Fraa Synnfjord.

 
(Ei gomol Kona fortel um sine i Røynslur Maalvegen).
 
Dei bruka no maangt bære Prestagjell imyljo. Bære ein kjeme inn te Bygstad, so seie dei "oge" istanfyr "og"; kven ska ha haart slikt? dæ æ so mykje rart. Aa ja! dæ æ no so simpelt dette Synnfjorsspraake; eg meina eg fekk hoyre da, daa eg va i Byn. Eg he tent elleve Aar i Byn, eg – ja he eg ikkje da daa! – eg vilde ha fylt ei Frue inn te Kristiania og, men da vilde ikkje han Karsten, da va so laangt, aa eg kunde liggje dø, aa han visste 'kje noke um da'. Aa nei, aa nei, daa eg tente hos hinne Madame Mo kor aatkjende eg vart fyr da eg talde so simpelt. Eg skulde seie "ha" aa inkje "he" aa meir slikt. Da va eingaang dei stygge Gutunganne gjekk ut aa vætte seg i Rigna, nett daa eg hadde skipt paa dei. Daa dei kom inn atte, seie eg dette: "Nei he de no vætt doke ut no, daa eg nett he skipt Skjorte paa doke". Daa begynde dei te læ, aa seie: "Nilske hun siger "hæ"! aa dar for dei te Mora aa sta klage meg. Istanfyre te tukte Gutanne kjeme ho aa skjende paa meg, so lot Bonna høyre slike simple Or so "he" aa "skipte", ho hadde ju sagt da maanga Reise, at eg skulde seie "ha". Ditte va altfor gale, men eg va ikkje jamt go te hugse at eg skulde gløyme Maale mitt. Ho sa no jamt da, at me Synnfjoringa va so "dumme" me kunde ikkje telje te tre, men eg hadde no telt baade te tre aa fire, fyrr eg saag hinne. Ditte va eg no vande me, men dinne Reisa, daa ho vart so sinte fyr eg sa "skipte", daa vart eg fortrædige aa sa, at kunde da staa "skipte" i Lidelses-Historia, so ho væl visste dar gjore, kunde sagte eg seie at Gutanne "skipte" Skjorte. Kunde "skipte" staa i Bibela, so va da ikkje simpelt. "Dar fekk du ditt!" sa Mannen, so sto haarde paa, han va ein vitige Manne aa vilde dængje opp Gutunganne. Aa ja, eg maatte prøve lære Bymaal, men eg lærde aldre seie "ha".
 

 

Frå Fedraheimen 13.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum