"Skuledirektør Bonnevie - Bygdemaali i Aalmugeskulen."

 
Framhald.
 
Det er ei stor Mengd Menneskjur her i Landet, som inneleg ynskjer, at Storthinget snart vil gjera nokot i denne Saki. Og Folksens Hovdingar derinne, som av Forsynet hev fengjet det Kall aa vardveita Landsens Tarv i denne liksom i andre Saker, vil ogso visst gjera det, som kann gjerast.
 
Der er leidt, at Intelligensen i vaart Land ikkje til dessa hev teket seg soleids av denne Saki, at ho er fyrebudd paa den Kant. I Fyrstunne kallade dei det Heile Galmannsverk; og enno den Dag i Dag finnst det upplyste Folk, som kallar det Barnespel og Barnesjukdom og elles prøver ved Togn aa naa det, dei ikkje kunde naa ved vituge Grunnar. Men dei, som styrer, vil visst ikkje bry seg meir um desse Folk enn um andre Uvitingar. Storthinget kann t. D. berre gjeva baade Maali like Rett fyr det Fyrste. Den Mynsterformi fyr eit Norsk Bokmaal, som er uppstellt og paa vitenskapleg Maate logsett av vaar duglege Vitenskapsmann Ivar Aasen og gjenomførd i hans Norske Ordbok, legg ikkje nokot større Band paa nokot Bygdemaal, enn at det allestad i Landet paa Bygderna, naar det vert naturlegt framført, vil verta lett aa læra aa lesa og skriva. Lat so Storthinget taka ei Raadgjerd um, at det Norske Maal i denne Form, elder i ei dilik, hev same Retten i Riksverket som det Bokmaal, me no hev; at Skulebøker kann faa Autorisation i detta Maalet, at dei Skular, der Yverstyringi tek Raad um det, kann bruka desse Bøkerna ved Undervisningi, - og eg torer segja, at den Dag ikkje er reint langt burte, daa det skal vera klaart fyr kvar Ein, at Dansken misser Fotfeste i Landet. Som det er no fyr Tidi, vert røyndomsleg det eine Tungemaal nedtrykkt, og nettupp det Norske. Det let seg ikkje gjera aa nøyta det til offenleg skriftleg Bruk; Ein hev liksom ei Kjensla av, at det ikkje, naar Ein held det strengt, er loglegt. Den eine Part hev liksom Løyve til aa segja, at han ikkje skynar Folkemaalet, endaa um det i Grunnen berre er so, at han ikkje likar det og difyr ikkje vil vita av det. Ja, det er mange, som tykkjer, at det heng nokot styggt, nokot vyrdlaust laagt og raatt ved Folkemaalet. Denne Usmak fylgjer ogso deim, som talar det. Vil difyr Bonden skaffa sitt Maal ei verdig Stelling, vil han med det same ogso skaffa seg sjølv og Sine ei Stelling, som i Manges Augo er verdigare enn den, han no hev. Alle desse Fordomar vil nemleg falla burt av seg sjølv i den Augneblink, daa Storthinget slær fast, at baade Maali skal hava like Gildskap i all Handel og Vandel. Vil Ein sjaa paa vaare seinare Storthing, er det likt til, at det snart kann vera aa vona, at me fær ei slik Avgjerd. For Storthinget vil ikkje gjera vaart Norske Maal Forfang; det hev det vist ved aa innføra Gamalnorsk paa Latinskularna; det var fulla helder ikkje paa alle Stader like velkomet. Det same hev Thinget vist ved andre Raadgjerder. Aa gjeva kvar Nordmann Fridom i Maalvegen, det samstavar so godt med heile vaart Things Lag og Tanke no, at det Heile synest ikkje aa vera meir enn eit Tidspursmaal. Ingen Urett korkje mot det eine elder mot det andre. Ingen Tvang korkje fyr den, som talar Bokmaalet, elder fyr den, som talar Folkemaalet, korkje fyr den, som skriv Bokmaalet, elder fyr den, som skriv Folkemaalet.
 
I Fyrstunne vil det vel paa denne Maaten verta som ei Vingling i Landsens Maal. Men det fær ikkje hjelpa. Det vil ikkje verta verre, enn det er no. Det vil tvertimot verta betre fyr Mange strakst. Det vil verta verst fyr ein heil Hop av dei Upplyste, som til dessa av ymse Grunnar ikkje hev vyrdt Landsens livande Maal; men desse hev so myket lettare att fyr aa læra nokot nytt, fyrdi dei fyrr hev Lærdom i Maalkunna. Elder skulde det ikkje fyr ein Mann, som hev leset Latin, Græsk, Tysk, Engelsk, Fransk, Gamalnorsk elder imindsto fleire av desse Maal, vera etter Maaten lett, med Hjelp av Grammatik og Ordbok og det, som alt er skrivet elder utgjevet i Landsmaalet, t. D. av Ivar Aasen, Vinje, Janson, Henrik Krohn, Sommer, Blix, Hans Ross, Landstad, Sofus Bugge, Moe, Steinar Schjøtt o. s. fr., og det som er utgjevet av det Norske Samlag i Kristiania og Vestmannalaget i Bergen – aa kunna setja seg so vidt inn i Folkemaalet, at dei kann skyna det, som vert skrivet i detta til elder um deim? So framandt kann det daa likevel ikkje vera! Underlegt elles: naar det gjeld um aa forsvara Bokmaalets Rett her til Lands, daa segjer dei gjerna, at det ikkje er nokon stor Skilnad millom Bokmaalet og Folkemaalet; men naar dei same Menn skal til aa lesa detta sidste elder skriva det, daa vert det strakst so svært framandt. - - - Eg trur likvel ikkje, at det kann vera verre fyr ein maalkunnig Prest aa læra det Maal, som hans tvo elder fjore tusund Soknefolk talar, enn det no er fyr desse tvo elder fjore tusund Soknefolk, som ikkje kjenner Lykjelen til Maalet elder hev leset Grammatik, aa læra det Maal, som Presten talar. Likeins trur eg, at det ikkje kann vera verre fyr ein so maalkunnig Mann som ein Skuledirektør aa læra Byggnaden i det Maal, som vert talat av ei hundrad tusund Menneskjur paa Lag, som læt Skuledirektøren føra Tilsynet med Upplæringi av Borni deira, enn det er fyr desse hundrad tusund ulærde Menneskjur aa læra det Maal, som Skuledirektøren talar. Eg tykkjer sannt aa segja, at det er eit større Mirakel, at det bakvende Tilstand, som hev voret til dessa, hev kunnat halda seg so vidt lengje, som det hev gjort, og at det enno vinnst paa, um ikkje aa halda seg so uppe som fyrr, so likvel aa slingra fram endaa eit Stykkje, enn at Tilstandet vart umbrøytt.
 
Eg undrast paa, um ikkje alle, baade Skulelærarar og Prestar, i Grunnen er samde med meg i detta. Elles kann det paa den andre Sida ikkje undra meg, um her i Noreg framleides finnst Skuledirektørar, som er ukjende med Byggnaden av Landsens sereigne Tungemaal; for korkje ved dei høgre Skular elder ved Universitetet er det enno gjort nokot til aa skaffa Folk Upplysning um og Kunnskap i detta Fag, so Ein maa læra seg det sjølv, og det krev baade Tid og serleg Hug, anten fyr Maalet elder fyr Folket, og dertil eit Stræv, som ikkje kvar Mann kann med.
 
(Meir).