Euler um Bibel og Geometri.

 
De er likt ti, at framifraa exakte Lærebolkar som Mathematik, Astronomi og Fysik inkje so lett fører Dyrkaranne sine i Skorfeste mæ Christentruæ deires som are Bolkar af Naturlæra, der Skilvangin millom Gissing og Vismon er mindre grei. Me kann vise detti mæ Namn som Newton, Leibnitz, Euler, Cauchy i Mathematiken, Keppler og Mädler i Astronomien, Ampere og Faraday i Fysiken. Euler skreiv fyr ikring hundra Aar sea ei Bok imot Fritenkjaranne, der de finnst eit Stykkje, som er likeso merkjande fyre de, han segjer um Geometrien som fyre de, han segjer um den heilage Skriftæ. Hera kjem det:
 
"De finnst inkje Vitskap, som inkje takomti maa stande i Barrhoggi fyr vegtuge Motlegg og finna seg i aa blive saka fyr Villur og usamstendig Lære. Men me sjaa, at Vitskapen jamnaste læt seg sokne so lengi og djupt, at han maa ut mæ Trollnysti sit, og me kann bergje Sanningjæ ut fraa "den bakvende Visa." Men um de dryg mæ aa greie slike Flokar, stend do Vitskapen like logn og ubrøyt, og soleis skaa de likeins vera mæ den heilage Skriftæ. Folk trur, at Geometrien er ein Vitskap, som aldri sannkjenner noko, anna de er endefram sjavgjevi av dei øvste Grunnsetningann fyr Kanningjæ okkons; men de heve likevæl vori gløgge Karar, Hause Tenkjarar, som heve meint, at denni Læra einkvarstaen sprengjer seg sjov, og som hev sagt seg go ti aa rykkje Grunnmuren unna og velte heile Bygverki. Og dessi Motmennanne hev framsett Tvil, so ramme og granntenkte, at de tarvst inkje liti Hovubrot og Klaarsyn ti aa setje alt i Skilo att. Men Geometrien hev alti stai like traust og tvilfri, og de vi blive so ettidags au, anten du er sjav go ti aa greie slike Flokar, hell du lyt vente, ti ein Sterkare kjem aa knyt Samanhengin ihop att. Men likeso liti skaa me stande handfallne, naar de somti driv slike Vringlur inn paa Truæ, for dei er tiom lettare aa raa mæ hell hine mot Geometrien."
 
Sovitt Euler. At Skriftæ inkje eslar aa lære okkon Astronomi, Geologi og verdsleg Vitskap, men at ho bare talar etti aalgjengelegt Næme um slike Ting, er sagt av alle store Bibeltolkarar likefraa Hieronymus, Augustinus, Thomas af Aqvino o. Fl. like ti no. I Midten af 12 Aarhundra hae eit stort Kjyrkjemøte mæ den øvste Kjyrkjestyringjæ og Bernhard af Clairvaux og are namgjetne Theologerfyre seg ei Bok, som utlae di seks Daganne som seks Skaparverk, Uplagi kalla Morgon og Nelagi Kveld, utan at nokon af dei kunna aat 'a finne. Læra hans Copernicus var vel kjend og agta, og den, som veit um, hossi de gjekk te mæ Galileikranglen, han veit au, at de var fyredi, at Galilei inkje nøgde seg mæ aa vera Astronom, men ville vera Theolog, og fyredi at han for ti aa gjøne, at han erta Inkvisitionen paa seg.
 
No um Daganne er de Læra um Helvite, som er ei Forarging fyr Mange. Tru de inkje er go Grunn ti heran aa minnast eit Or af Luther, daa han sae, at Mannebragdæ er lik ein full Kall, som du inkje fær hjelpt up paa den eine Sia Gampen, fyrr han dett ne att paa den are? Snart vert de sagt, at de er Ende paa alting fyre den, som dau er, snart legg Folk ut um, at Dauen er einast eit Hamskifte, og at me skaa fljuge stjernamillom, - ein ny Organisation kunna do giva onno Sansing, ein ny Himil og ei ny Jord -, og liva Heimen endelangs gjenom, velje og vande, falle og rise, fara ti og fara fraa. Alt detti er no gott og væl meint, bare Ein inkje kom i Faare fyr aa gløyme og misse seg sjav i ei slik æveleg Nysansing; men hokke som er: me skaa tru paa Dauen likeso væl som paa Livi. Du skaa tru paa Dauen som ei Nott, daa du inkje meir kan arbeie fyre deg sjav, daa du inkje lenger kan angre deg yvi fraa vond ti go Villie, daa du er bunden ti de Forgangne paa ei Vis, som eit Minne er bundi af Uphavi sit, daa du inkje kan blive kanna af deg sjav hell af Gud som ein Annan enn den, du i Sanning var. Trur du væl at ein stygg, ein ugudeleg Tankje kan bli eit velkomi Minne fyre deg i Likning mæ ein go, som tidt og jamt helsar paa deg væn og kvitklædd, som Bjørnson segjer einstaen i Sigurd Slembe, og gjønni er mæ i alt anna stort og hævt, som fyller Hugin din? Nei, de Retvise maa vera retvist som ei Form fyr Sanning, liksom Naaden er ei Form fyr Sanning fyre den, som retteleg angrar; for han er blitt ein Annan og heve som i gamle Dagar Inbyggarann af Tyrus flytt seg og sit yvi Sundi og einast leivd atte ti den store Forklagaran herrelaust Skrap og tome Murar.
 
r.
 

 

Frå Fedraheimen 03.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum