Brevsending fraa Fredrikshall.

 
Eg spurde fyr nokre Aar sidan ein Mann, som var godt kjend her, kvat det kom seg av, at det var so faae Gutar i Latingymnasiet her – det var inkje meir enn 2-3 Stykke i heile Gymnasiet – og detta totte eg var underlegt, daa Fredrikshall hev umkring 10,0000 Menneskje og er ein rik By aa kalla. Han sagde, at detta kom seg av di, at det var so litet Magt i Middelstanden her, det fanst mest inkje annat enn Rikingar og Arbeids- folk her, og daa det just daa høvde seg so, at Rikingarne inkje hadde vaksne Søner, stod Gymnasiet mest tomt. – Sidan gjekk det so reint galet med Gymnasiet her, at det var eingong, det saag ut til, at det berre skulde verta ein einaste Gut der. "Vikingen" fekk Kloi i det og sagde: "Einsam er eg inkje eine" (einsam bin ich nicht allein) sagde Guten paa Fredrikshall, var aaleine i Gymnasiet og hadde 12 Lærarar." I Danmark var det Folk, som fyr fullt Aalvor trudde, at det i Norig fanst Skular med 12 Lærarar og ein Gut.
 
Eg trur gjerne, at det er mindre Magt i Middelstanden her enn i dei fleste andre Byarne. Myket av Handelen her er komen i Henderne paa større elder mindre Samlag, elder, som den Mannen sagde, eg snakkad um fyrr, Handelen er "monopoliserad." Det eig uhorveleg med Skogar baade i Norig og Sverik og hev kaupt upp mest alt det som finst av Strand i og umkring Fredrikshall, so det er mest Uraad fyr ein ny Mann aa slaa seg upp her som Trelasthandlar, daa "Sagbruksforeningen" raader fyr alt det, som kunne brukast til Lastetomter.
 
Eit annat Handels-Samlag er Brennevins-Samlaget. Det hev fenget alle Brennevins-Ret-terne paa si Hand, so det no hev Einerett (Monopol) paa Brennevins-Handelen her. Detta er visst i mange Maatar godt. Yverskotet er Samlaget meint paa aa bruka til Gagn aat Byen, soleids til By-Bibliotheket, til "Byens Forskjønnelse", til fri Skulegang aat fatige Skulegutar og meir slikt, og detta er baade godt og væl. I Byar so pass store som Fredrikshall gjev Brennevins-Handelen eit aarlegt Yverskot paa umkring 40-60,000 Kr., so det er inkje Smaapengar, det gjeld um 1). Desse Pengarne gjekk fyrr i Lyma paa ei Tylvt Handelsmenner, som kunne hava so stor Inntekt kvar som ein Fut elder Skrivar mest. Lat no vera, at Brennevins-Handelen er stygg, og at det fyr det meste inkje er dei gjævaste, som driv paa den, so er det likevæl visst, at Middelstanden ved detta misser ei Tylvt med Vælstands-Menner.
 
Me hev endaa eit Monopol til her. Her er eit Meieri, som hev fenget Monopol paa Mjølkehandelen. Um Meieriet kann eg inkje segja annat godt, enn at det vert godt fyr Byen, um me eingong vert kvitt det elder fær eit til, som kann halda i Hempa med det og tevla med det.
 
Hev du, gode Lesar, høyrt nokot um, kvat Handels-Monopol paa Matvarur er? Veit du, at paa 17-Talet hadde Danmark Monopol paa aa forsyna det sunnanfjellske Norig med Korn, og at fleire tusund Nordmenner svalt ihel, fyr di nokre Kapmenner i Kjøbenhavn skulde tena Pengar, og at paa Island gjekk mest Fjorparten av Folkemengdi med ved same Leitet fyr Skuld Monopolhandelen? Ja du tykkjer slikt er fælt. Gudskjelov, det er inkje slik Magt i Meieriet vaart. Det hev gjenget med Mat-Monopolet som med Tyrken og Paven og andre slike Storkultar, som vitskræmde Folk i gamle Dagar, dei hev svanat inn no, so dei inkje er so faarlege. Det er same Skilnaden som paa ein Tiger og ein Katt; Katten er inkje so faarleg, men det er same Tvoet og same Arti plent som i Tigeren.
 
Meieriet hev no i lang Tid teket 8 Øyrar fyr skomad Mjølk, og andre Stader hev dei berre teket 6 og 7. Men no kjem det merkelege. Meieriet her hev selt skomad Mjølk paa Vestlandet fyr 6 Øyrar og bitalt ein Øyre i Fragt, so Nettoinntekti var berre 5 Øyrar. Men av Fredrikshalls-Folket skulde Meieriet – elder Meieriket, som dei kallar det – taka 8. Det vilde helder selja med Tap, maatru, enn aa venja Folket her med altfor laage Prisar. Daa lønte det seg fyr oss aa kaupa fredrikshallsk Mjølk i Arendal og kosta Fragt til paa ho. Detta likade inkje Folk her, men so upplyste Meieri-Styraren sjølv, trur eg det var, at Meieriet var inkje til fyr aa skaffa Byfolket billeg Mjølk, men Bonden gode Prisar fyr Mjølki hans. Eg, som allstødt hev voret ein Bondeven, kaupte den dyre Mjølki og drakk, alt eg orkad; eg visste Bonden kunne trenga ein kontant Skjeling i denne Tidi. Men so kom "Smaalenenes Amtstidende" og upplyste, at no ei Stund hev Meieriet berre betalt 8 Øyrar fyr nysilad Mjølk, og sjølv teket 15! Kor vert det so av Fortenesta fyr Bonden!
 
So upplyste fyr ei Stund sidan ein Mann, at Meieriet let Mysa ganga i Rennesteinen, fyr aa halda Prisen paa skomad Mjølk uppe, maatru. Fyr naar Fatigfolk kunne kaupa Mysa, so vilde dei inkje kaupa skomad Mjølk. Slikt er det dei kallar klok "Forretningsførelse." Meieristyraren skreiv i eit av Bladi, at detta var inkje sant, men hin Mannen sagde, han kunne framføra juridiske Bevis, og daa vart Tigerkatten so still som ei Mus. Elles hadde nok Meieristyraren berre eit Par Gonger sleppt Mysa i Rennesteinen, men det er for galet lell. Det er eit Prinsipp det gjeld um her. Det er sagt, at den er ein Vælgjerar fyr Menneskja, som fær tvo Grasstraa til aa veksa der, som det fyrr berre grodde eit. Kvat skal ein so kalla den, som øydelegg Maten fyr Fatigfolk til aa tena ein skarve Skjeling? Etter Logi er han skuldlaus, men etter den store "uskrivne Log" er den forsvultne Tjuven, som stel eit Stykke Braud til aa halda Livet i seg med, meir agtande.
 
Anten det no kjem av denne Monopoliseringi elder det er andre Ting, som gjer det, nok er det, at det er litet Magt i Middelstanden her, og faae Gutar i Gymnasiet. Det vantar inkje paa Gutar, som gjerne vilde fram, men dei hev inkje Raad, og Rikfolket her hev inkje hjelpt dei. Karl Johan, Kongen, var ein gasta Kar. Han gav Latinskulen her ein Gard, som er verd umkring 100,000 Kr. Attaat gav han Pengehjelp til fatige Gutar, som hadde godt Hovud. Sameleids gjorde Oskar Son hans. Men Karl den fjorde var i Pengeknipa, og daa vart det Slutt. Men eg tykkjer, at i ein By, som det finst so mange Rikmenner som her, skal dei inkje venta paa, at Kongen skal gjeva nokot, han hev nok aa bruka Pengarne til. Men det gjeld baade Rikmennerne her og andre Stader i Landet, at dei tenkjer inkje det minste paa aa hjelpa upp Aandslivet. Det er godt og fagert aa gjeva Pengar til Missionen, "Sjømandshjem," hjelpelause Kvinnfolk og alt slikt, men Skularne og Universitetet fær ingenting aa kalla. Men difyr stend Aandslivet her tillands myket laagare og enn i Sverik og Danmark.
 
Næstetter Professorarne er det ingen, som kunne gjera meir fyr Vitenskapen enn Lærararne ved dei offentlege Aalmenskularne, men dei hev so litet Løn, at dei held paa reint aa svelta ihel, naar dei hev Kona og Born aa føda. Det er ei stor Skam detta. Norig er so armt, at det hev inkje Raad til aa svelteføda Lærararne. Det er Styringi, som er meste Skuldi. Alle Avisurne gjev den stakars Tullen Presten Lied so mange Fantord, fyrdi han segjer: te mindre Løn, te betre Lærarar. Men veit du det, gode Lesar, at Statsraad Helliesen hev sagt plent det same um Lærararne ved Aalmenskularne?                                       
 
(Meir.)
 
1) Her paa Fredrikshall vert det truleg mindre, daa mange her finn, at dei kann faa betre og billegare Varur fraa andre Byar, som inkje hev Brennevins- Monopol.
 

 

Frå Fedraheimen 17.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum