Husstadlinden.

 
(Ei segn frå Jørundfjorden).
 
Gurid og Gyrid var døttre åt mannen på Husstad. Um sumaren var dei ofta på sætri, sær sundagarne. Gyrid, den yngste, var svært glup å spila på lange-lur, men Gurid berre sat og lydde og var jamt tagall. Ein sundag, då soli skein so bjart og heitt, sit Gyrid soleids og spilar, med' Gurid lyder på. Dei sit på ein liten-voren hjell, der smelleblomen stend so tett som napp i ei nya. Eit litet stykkje ovenfyre er ei stor-grytt urd; der stend nokre kjertebeine, unge heggje-stakar. Gyrid legg luren frå seg og gjeng burt åt heggjenn og skal skjera bror sin eit felebog-emne; han spilar fela, han. Ho var ikkje fyrr att-komi, fyrr dei både tvo med ein gong høyrer felelåt, og den som fager var. Sjå upp i urdi, der tend ein liten-voren, blåklædd, herdebreid, væn gut og spilar; spilar so fagert, som dei korkje hev høyrt elder tenkt seg til. Dei sit som fjetrad og berre lyder. Dei gløymer alt, nærso guten og spilet, gløymer kvarandre til slut. Best som det er, sit dei både tvo inne i ei fin stova, der det er dukad på både bord og benkjer.
 
Guten held upp med spilet, og mor hans kjem og byd fram skjenk. Gurid vert bydd fyrst; ho kjem ikkje ihug annat enn Guten og fela, - og ho drikk. Gyrid sansar seg no, slær i å gråta og skumpar frå seg drykkjen; for no skynar ho, kvar dei er. Ein fager gut kjem og skal telja fyr henne, men ho berre græt.
 
Då døttrene på Husstad ikkje kom heimatt, vardt der stort ståk på garden. Sjurd, far deira, gjekk åt gamle Trond, fortalde, kvat som var tids, og bad um ei god råd. "Dei er inntekne" sa' Trond, og støytte sylvholk-staven sin i tilet. Kyrkjeklokka vardt hentad og kjøyrd fram i sæterdalen so langt, som hestar vilde ganga. Då dei ikkje vilde lenger, kor ein so firad på deim, hengde dei klokka upp i ei bjørk, som stod tett att-med vegjen, og tok til å ringja. Best som det er, ser dei eit kvende koma utdrivande utor ein stein uppi urdi. Det var Gyrid. Ho var tullad, og det vardt ho verande all si tid. –
 
Ein Kvitsundag, medan flestalle av Husstadfolket er med kyrkjo, kjem Gurid inn til mor si. Ho ber ein liten gut på ryggjen i ein linde. Moeri slær i å gråta, men Gurid trøystar henne; ho hev det so godt, men ho lyt heimatt, fyrr kyrkjeklokka tek til å låta att.
 
Ho tok linden sin og sagde til moeri: "Tak den til minne um meg, og sel honom ikkje!" Dermed bad ho helsa alle ho kjende og tok so farvel med gamle moer si.
 
Detta er då den namngjetne Husstad-linden. Han var fin og mjuk som silkje og på liten som ein gråstrindad katt.
 
Linden hev gjenget i arv frå ætt til ætt. Han er på Husstad endå, sa' gamle Randi på Erstad, - ho som fortalde meg denna segni.
 
R.
 

 

Frå Fedraheimen 24.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum