ikkje vantar all Trudoms-Sans. Hume hadde til Vis sumtid aa søkja ei Kyrkja i Skotland, Kant sette upp Tanken um den "praktiske Fornuft", Samvitet, Domedag, ei udøyeleg Sjæl og ein Gud; Voltaire byggde ein Altar fyr "Gud"; Rousseau er full av fromme Kjenslur; Huxley(stor Evolutionist) held paa, at Bibelen skal brukast i Folkeskularne, "av di det er den einaste Boki som er god-til aa dana Karakteren aat dei unge"; Tyndall segjer, at ingi atheistisk 2) Prov-føring kann rydja ut Trudomen av Mannshjartat"; Herbert Spencer gjev Gud og Trudomen, det ukjende og ukjennelege, eit svært høgt Rom og roser Athenfolket, fyr di det sette upp Altar aat "den ukjende Gud." "Stutt sagt – segjer Mannen vaar -, dei store Menn, som hev lyft seg liksom Fjell i denne Verdi, hev alle havt ein djup Trudomshug." Han nemner endaa Sokrates, Plato, Bacon, Descartes, Newton, Spinoza, Leibnitz, og no i vaar Tid Herschel, Faraday, Mayer og Henry. Men naar det no er avgjort, at alle dei gamle Truer maa døy, so gjeld det aa koma etter, korleids den nye Trudomen skal vera voren (beschaffen). Fyrst vert det sagt, korleids han ikkje maa vera.
 
Han maa 1) ikkje hava nokon livande personleg Gud, 2) ikkje læra, at Sjæli er personleg udøyeleg, 3) ikkje skræma Folk med nokon Dom, 4) ikkje læra nokot um ei aandeleg Innverkning av ei overnaturleg Magt elder ein tilkomande Heim, og 5) ikkje læra, at Ein kann vita nokon Ting um det som Ein ikkje kann sjaa. Men like væl maa den nye Trudomen hava eit Slag Gudsdyrking; men denne maa, som Huxley segjer "mest vera av det tigjande Slaget." Med Mannleiken (die Menschlichkeit) til Gud maa han "lova Udøyelegskap", som no alle strævar etter. Attaat kann han hava "Festar og Høgtider, som er likso gilde som dei storfengne katolske Kyrkjeskikkar." Ein kunde hava som ein Kviledag, kallad Sundag, som Ein kunde halda tiendekvar Dag til Skilnad fraa den jødiske Sabbaten. Paa desse Dagar kunde Ein hava Fyredrag, t. D. um Utviklingslæra ("Evolutionstheorien"). Ein kunde hava Salmar til Æra fyr den store Moer Naturen. Ein kunde ogso hava Gudebilæte 3) som likningsvis (symbolsk) framsynte dei store Allheimsmagter, som Utviklingi, den uforgjengelege Kraft, Ervelegdomen og dei fysiologiske Einskapar."
 
Detta er i store Drag Innhaldet av Review-Mannens Lysing etter ei ny Tru. Ein kann segja um slikt kvat Ein vil; ein Ting er viss: at det er gjenom-amerikansk! –
               
Men Stykket hev hellest fenget skarp Avdøming alt i Amerika, t. D. i Chicago Tribune.
 
1) Detta Bladet kjem ut i Chicago (hjaa J. T. Relling & Co.; Bladstyrar: Hallward Hande) og kostar i Norig og Danmark 3 Dollars Aaret. Folk, som hev Hug til aa høyra jamt fraa Amerika, bør halda "Norden"; det gjev utruleg mykje fyr Pengarne og er godt styrt.
2) Atheisme: Gudsfornegting, den Læra, at Gud ikkje er til.
3)Merk den!
 

 

Frå Fedraheimen 17.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum