Utlandet.

 
Times sin Brevskrivar i Paris hev havt eit Samtal med Gambetta umBerlinfreden. Det viser seg, at han etter Utriksminister Waddington si Heimkoma hev skift Meining um det nye Tilstand, som Berlinsemja og den engelsk-turkiske Sersemja hev skapt. Gambettas Ord lydde fyr ei Tid sidan myrke og illspaaande, no ser han Tingi meir fraa Ljossida. Han finn, at Berlinsemja hev ført med seg mangt, som kann vera til Bate fyr Tilstandet i Europa: fyrst at dei gamle kunnstige Samlag, som ikkje var Statarne til nokon verkeleg Nytte, er uppgjevne; dinæst at Trikjeisarsambandet fraa 1873, som fraa fyrsto maatte vera rettat mot Frankrike, hev misst eit av sine Grunnvilkor, med di Austrike hev gjenget yver paa Englands Sida, som det er bundet til ved sams Interesse i Austerland, og til Slut at England, etter at det mange Aar hev voret ein yrkjeslaus Tilskodar ved Fløkjingarne i Europa, no hev fallet inn i det europæiske Samspil att, so det gjer Mun. Eit fransk-rysk Samlag vil etter dette, meiner han, vera umoglegt; England er Frankrikes naturlege Felage.
 

 

Frå Fedraheimen 03.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum