Peter Schlemihl.

 
[Del 18 av 19. Fyrste delen.]
 
(Etter Chamisso ved Andr. Hølaas.)
 
Framhald.
 
Der maatte eg kvila, til det vardt Dag i Austasia, og eg tok Kvild lenger; eg tok meg nemleg til aa yverfara Amerika paa nytt Lag. Eg fylgde den Bergkjedja (Audesbergi), som gjeng gjenom heile Amerika fraa Sud til Nord, og som hev dei høgste Tindar paa Jordi etter Himalajabergi. Langsamt og audvart steig eg fraa Tind til Tind snart yver brennande Vulkanar, snart yver snjolagde Toppar, og hadde ofta vondt fyr aa draga Pusten. Eg naadde Eliasberget og sprang yver Behringssundet til Asia. – Eg fylgde Auststrondi av Asia gjenom dei mange Vendingar og Bugter, ho gjerer, og freistade, um det var meg moglegt aa skreva yver paa dei Øyar, som der var. Fraa MalakkaHalvøyi kom eg ved Hjelp av mine Styvlar lett yver til Sumatra, Java, Bali og Lambokk. Eg prøvde, tidt med Faare, men altid faafengt, aa koma lenger yver til de mindre Øyar og Bergklettar, som detta Hovet er so fullt av – allvisst imot Nordvest – aat Borneo. Men di meir eg røynde meg, dimeir tverrade Voni. Endeleg sette eg meg paa den ytste Odden av Lambokk og saag imot Sud og Aust, saag og saag og – gret. For no hadde eg funnet ei Grensa, som eg ikkje kunde koma yver. Det merkverduge Nyholland, som Ein naudsynleg maa kjenna, naar Ein vil leggja seg til eit heilt klaart Syn og ei sann Kunna um det solverkade Klæde som ligg yver Jordi, Plente- og Dyreverdi og likeins Sudsjoen med sine Koraløyar - kunde eg ikkje koma til; det, eg kunde samna og setja saman, vilde difyr verta berre Fragment, Stykkjeverk, Klusseverk. Aa, kvat er det vel ei Menneskja kann gjera!
 
Ofta hev eg sidan i den strengaste Veterkulde prøvt aa koma dei tvohundrad Stig yver til Van Diemens Land elder Ny-Holland paa Polarisen – endaa det var Faare fyr, at eg aldri kunde koma attende til Amerika elder Asia – men det hev ikkje lukkadst meg. Enno hev eg ikkje voret paa Nyholland; mine Freistnadar fraa Eldlandet og fraa Lambokk hev baade voret like faafengde.
 
Endeleg reiv eg meg laus fraa desse Freistnadar; og fraa Lambokk tok eg meg fyre aa vitja det innre Asia, endaa eg var tregefull yver, at dei Freistnadar, eg hadde gjort til aa koma yver til Sudhavsøyarne ikkje hadde ført til nokor Heppa. Eg gjekk fraa Aust til Vest og kom um Kvelden til Thebais (Theben i Egypten) til mi eige Hola.
 
Der tok eg Kvild. Daa det vardt Dag i Europa, fekk eg annt med aa utvega meg ymse Ting, som eg turvte. – Fyrst Hemmsko; for eg hadde røynt, kor ukvæmt det var aa ljota draga Styvlarne heilt av, berre til aa faa Høve til aa skoda paa eit Straa elder ein Blome. Toflur utanpaa Styvlarne hadde fullkomet den Verknad, eg ventade meg, og sidan eg hadde gjort denne Røynsla, bar eg altid tvo Par Toflur, daa det lett kunde henda, at eg ikkje fekk Tid til aa taka deim, eg spende av, med meg, naar eg i ei Braadvending laut fly fyr ei Løva, ei Menneskja elder ei Hyæna. Eit godt Lummeur turvte eg ogso, eit Kronometer. Dessutan skaffade eg meg ein Sextant, nokre fysikalske Instrument og Bøker.
 
Til aa faa i desse Ting gjorde eg rædd nokre Ferder til London og Paris, naar det var Toka og Dimma. Daa min Pung var tom, selde eg afrikansk Elfenbein. til aa skaffa meg Pengar. Eg laut likvel nøgja meg med berre smaae Tenner 1), som eg lett kunde bera, men eg hadde nog med deim. Det var snart gjort aa faa dei Ting, eg vantade, og no byrjade eg mine nye Livevis som privatiserande Granskar.
 
Eg for umkring i alle Jordbolkar, so nær som Australia, tok Høgdemaal, Maal paa Vermdi i Vatnet og i Lufti, eg granskade yver baade Dyrelivet og Plentelivet, gjekk fraa Midtlina til Polen, fraa den eine Jorddeildi til den andre, og gjorde Røynslur og Samanlikningar. Med Strutsegg, Sjofuglegg og Alda, mest av Palmur og Bananar, nørde eg meg; Kjøt skaffade eg meg ogso einkvar Gongen. Til aa kvika Hugen brukte eg Tobak, i Staden fyr menneskjelegt Sellskap hadde eg ein tru Pudel, som vardveitte mi Hola ved Theben, og som glad sprang imot meg, naar eg vende heimatt fraa mine Ferder med Fengd av alle Slag; eg hadde iminsto ei Kjensla av, at eg ikkje var heilt aaleine paa Jordi. Men enno var eg ikkje ferdug med Menneskjurna: ei Hending førde meg atter millom deim eit Bil.
 
XI.
 
Daa eg ein Gong ved Strondi av Nordishavet hadde teket Toflurna paa til aa samna Tang og Tare og skulde framum ein Bergtange, kom ein Isbjørn radt mot meg. Eg spende Toflurna av til aa stiga yver paa ei Øy, som laag rett ut fyr Fastlandet. Ein Bergklett stakk Hovudet upp midt imillom Fastlandet og Øyi. Med den eine Foten vilde eg stiga ut paa Bergkletten, men staup paa Hovudet ut i ville Havet, daa Tofla hadde vortet sitjande att paa den andre Foten.
 
Eg frelste meg likvel or Faaren, men det var udømeleg kaldt, og det hjelpte ikkje, at eg tok Spranget plent til den libyske Øydemorki 2) til aa turka meg i Soli. For daa eg kom dit, var det uhorveleg varmt, og Feber tok til aa sjoda gjenom Aadrerna; sjuk og ørsk tumlade eg nordetter att. Ved aa laupa fraa Vest til Aust, og fraa Aust til Vest og halda meg snart i Dagen og Sumaren, snart i Notti og Vetren meinte eg aa kunna driva Febersotti veg; men alt det, eg gjorde, var faafengt. Eg veit ikkje, kor lengje eg tumlade umkring paa Jordi soleids – eg kjende med Gruv, at eg heldt paa aa missa Samlingi, og Ulukka vilde attaat, at eg i det uvarlege Lauv trod ein Mann paa Foten. Det maatte hava gjort honom vondt; han vardt vreid, gav meg ein Dytt og eg datt ikoll.
 
Daa eg raknade med meg att, laag eg kvæmt i ei god Seng, som stod i ein stor, velbudd Sal millom ein Fjølde av Sengjer. Det sat eit Kvende ved Hovud-Enden av Sengi, og det gjekk Menneskjur gjenom Salen fraa den eine Sengji til den andre. Dei kom ogso aat mi og rødde um meg. Dei kallade meg Numer Tolv, men paa Veggen ved Fot-Enden stad tydelegt – det var evlaust – paa ei svart Marmortavla skrivet med store Gullbokstavar mitt Namn
 
PETER SCHLEMIHL.
 
Paa Tavla stad enno under Namnet tvo Rader Skrift; men eg hadde ikkje Megn nog til daa aa leggja Bokstavarne saman; eg let difyr att Augo paa nytt. -
 
1)  Elefanttenner= Elfenbein.
2) I Afrika.
 
 

 

Frå Fedraheimen 17.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum