Kristiania, den 6te August 1878

 
Bøker. Utkomet er: Gudelege Smaabøker II. Kristiania, Det norske Samlag. – Innhald: Kjennemerket paa sann Kristendom (Etter Johan Arndt), Um Lengsla etter Gud (Chr. Scriver), Synd og Sorg (Scriver), Gode Raad mot vonde Tankar (Joh. Tauler), Smaa-Ord (Bernhard av Clairvaux), Naar Vener skiljast (Augustin), Tankar um Dauden (Blaise Pascal), Um Trui (Ph. Spener), Ver ikkje altfor rettferdig (O. Funcke), Korleids les du Bibelen? (O. Funcke).
 
Med Boki fylgjer Lista yver Samlagsfolket i 1877 (med Kvittering fyr dei, som hev betalt), eit Utdrag or Rekneskapen og ei Lista yver dei Bøker, som til dessa er utkomne med Hjelp av Samlaget.
 
Boki vert strakst kringumsend til Samlagsfolket.
 
Ole Bull spilad sin Fredag i Bergen og reiv Folk med seg som vanleg. Eingong sprang ein av Strengjerne midt i ein Slaat; men Ole Bull let seg ikkje forfjamsa, spilad Slaatten til Endes paa dei 3 Strengjerne som att var, og det gjekk fint.
 
Sandberg hev lagt Sak mot Bjørnson fyr det han skreiv i "Opl. Av." um Folkehøgskule-Ordkastet.
 
Herskip-Øvingarne i Kristianiafjorden tok til igaar og skal halda paa til den 8de. Med i Leiken er 5 norske og 5 svenske Skip.
 
Lutherstiftelsen held Aarsmøte i Arendal den 6te og 7de d. M.
 
Fredrikshalds "Meieribolag" hev fenget Sylvmedalje i Paris fyr Smøret sitt.
 
Gruvedrifti i Sokndal ("Soggendal") vonar dei skal takast upp att um ikkje so lengje.
 
Ein Arbeidar ved Meraakbanen fekk ein Dag Uppgjerd fyr ein Forsagd; det viste seg der, at det han hadde til godes berre var ein rein Ingenting, - 1 elder 2 Kronur segjer dei. Mannen hadde Kona og Born, og daa desse Pengarne ikkje var nokot aa forsyrgja Huset med, støypte han seg i Stjørdalselvi og drap seg.
 

 

Frå Fedraheimen 07.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum