Kristiania, den 16de Juli 1878.

 
Uppstyret i Oslo. Det er no avsagt Dom av Byretten mot dei, som var med i Uppstyret i Oslo i Vaar; Tvo er dømde til Vatn og Braud (10 og 5 Dagar), og Tvol til ei Pengebot paa 20 Kronur.
 
General Grant, Præsident hev voret i dei samfeste Statar i Nordamerika, kom her Laurdagen den 13de Juli. No er han paa ei Ferd til Krokkleivi paa Ringerike; derifraa tek han til Kongsberg og Telemarki. Um Torsdagen, naar Kongen kjem vil han vera her i Byen att.
 
Høyavlen herikring skal vera reint utor Takstren rik, so rik at Folk er i Beit fyr Hus aat alt. Høyprisarne er i Nedgang, og dei er no paa Torget Kr. 3,20 fyr gamalt Høy og Kr. 6,40 fyr nytt; derimot er Prisarne paa Mjølkekyr i Uppgang.
 
Fraa Innherad er skrivet til Dagbladet, at Veeret i Sumar hev voret so kaldt og turrt, at Aakeren stend langt tilbake, og at Engi er so godt som øydelagd allstad, som ikkje Jordi er av fyrste Slag.
 
Ikring Hamar er Slaatten i full Gang, og Høyaaret maa visst reknast til nokolite yver eit Midelsaar. (Opl. Avis).
 
I Sogn skal Aarvegen vera uvanleg langt framme. Derimot teknar Fruktaaret mindre godt fyr Skuld nokre Kaldveersdagar, som fall inn nett som Blomarne skulde knyta seg.
 
Mord i Hamburg. Ein Smaagut, Son aat den norskfødde Kaupmann Blom vart nyleg myrdat paa Heimvegen fraa Skulen, etter at Mordaren, ser det ut til, fyrst hev faret aat paa ein ovstygg Maate med honom. Liket er funnet grysjeleg tilreidt med 16 Styngjer i Bringa og eit djupt Snid i Halsen. Mistenkt og fastsett er ein 21 Aar gamall Bakarsvein, som fyrr hev voret straffat 4 Gonger fyr grov Usedugskap.
 
Ein Mormonflokk skal vera ventande til Fredriksstad. Det hev voret lydt etter Hus aat "de sidste Dages Hellige". Deira Fyreloga fyr Dagen skal vera: 1) Aa ganga umkring Staden med Salmesang og Bøn, liksom Jødarne i gamle Dagar um Murarne aat Jeriko. 2) Preika. 3) Engledansen. Profeten skal alt vera i Byen og han er sedd paa Vegen til Kristianslund, der han truleg skal av aa døypa, er det fortalt i "Fr. Tilskuer".
 
Elgenhev fleire Gonger i Sumar vist seg like ved Hovudstadens Grensur, og det hev jamvel hendt, at han hev vaagat seg innanfyr.
 
Storthingsmann Storsteen vart, daa han kom heim att fraa Storthinget, møtt i Haugesund av nokre Medlemer av Heradsstyret og andre Vener, som flidde honom eit stort og gildt Gullurkjede med Medaljon til Takk fyr hans Verksemd fyr Heradet, Torvestad.
 
Bilæte av Ole Vig, teiknat av Kandidat Fosterud, den same som fyrr hev teiknat Sverdrup, Daae, Lindemann, Hærem og Fleire, er i desse Dagar utkomet i Lithografi og kostar 2 Kr.
 

 

Frå Fedraheimen 17.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum