Utlandet.

 
I Berlinsemja er sjølvsagt Skilordi um Bulgaria dei vigtugaste, og det er i so Maate, at Russland hev gjort dei største Ettergifter. Det nye Skattelandet, som etter San Stefano-Semja skulde strekkja seg fraa Donau til det ægæiske Hav, hev no fenget Balkanfjelli til Sudgrensa; men Sofia er lagt til det nye Fyrstedøme, og Verdet av Balkanlina til Forsvar mot Nord er difyr nedsett. Det vert ikkje Ryssland aaleine som fær aa segja yver Bulgaria, men dei europæiske Magter i Samlag; Festningarne skal leggjast ned; Fyrsten skal veljast av eit Stormannsthing, og han maa ikkje høyra til nokot europæiskt Fyrstehus. I Stykkje 13 til 22 er det talat um det bulgarisk-græske Fylkjet Austrumelia; det hev fenget eit rømelegt Sjølvstyre og er soleids sett i eit berre laust Samband med Turkeriet. Sultanen utnemner vel den kristne Landshovding (med Samtykkje av Magterne), men Turkarne fær hersetja berre nokre Grensefestningar og nytta nokre faae Hervegjer inni Landet. Her synest det aa vera ei Veiksida ved Semja; det er rimelegt, at det vil standa som det næraste Maal fyr Skatteriket Bulgaria aa vinna same Sjølvstøda som Serbia, Montenegro og Rumænia, og at Austrumelia vil stræva til aa verta eit Skatterike iminsto; det ser mest ut som um Statsmannsstemna hadde sett ein Premie paa Røra, skriv eit tysk Blad. I endaa større Mun gjeld dette um Grækland, som langtifraa hev fengjet sine Ynskje og Voner uppfylde. Samstemna fann ikkje Høve til aa gjeva Kongeriket nokor Landauking og nøgde seg med aa gjeva det ein Lovnad, som Turkiet ikkje viser stor Hug til aa løysa. Her er Emne til Fløkjing og Vingl fyr Framtidi, og det hev alt no, med det same Kongressen vel hev slutat, voret kytt paa ymist fraa baade Sidor. Porten sender store Herar til den græske Grensa og læt Floten sin sigla til dei græske Strender, medan dei ustyrde Herskarar fær leika og myrda i Thessalia som fyrr. Kreta hev no fjorde Gongen freistat aa slita seg fraa Turkiet; men Kongressen leet det verta verande under Sultanens Herredøme og nøgdest med aa krevja av honom ein ny Lovnad um aa føra fram dei Umbøter, han fyrr hev lovat. Rumænia, Serbia og Montenegro vann Sjølvstøda, men det fyrstnemnde Riket maatte avlata Bessarabia til Ryssland, paa den Maaten likevæl, at det fekk full Skadebot i Dobrudsja, eit Stykkje av Bulgaria,  Donauosen o. m., Serbia fekk ei Landauking i Sudaust paa Bulgaria og Austrumelia sin Kostnad, og Montenegro vann Spurz, Niksic, Podgoritza og den etterlengtade Hamni Antivari. Smaariki fekk i det heile mindre enn San Stefano-Semja hadde lovat deim. Det er sjølvsagt, at Kongresen gjorde seg til Maalsmann fyr Trufridom og sams Rett fyr dei ymse Trubrigde i alle Maatar, hævdad Handelssemjorne, forbaud Gjenomgangstoll, tok Ordet fyr nye Jernvegsbygnadar o. s. fr., fyr Størstedeilen til Bate fyr Austrike. Stykkje 25 lyder kort og godt so: "Fylkji Bosnia og Hersegovina vert hersatte og skipade av Austrike. I Landsluten Novibasar (millom Serbia og Montenegro) vert det turkiske Styre standande ved Lag, men Austrike hev likevel Rett til aa halda Garnisonar her og". Utgangen av Kongressverket er soleids, at Sultanen hev att til usnikkad Eiga ein Firkant paa Austlandet avmerkt med Byarne Filippopel, Adrianopel, Konstantinopel og Saloniki; han hev att Slotet sitt i Konstantinopel med Rumelia til Hage, segjer "Neue fr. Presse." Turkiet var til dessa 9580 Kvadratmiler stort og hadde 16 Millionar Ibuarar (medreknat Skatttelandi som var 3080 Kvadratmiler med 6 Mill. Ib) Det misser no 5000 Kvadratmiler Land og 9 Mill. Menneskjor. Fyrr var det det fjorde Rike i Europa i Storleik, no vert det det tiande.
 
Lord Beaconsfield hev vortet fagnad med stor Høgtid ved si Heimkoma baade i Thinget og annanstad, ikkje berre av dei konservative men av heile Folket. Daa han kom i Yverhuset den 18de um Eftan, var Huset fullt av ei glimande Samling av Storfolk, deribland Prinsen av Wales. I Talen sin gjekk han igjenom kvar einskild Punkt i Berlin-Semja og viste dei Fyremuner, som var vunne ved den i Likning med San Stefano-Semja. Talen vart jamnan avbroten av Samtykkje, og etter fylgde stormande Samtykkje fraa heile Huset.
 
I Frankrike vinn Republiken nye Sigrar til kvar Tid. Av 24 Atti-Veljingar til Folketinget, som nyst hev voret gjorde, hev 20 fallet ut til beste fyr Republiken. Det republikanske Yvertal i Huset hev no 380 Mann. – Frankriks Hermagt er reknat til 3,600,000 Mann, og det vilde no kunna føra 1,200,000 Mann mot Fienden og hava Nøgdi att paa Upplagsstaderne og til den indre Tenesta.
 

 

Frå Fedraheimen 24.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum