Peter Schlemihl.

 
[Del 17 av 19. Fyrste delen.]
 
(Etter Chamisso ved Andr. Hølaas.)
                                
Framhald.
 
Tunglynd og hugbroten gjekk eg min Veg aaleine. Eg heldt meg i den døkkaste Skogen og maatte mangein Gong venta i Timar paa, at Soli skulde glada, fyrr eg kunde vaaga meg yver ei Flata. Um Kvelden tok eg Herbyrge i Landsbyarne. Eg tenkte meg eigenleg til eit Bergverk, som laag langt burte; der vonade eg aa finna Arbeid under Jordi. For paa Jordi hadde eg litet aa gjera, og eg trong um aa arbeida, baade til Livemaaten og til aa verja meg mot Tunglynde.
               
Eit par Regndagar gav meg Høve til aa koma skjott fram, men dette tok paa Styvlarne. Dei, og allvisst Solarne, var gjorde aat Greive Peter og ikkje aat ein Fotgangar, som tok skogleides i Regnvedr. Eg gjekk difyr mest berrføtt og maatte hava meg eit Par nye Styvlar. Den tridje Morgonen gjekk eg med stor Aalvora inn i ei Bud i ein Landsby, der det var Marknad, aat ein Skomakargut, som handlade med baade nytt og gamalt Fotty. Eg saag meg vel fyre. Eit par nye Styvlar, som eg hadde stor Lyst paa, var meg for dyre; eg valde eit Par brukte, som likvel endaa var gode og sterke, og som den fagre, ljoshærde Guten, som passade Budi, selde meg for rimeleg Pris, med di han mylte venleg aat meg og ynskte meg Lukka paa Ferdi.
               
Eg tok Styvlarne strakst paa, sagde Farvel og heldt Ferdi fram. Vegen gjekk imot Nord.
               
Eg gjekk og grundade yver Mangt og Myket og gav ikkje Gaum etter, kor det bar av; eg tenkte paa Bergverket, som eg vonade aa naa til Kvelds, og paa den myrke Framtidi under Jordi. Men eg hadde ikkje gjenget langt, knapt tvo hundrad Stig, fyrr eg merkte, at eg var komen utor Vegen; eg maatte difyr sjaa meg umkring: eg var midt inne i ein aud, ørgamall Fureskog, som det tottest aldri aa hava voret Øks i. Eg gjekk enno nokre Stig fram, og no var eg midt inne i ei Fjellmark, der det voks berre Mose og Bergsildre 1), og der det laag Snjo- og Isbredar rundt ikring paa alle Leider.
 
Det var ovkaldt i Lufti. Enno nokre Stig, og Berget bak Ryggen min var kvorvet. So atter nokre Stig – og eg stod midt upp aa ein Isbrede, som det ikkje tottest vera Ende paa: inkje Liv korkje av Dyr elder Vokstrar aa sjaa; eg kunde likvel ikkje sjaa so rett langt, daa det laag tjukk Dimma yver Landskapet; Soli stod blodraud i Himmelleitet, Kulden var utolleg. Eg kunde ikkje skyna, korleids det var med meg. Den gjenomtrengjande, isnande Kulden tvingade meg til aa skynda paa. Eg høyrde Vatn fossa elder strøyma langt burte.
Berre eit Stig, og eg var ved den islagde Strondi aat eit Hav, fyllt med Isberg. Ei uhorvelig Mengd av Selar vardt uppskræmde og støypte seg ut i Havet. Eg tok nokre Fet langs med Strondi og saag paa nytt nakne Berg, Land, Bjørke- og Fureskog. So gjekk eg nokre Minuttar rett fram, og no var det kjøvande heitt att. Eg sperrade Augo paa vid Vegg og saag meg lengje umkverves: det var inkje Annat aa sjaa enn fagre Risaakrar, Morbærtre og smaae Hyttur. Eg sette meg i Skuggen aat eit Morbærtre og saag paa Klokka: det var berre eit Kvarter, sidan eg gjekk fraa Marknadsbudi. Eg tok til aa tenkja, at eg drøymde, og beit meg i Tunga til aa faa meg vaken, men kom snart etter, at eg var ljos-vaken. Eg let att Augo til betre aa samna Tankarne. Eg høyrde Tale i Naandi, det var inkje evropeiskt Maal, det var lett aa høyra paa dei einstavde Ordi, framsagde gjenom Nasen. Eg slo Augo upp paa nytt: tvo Kinesarar, audkjende paa deira Andletsdrag og Haarpiskar, endaa um eg ikkje tok nokot Avsyn paa deira Klædebunad, stod ljos-livande fyre meg og helsade meg – kunde eg tenkja – i deira eiget Maal og etter den Sed, som høyrde deira Land til. Eg stod upp, og trod tvo Stig attende til aa svara Helsingi deira, men eg saag deim ikkje meir; Landskapet var heilt umbrigdt: Tre, Skogar i Staden fyr Risaakrar. Eg saag vel paa dei Tre, Buskar og Plentur, som voks der; dei, eg kjende, visste eg høyrde heime i det sydaustlege Asia. Eg vilde ganga burt aat eit stort, ovgildt Tre, eit Stig, og Alt var paa nytt umbrøytt. Liksom eit Ungmenne, som tek Øving til Krigstenesta, tok eg til aa mæta mine Stig og setja den eine Foten framum den andre med stor Varhygd, langsomt og avmætt. Likvel var det fyr kvart det, eg tok, andre Land og atter andre Land, Engjer, Marker, Aaer, Berg, Steppur, Sandøydemorker, Skogar, som trod fram fyr mitt undrande Auga; det var evlaust, at eg hadde fengjet Sjaumilsstyvlar paa Føterne.
 
X.
 
Med rørt Hjarta fall eg paa mine Kne og takkade Gud fyr, kvat Han hadde gjevet meg – for no laag Framtidi fyr meg klaar og ljos. Ved eigi Skuld utstøytt fraa menneskjelegt Selskap fekk eg i Utbyte Naturi, Naturi, som eg altid hadde elskat, og som no laag fyr meg i sin heile Storleik og Fagerdom; Jordi hadde voret meg ein rik, givmild Hage, der eg kunde granska og rannsaka etter min eigen Hug, og igjenom detta styrkja mi Livskraft og fremja Vitenskapen etter dei Emne, eg hadde. Det var ikkje ein Flogtanke, detta. Eg hev sidan trufast med still, streng, trottug Idn strævat etter aa trengja inn i dei Løynder, som eg daa saag liggja fyr meg, og eg er nøgd med det, eg hev fengjet utført: det ligg ikkje nett so langt attanfyr det, eg sette meg fyre.
               
Eg stod upp att og lagde strakst ein Plan fyr mitt Livsarbeid. – Eg stod paa Høgdi av Tidet, og Soli, som eg hadde sett renna fyr nokre Timar sidan, var alt ved aa glada; eg gjekk tvert yver Asia fraa Aust til Vest, naadde lett att Soli i hennar Laup, og trod inn i Afrika. Der tok eg meg Kvild eit Bil og saag meg kring paa alle Leider med Varhygd og Forvitenskap. Eg gjekk uppyver Egypten til aa sjaa dei gamle Pyramider og Tempel, og paa denne Ferdi fekk eg ikkje langt fraa Theden, Byen med dei hundrad Portar, sjaa dei Holur, som kristne Einbuarar i gamle Dagar livde heile sitt Liv i, og strakst gjekk det upp fyr meg: her er Ditt Hus. – Eg valde ei av dei Holur, som laag lengst burte, til Bustad fyr Framtidi, naar eg vilde kvila; ho var stor, kvæm og ukjømd fyr Sjakalar og andre Villdyr. Men eg hadde ikkje Tid til aa stadna no.
               
Ved Herkulessulurna (Gibraltar) trod eg yver til Europa og saag meg um i alle Land der fraa Sud til Nord; fraa det nordlegaste Europa var det eit Stig til Asia. Fraa den nordøystre Luten av Asia steig eg yver Polarisen til Grønland og derifraa til Amerika, og eg for yver baade Deilder av detta Fastland, men Vetren, som herskade i Sud, dreiv meg skjott attende fraa Cap Horn og Eldlandet til Nordamerika.       
 
1) Saxifraga, "Stenbræk."
 
 

 

Frå Fedraheimen 13.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum