Brevsending.

 
Til Mange.
Det hev i seinare Tid komet inn fleire Brev um Skrivemaate og Bokstaving i Norsken; sume hev og bedet meg um aa greida ut i dei Ting. Dei gode Menn lyt orsaka, at eg korkje tek inn Brevi elder skriv sjølv. Detta Bokstavkjeklet er ein speleg Ting; kjem Ein fyrst inn paa det, vert Ein aldri ferdug; for desse Bokstavarne er nok paa Lag det einaste, som Mengdi av vaare Maalmenn bryr seg so vidt um, at dei vil ofra sitt Blekk og si dyre Kraft paa aa skriva um det. Dessutan er me enno ikkje so langt komne at det kann nytta aa stridast um desse Ting. Ikkje eingong ein "Maal-Kongress" tor eg tru paa. Me er for norske til aa kunna semjast um Smaating; vaare Grillur held me paa til sisste Dropen i Blekkhornet; me kann gjeva upp mangt av det som større er; me kann, um det knip, gjeva upp Sak og Tankar; men me gjev aldri upp vaare Meiningar um ein Bokstav elder ein Prikk, og ein daud d elder ikkje-d er oss mykje meir verd enn ein Tanke. Eg kann ikkje skyna, at me hev nokot "sams Grunnlag" aa "forhandla" paa i detta Bokstavspursmaalet. Hadde me det, skulde eg vera den fyrste til aa beda um ein Kongress; og eg trur eg gjekk med paa kvat Form som helst, berre me kunde verta paaliteleg samde um den Formi. Men me vert ikkje samde, - enno. Og daa er det best aa lata Bokstavstriden liggja.
 
Det kunde fyr meg sjølv ikkje vera so galet aa reisa slik ein Bokstavstrid her i Bladet; for paa den Maaten veit eg visst eg kunde narra Folk til aa skriva, so eg sjølv slapp aa slita meg upp i detta Arbeidet, som Maalmennerne bryr seg so litet um, at dei ikkje eingong idest hjelpa til med Skriving. Men eit Folkeblad lyt no vera eit Folkeblad, og det kann ikkje vera korkje til Vitaukje elder til vidare Gaman fyr det "norske Folk" aa lesa ein endelaus og vonlaus Strid um d'ar og t'ar og store og smaae Fyrebokstavar. So fær eg helder skriva sjølv det vesle eg vinn, og misbruka Godviljen aat dei faae Menn, som stend trufast med meg i Arbeidet, so lengje som slikt let seg forsvara, - og naar eg so finn, at detta ikkje lenger gjeng an, korkje fyr meg held fyr dei, so legg eg Bladet upp. Det er imindsto ærlegt Spil.
 
Eg finn, at eg bør segja detta no, so eg sidan kann hava frie Hender. Eg veit nok, at Sume liter paa, at no er eg "nøydd" til aa halda fram, so no kann dei sjølve taka det rolegt aa berre sjaa paa, - liksom dei fyr nokre Aar sidan rolegt gjekk og saag paa, at ein større Mann enn eg sleit seg ihel paa eit Arbeid som han var mange Gonger for god til. Men – vestigia terrent. Me skal ikkje hava meir av slikt. Den, som hev Vitet, fær bruka det. Og so mykje hev eg no røynt, at det endaa var reint for tidleg aa skapa eit Blad aat dei Herrar Maalmenn. –
 
Men det er godt aa læra, um Lærdomen er aldri so saar. Eg held fram, gode Lesarar, so lengje eg kann forsvara det fyr meg sjølv, og vil de fylgja meg, skal de hava Takk. Saki veit de eg aldri gjeng fraa; men Maten aa arbeida fyr Saki paa, den lyt retta seg etter Tid og Høve.
 
- Eg maa no ein liten Tur tilfjells att. Skulde det daa høva so ubeint, at Bladet lyt kvila eit Nummer ein Gong, so lyt Lesararne orsaka.
 
Utgjevaren.
 

 

Frå Fedraheimen 17.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum