Kristiania, den 2den August 1878.

 
Vigmarki (Brev).
 
Folkemøtet paa Vigmarki byrjad 17de Juli og hev i det heile voret søkt av yver 200 Menneskjor, Menn og Kvinnor. Mange av desse hava berre voret her ei stutt Tid. Men Liv hev her voret. Eg vilde berre, at alle i Landet kunde faa vera med paa eit slikt Møte. Kom Folk og saag og høyrde, so vilde ikkje all den Lygni, som no flyg Landet ikring, kunna liva. Det vilde ganga som med Trollet; det gjeng i Stein, naar Soli skin paa det. – Eg fær nøgja meg med aa segja, kvat som hev voret fyre. Høgskulelærar Ullmann heldt Fyredrag yver Kristenlivet og Kjyrkjesoga. Desse Fyredraag var so klaare og djupe og fulle av Kristenaalvor, at dei rett kunde faa Hjartat til aa slaa fyr den Sanning dei bar fram. So heldt Ullmann og Fyredrag yver Noregs Soga i Millomaldren, mest fyr aa syna fram den historiske Grunntanken i den Tid. Høgskulelærar Arvesen heldt Fyredrag yver dei gamle Trudomssogur (Myter), so Ein reint laut undrast paa, kor Høgskulelærar Lorentzen fortalde Europas Soga etter den store franske Umstøyten og synte daa, at vaar Tid liver paa dei Tankar, som er fødde og vaksne fram til Klaarskap i den Tid. Um Ettermiddagarne var det Samrøda um dei Spursmaal, som no fyr Tidi er mest uppe.
 
I Dag sluttad baade Møtet og Høgskulen fyr Gjentor; desse hava soleides ogso voret paa Folkemøtet. Det vart ein gild Maate aa slutta Skulen paa detta. Ullmann minnte Gjentorne paa, at Tanken med Skulen var den aa hjelpa til aa leggja "Ljos yver Livet." No skulde dei heim til Foreldri, som hadde havt so god ei Tru til Skulen, at dei hadde sendt Døterne sine hit, det var daa hans Von, at dei der vilde hjelpa til med aa gjera Skulens Tanke til Sanning. Ingen kann detta slik som Kvinna. Dei skulde og vera med og byggja Fedralandet og Kyrkja, ikkje mindst det sidste. Kyrkjesongar Torjus Hansen talad um aa vera med i Kjærleik; detta galdt serlegt um Kvinna, som framifraa hadde den Uppgaava aa " elska Landet fram i si Bøn, i sitt Barn." Etter ein varm og gild Tale av Lorentzen kom ein av Arvesen. Norig hadde, sagde han, mange Vardar, ikkje slike, som skulde mana Folket upp til aa taka Sverdet og øyda Mannsliv, men slike, som skulde lysa det fram i fredelege Kappstig til aa byggja og bøta der Bot turvtest; slike Vardar trong ogso Folkehøgskulen; det var dei, som skulde lysa Gutar og Gjentor her hit. –
 
Etterpaa alt kom ei liti "Veitsla", som hadde myket baade av Aalvor og Gammen. – Alle, eg hev talat med um Møtet, er samde um, at det hev voret nokot reint framifraa gildt.
 
Vigmarkskulehuset stend so fagert med Utsyn yver Landviksvatnet, so ljost og lett. Ein lyt undrast yver, at det Huset kann standa der, naar ein høyrer, for Motburd det ofta hev havt heile Yrket. Det syner, at dei tvo Menn, V. Ullmann og Torjus Hansen, som hava gjenget i Brodden her, er Menn som vita aa arbeida og standa fast i Kjærleik og Tru.
 
V.
 

 

Frå Fedraheimen 03.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum