Eit og annat um Kristendomsstriden vaar.

 
III.
 
Men mot alle desse "Grunnar" stend den eine Setning, at Avstengjingstanken er umogeleg.
 
So sannt som Kristendomsstriden ikkje er ein Snarstrid, som er avgjort i eit elder eit Par Slag, men ei historisk Utvikling, som i sterkare og veikare Rider maa halda paa fram igjenom, so lengje Mannsbragdi elder Livsvilkori ikkje skifter, - so sannt vil det og vera raadlaus Sak aa halda honom ute fraa nokot Land, som daa ikkje ligg dess lenger utanum Grensa fyr Folkeskikken. Stengja Tankar ute er i Lengdi likso vandt som aa stengja fraa seg Lufti.
 
Barnetidi er "sæl." Men likevæl lyt kvar Ein av oss ut or den Sæla og upp i Livsstriden, og det hjelper korkje Bøn elder Graat: er me fyrst ute, so kjem me aldri attende meir. Lika eins med Ætti. Hennar "Barnetid" er og slut. Ho hev faret til aa tenkja. Me kann graata yver det so lengje me vil, men brigda det kann me ikkje. Den som vilde freista paa aa kjøva Mannens Tankar fyr aa vinna honom attende til den "sæle Barndomen", han var likso klok som naar Ein i sine vaksne Aar vilde tvinga seg til aa vera Smaagut att. Ætti maa tenkja sine Tankar ut, det er raadlaust med det. Ho er mindre "sæl" og hev meir Sut og Kav og Strid ved detta; men Kavet og Striden høyrer med til Livet likso visst som Sæla. Anten maa Ætti tyna seg sjølv, elder so maa ho føra sitt Liv fram, kor hardt og saart det enn vert. Kannhenda finn ho Fred og Sæla ut paa Sluten att. Men Striden kann ho ikkje sleppa.
 
Og lika eins med kvart Folk. Det maa ganga all Livsens Strid igjenom – elder so tyna seg. "Stillstand er Tilbakegang"; men Tilbakegang er Uppløysning.
 
Det finnst Folk, som held paa med Barndomen enno, t. D. Blaamennerne. Men just difyr er dei ikkje Folk. Dei liver som Varg i Skog utan Soga og utan Samanheng. Ætter og Smaarike veks upp, stend eit Bil og vert upp i Ingenting att. Mannslivet hev ikkje teket til der enno.
 
Kannhenda det er mange Folk, som hev det slik, og som hev det deretter. Men dei, som er komne so høgt, at dei hev fenget Kristendomens Daap, dei kann iallfall ikkje lenger liva paa den Maaten. Dei er nøydde til aa vera Folk. Og dei maa liva Livet fram igjenom, slik som det er. Men dersom dei ikkje hev Mod til det, so maa dei søkkja seg ned att i ein slik Villmannskap, at dei liksom skrubbar Daapen av seg att. Dei maa ganga i Berg. Og bur dei so avstengt, at dei kann gjera detta, so hev dei i folkeleg Meining tynt seg og fær sidan same Freden som andre Daudingar.
 
Ein kann segja, at det er Kristendomen sjølv, som driv Ætti fram i den Striden, ho er i no, og som me er so rædde fyr aa koma uppi.
 
Kristendomen hev sett den Grunntanken, at Mannen er fri. Det vil segja, at Mannen hev Rett, ja er skyldig til, aa velja. Det er det, som ligg i det Ordet, at Mannen er " andsvarleg." Vera andsvarleg er aa vera skyldig til aa velja sin Livsveg sjølv, einast etter eiget Vit og eigen Trong. Du hev ikkje Lov til aa skjota deg inn under andre. Gjev du deg til Gud, so skal det vera fritt; snur du deg fraa Gud, skal det vera med klaar, medviten Vilje. Du skal vera kald elder varm. Det, der spyrst um, er Hjartat dvs. din frie Hug. Men er Valet og Andsvaret soleids lagt i dine eigne Hender, so er du nøydd til aa bruka din Tanke.
Blind Autoritetstru er ukristeleg likso væl som umenneskeleg. Og daa kjem du til aa bruka Tanken paa sjølve Kristendomen likso væl som paa alt annat. Du kann ikkje velja Kristendomen blindt. Du maa " prøva, um Lærdomen er av Gud." Du maa " prøva alt og velja ut det Gode." Du maa granska i Skrifterne, "um desse Ting hev seg soleids." Men naar Kristendomen sjølv set upp den frie Grannsking til Grunn- og Drivtanke, so hev Ingen Rett til aa leggja Band paa henne. Og so er det sjølvsagt, at Valet vert ymist hjaa dei ymse Veljarar. Sume finn Sanning i Kristendomen, andre, og det stundom dei fleste, finn si Sanning i andre Lærdomar. So er Striden uppe, og kvar Kristen maa tru, at det so er Guds Vilje.
 
Men dermed ser me, at Avstengjingstanken ikkje aaleine er umogeleg, men at han og strider imot alt som er rett og sannt baade etter Guds og Manns Tanke. Liksom Ingen hev Lov til aa gjeva fraa seg Mannens Rett til fritt Sjølvval og fri Grannsking, like eins hev ingen Rett til aa taka denne Retten fraa andre. Ingen hev Rett til aa gjera seg til Formyndar fyr Folk, velja fyr dei og taka paa seg deira Andsvar. Den som gjer det, han forbryt seg mot Mannslivets Grunnlogjer og gjer Valds Verk mot sjølve Aanden. Avstengjingstanken, liksom all Aandstvang, avvyrder Mannsnaturen og set Folk i Rad med Fe. So kann Ein telja upp so mange Grunnar Ein vil til Stydning fyr denne Tanken, - han er dømd og kann aldri med Retten haldast uppe. Vaar fyrste Skylda er aa vera Folk.
 
I Grunnen er det ikkje lett aa skyna, at Nokon kann vaaga seg til aa vera "Autoritet" i Trudomsvegen. Kvar kunde hava nok med aa bera Andsvaret fyr seg sjølv, um han ikkje tok det fyr andre med. Det er ein fæl Tanke, at det berre skal vera eit visst Faatal av Folk, som hev Retten til sjølv aa prøva og døma, fyrr dei vel si Tru, bil Mengdi skal drivast blinnt etter den Gjeilen, som Autoriteten no eingong hev avgjerdt. At mengdi er "umyndig" til aa velja, det er sannt, dersom Talen er um full vitenskapleg Gjenomgransking av Tru og Kunnskap alt til dei sisste Grunnar. Men i den Meining er nok alle umyndige, dei Lærde med. Ingen Vitenskap kann svara paa dei Spursmaal, Trudomen set upp. Vitenskapen kann berre segja: me veit det ikkje. Det, som alle i Grunnen maa velja etter, baade dei Læge og dei Lærde, det er den Sanningstrong, kvar ber i sin eigen Barm. Kor finn eg mest Ljos yver mitt Liv? kor finn eg den fastaste Grunn aa byggja mitt Tilvære og mitt Arbeid paa? – det er Spursmaalet. Og daa er alle tenkjande Menn like myndige – og like skyldige – til og prøva og velja sjølv. Men er Mengdi so raa, at ho ikkje kan gjera seg slike Spursmaal, daa er det "Autoritetens" fyrste Skylda aa hjelpa henne upp or den Raaskapen. Og det er detta, alt Upplysningsstræv skal hjelpa til med. Kvar sann Skule maa hava detta Fyremaalet. Men vaare Autoritetsskular ser ikkje altid ut til aa vera bygde paa den Tanken; snarare er Fe-Tanken ute og spøkjer der med. Kor Folk tek Mod ifraa til aa driva det paa den Maaten er meir enn eg kann segja. Fe-Tanken, elder den Tanken at "Mugen" skal gjeva fraa seg sin Mannsrett og lata andre tenkja og velja fyr seg, den er ikkje einast raa og umenneskeleg, men han er syndig. Det er sume som trur, at Fridomstanken stend i Strid med Kristendomen. Sanningi er, at Ufridomen er ukristeleg, og det inn i sin djupaste Grunn.
 
Aanden maa ikkje setjast paa Baas. Han skal fljuga fri paa sine eigne Vengjer liksom Fuglen, og han maa ikkje bøygja seg fyr nokot annat enn fyr Sanningi. Du hev Rett til aa vitna um di Tru, forkynna di Tru, fyr kvar og ein, so at alle som kjenner Trong i seg etter den Sanning, du byd fram, kann finna henne. Men du hev ikkje Rett til aa bruka Knip og Uærlegskap fyr aa faa Folk med paa Trui. Fara ikring og skræma Folk vitlause med Helvites Eld og Djevelens Klo og Tonn og so ved den Rædsla elder Støkken jaga dei inn i Trui elder halda dei fraa aa tenkja og prøva seg fyre, det er ukristeleg Ferd. Klaart og ærlegt skal du tala med Mannsens Born um desse Ting, og klaart og fritt skal Mannsbarnet taka imot. Hellest vert det upp i Usanning og Sjukdom. All Framferd, som gjeng ut paa aa røva fraa Mannen hans frie Vilje og klaare Ettertanke elder Krafti til aa velja, er Synd, um so det, du tvingar inn paa honom, er Sanning aldri so lengje. Den einaste "Agitation", du hev Rett til aa driva, er den: aa syna Krafti av di Tru i ditt eiget Liv.
 
(G.)
 
[ Meir.]
 

 

Frå Fedraheimen 03.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum