Øysterdalen

 
er litti kjend i Turistverdi. Og kjem Ein nokot vest i Bygdom, so era Folk mest lika vise, kor det er. "Det ber væl inn i Sverike det, Von", er det Mange som hava sagt, naar eg hev fortalt, at eg var fraa Øysterdalen. "Jaso, so du er fraa Australien, du," sagde ein Telemarking aat meg; "aa ja, det raklar nok mange langfarande Folk her, men du ser daa mest ut som andre Folk du; eg tenkte dei vaaro berre svarte der eg." Han kjende Australia han, men Øysterdalen visste han ikkje Dusti um. Og dei som kjenna Namnet og vita so vidt, kvat Leid det ber paa, dei tru no, det er berre svarte Skogen all Vegen her. Aa De skulde sjaa hit uppgjenom au, Folk, so skulde De nok faa sjaa baade fine Bygder og høge Fjell, og Skogen, Gut, store Furuskogar, Mo etter Mo, liksom store Sjøar aa sjaa til, naar du kjem nokot uppifraa, og ser utyver Tretopparne, mest so langt du kann øygna. Og no er det det, at det er so lettvinnt aa koma hit. Naar du tek med Rørosbanen uppetter fraa Kristiania og løyser Billet til Vesle (Lille)elvedalen elder Tynnset, so kjem du beint upp i Øysterdalen andre Dags Morgon. Og er det daa so, du berre vil gjera deg ein Sveiv til Fjells som aller snøggast, berre fyr aa draga frisk Luft, so veit eg ingen Stad so lugum no, og er det so du er hugad til aa fara lenger, so kann du sleppa deg ned att kor du synest, anten du vil nordetter, so er det svært beint aa koma nedi Uppdal, og vil du vestetter, er det det, - so kann du reika Tinda-millom fraa Snjohætta nord og vest burtgjenom, radt til du braasøkkjer deg ned aat Fjordom, elder du kann fylgja Vasskilet burtetter og ganga turrskodd, radt til du kjem aat Sætisdalen, ovanmed alle Elvar og Bekkjer (aa nei, det er sannt, du lyt nok yver Lesjaverksvatnet, for det renn aat baae Leider), og so finnst det no mest ikkje den Bygd i Gudbrandsdalen, annat du kann sleppa deg ned. Ja kor er det væl Ein ikkje kann koma fraa Øysterdalen naar Ein steller seg rett? eg vil no ikkje snakka um Sverike, for hellest kunde De tru, at det var reint for nære; men det er langt burtgjenom dit, berre Fjell i Fjell og endaa Fjell heilt innum Lina; Ein ser, dei dregla seg austgjenom alt til dei koma burt i blaae Lufti.
 
No skal eg gjeva nokre Rettleidingar fyr Folk, som vilja reisa her, lye no væl etter. Amtskart og Kompas hev no kvar Turist med seg. Men no skal eg segja Dykk, Karar, kva De skal gjera med dei Greidur. Kartet skal Du leggja ned paa Skreppebotten, so du ikkje kann finna det att i ei Snarvending, og Kompasen skal du stinga langt ned i ei gomol Broklumma, der du hev fullt av andre Slag, so naar du skal hava fram Kompasen, fær du 'ti Tobakrullen, og dermed sveiver du deg av ei dugeleg Skraa, og so gjeng du berre beint fram etter Nasen og dit eiget Vit. For eg veit det, naar eg hev set paa Kart og Kompas ved kvar Bekk og kvar Kuraak, som gjekk av upp i Marki, so var eg vissar enn aldri det, paa at eg kom nettupp dit, eg ikkje vilde. Gakk Du berre beint fram, du, og bry deg aldri det Slag um Vegen, so tek du honom aller best. For kjære deg daa, um du ikkje kjem nettupp dit, du helst hadde tenkt deg, so kjem du daa einkvar Staden av, veit eg, og kven veit, um det ikkje er likaso fint der, og um du no kjem til aa ganga framum ei Sæter, der du hadde tenkt aa matkvila, so er det daa ikkje verre med deg, um du misser eit Maal; du kann eta so mykje meir paa den næste; og du svelt ikkje ihel i Øysterdalen, det skal eg lova deg, for det er so her, koma kann Ein kor Ein vil, Sætrar er det mest all Stad, og det skulde daa vera forsett lell, um du ikkje skulde faa iminsto ein Drykk Mjølk, kor du kjem. Du skal kasta fraa deg alle Byhaattar, naar du kjem hit, maavita, alle Dagrekningar og Timerekningar og Milrekningar og Matrekningar og alle Slags Rekningar, som Byfolk fara fram med, naar dei era til Fjells. Legg du berre i Vegen og stikk Kaffekjetelen i Skreppa; - huttetu, kor han hev voret meg til Hugnad mang ein Gong; Kaffeyrke finn du all Stad, du kann liggja uppaa dei høgste Toppom all Dagen og kosa deg med ein Kaffeskvett; for Reinsmosen brenn som Knusk, naar han er er nokot-litet turr. Det er desse tvo Ting, som er krevjande av ein Fjellmann: Han skal slaa sin Lit til "Svart-Lars" og hellest vera lika sæl. Det er det same um Ein er "lat", so det er nettupp Ein kjem uppetter Lidi; hev Ein rette "Fantegjerdi", rette Reikarhaatten, so vaagar eg Karen lell, um han er aldri so beinbroten med det same han kjem ovan "Vedbandet"; naar det tek til aa gusta Fjell og ljosna frametter Viddi, so meiner eg Ein fær Føter innunder seg. Det er so skirt og blankt daa ingjenom; berre kvite Mosen ser du, og so grønest det so vænt paa Sætervangom uppetter Hallom, so du kunde tru, det var Gardar. Eg veit ikkje nokot fagrare enn aa liggja uppe i Fjellsida ein Klaarversdag; du skulde aldri sett, kor det glitrar og glansar burtetter Moserabbom; Soli speglar seg i Smaatjønnom, det giddrar i Lufti, kor du ser, og Mosen er mjuk som Silke og Fløyel.
 
 

 

Frå Fedraheimen 13.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum