Presten Lied

 
i Ryfylke vert likso namngjeten som Vestnespresten no. Snodige Sellar er det baade tvo, og kven som er galnaste av dei, er ikkje beint aa segja. Dei er væl so umpass like gode. Den eine er liksom Galdhøpiggen og den andre daa liksom Glitretind i den prestelege Jotunheimen vaar; dei Lærde kann trættast um, kven som er den høgste. Dei hev det hellest kvar paa si Gjerd. Vestnespresten er væl altid Basen i Filosofi og theoretisk Tulleskap; men Lied vert visst Kulten i det Praktiske. Den, som kann rekna ut, at di lægre Løn, di betre Lærarar, men di høgre Løn, di betre Prestar, - han maa vera klokare enn baade Vis-Knut og Ole Jakob. Han maa kunna Svarteboki. For det Stykket løyser ingen annan, korkje med umvendt Reguladetri elder med Desimalbrøk.
 
Men det er leidt med det, at Folk her i Norig hev so liten Vyrdnad fyr sine store Menn. Dersom det var i Kina elder Mongolia, so vart Presten Lied Ridder av Vasa-Ordenen i denne Dag.
 
Men her skal han visst ikkje verta feit av sin Visdom. Dei Fleste, og helst dei, som vil gjelda fyr kloke, hev best Hug paa aa flira av Reknekunsten hans. Eg sjølv, som no væl skulde vera ein av dei rimelegaste, maa segja, at eg trur berre so maateleg paa Presten Lieds bakvende Kjeringrekning. Slik er det. Det duger litet aa vera stor Mann, naar Ein ikkje er det paa rette Staden. Det beste, Presten Lied kunde gjera var utan Tvil aa reisa til Mongolia.
 
Men det kunde endaa vera med Presten Lied, um ikkje han vert nokot feit av sin Visdom; for han kann lita paa ei mongolsk Framtid, han, og dessutan er han feit nok fyrr, segjer Folk. Verre er det fyr – Stavanger Amt. Dei stakkars Bønderne der burte hev voret so mongolske av seg, at dei hev trutt paa Lieds Kjeringrekning, - og strakst hev dei vortet til Narr fyr heile Landet, kann du vita. Det er ikkje greidt, slikt. Det skamlegaste av alt var, at sjølve Lister og Mandals Amt gjorde Folk av seg, so Stavangeren vart mo aaleine um Vesalldomen. No kann det vera gildt nok aa vera aaleine um ei Æra; men huttemegtu! aa vera aaleina um Skammi! - Stavanger Amt fær kjenna no, kor gildt det er.
 
No vert her ikkje meir Tale um "Listerbenken", naar Folk skal nemna den verste Armod dei veit; no vert det ”Stavangerbenken". Og Ingen kjem lenger til aa segja, at han er "fraa Mandal, Gudnaa's;” men vert ein Stavanger spurd, kor han er ifraa, so lyt han slaa Augo ned. "Fraa Stavanger, gubbære meg!" – Ja slik er Verdi.
 
Og naar alle dugande Lærarar ser aa koma burt fraa den arme Stavangerkanten so fort dei kann fyr daa aa faa liva nokotsonær paa Folkevis, - tru der daa vil vera nokon, som tykkjer Synd i Stavanger Amt? – Aldri ein. "Vil dei hava det so, so lat dei faa det so", vil Folk segja. "Og naar dei er so galne, at dei trur paa Presten Lieds Reknestykkje, so er det best dei fær læra". Eg fyr min Part vil paa ærleg Stavangersk segja, at "det er fellt aat dei!"
 
Ja den Lied! – Og dei Bønderne! Eg trur vaare Bønder kunde gjera dei galnaste Ting som til er, berre dei fekk ein Prest med seg paa det. Stend dei aaleine, so vaagar dei seg ikkje so vidt; dei hev daa altid eitgrand Æra i Livet. Man høver det so illa, at dei finn ein Prest, som vil vera med dei paa eit Fantestykkje, - daa skal Ein aldri tru dei. Presten hev ein breid Rygg, han; han gjev Live fyr mange. Han er god aa skulda paa liksom Katten. Det er visst ingen der burte, som trur so svært paa Presten Lied og hans Rekningar. Dei skynar nok kor han vil av. Men bakum den vide Prestekjolen ser dei seg Kans med aa knipa inn ein Skilling! – dei slepper fraa seg Dalaren, det er sannt; men so langt tenkjer ikkje Vestlandsbonden; nok er det: dei fær knipa inn ein Skilling. Naturlegvis! – so gjer dei det, og so legg dei Skuldi paa Presten. – Men Presten kann verta so galen, at han ikkje duger lenger til aa skulda paa; det er det, dei gode Stavangerbønder hev gløymt. –
 
Dersom Lied ein Dag kjem med den andre Enden av Reknestykket sitt: "di høgre Løn, di betre Prestar", - so skal han sjaa, kor mange han hev med seg i Grunnen. – Det gjeng eit Ord um at han alt hev prøvt seg. Men daa kom han nok ikkje langt! segjer Ordet. –
 
So er Enden paa Visa den, at Lied hev gjort Bønderne til Narr, og at Bønderne hev havt Lied til Narr, og at Skammi fell diger baade paa Presten og paa Bønderne, men at Skaden fell tung paa Lærararne og tyngst paa Amtet. Gjer no aldri slikt uppatt meir, du Vestlandsbonden!
 
VII.
 

 

Frå Fedraheimen 24.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum