Lærarpostar.

 
Klokkarp. ved Gransherad Hovudkyrkja saman med Fyrstelærarp. ved Klokkargardens faste Skule i Gransherad, øvre Telemarki. Klokkartoll 4 Tunnur Bygg, uvisse Inntekter ikr. 60 Kr. Paa Klokkargarden er avlat 16 Tun. Poteter og 5-6 T. Bygg, og født 2 Kjyr og 4-6 Sauder; men det gjeng fraa ½- 3/ 4 Maal dyrkad Jord, som Andrelæraren fær bruka. Fritt Hus med Kjøk, som Andrelæraren hev Aatgang til. 24 Vikur i den øvste av dei 3 Avdeilder, Skulen hev. Løn 8 Kr. umframt Statstillegg, Kostp. Kr. 5,60 fyr Vika. Læraren maa finna seg i, at Skuletidi vert lengre, aa taka Undervisningi i Eftaskulen, og halda Sumaryverhøyringar annankvar Sundag, det sidste utan Betaling. Søknad til Kristianssands Bisp um Klokkarposten og til Stiftsd. um Lærarp. gjenom Gransherads Skulekom. innan 6 Vikur fraa 4 Juli.
 
- Andrelærarp. ved ein av Amtsskularne i Kristians Amt, fraa 1ste Oktober. Løni er 1200 Kr. fyr Guteskulen, som varer 30 til 34 Vikur, og 250 Kr, fyr Gjenteskule i 12 til 13 Vikur, um han kjem i Gang, og det vil han venteleg jamnast gjera. 25 til 30 Timar um Vika. Uppslagsfrest 4 Maanadar. Næste Kursus vert venteleg i sydre Aurdal. Søknad um Posten kann sendast til Skuledirektør O. E. Holck, Hamar, til midt i August; hjaa honom er aa faa Plan fyr Amtsskularne i Kristians Amt.
 

 

Frå Fedraheimen 13.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum