Utlandet.

 
Landmerki fyr det nye sjølvstenddige Fyrstedøme Bulgaria er fastsette soleids: Deilet fylgjer Serbia i Vest, gjeng sudetter gjenom Timokdalen til Belgradsjik, derifraa gjenom Starasletti og burtetter til Rodopefjelli. Det skjer Fjelli so langt som til Tatar Basardsjik, stig so braadt mot Nord til Etropol (medreiknat) og fylgjer Balkan til Kamtsjikelvi, som fell ut i Svarthavet sunnanfyr Varna. Etter Strondi gjeng Skilet so langt som til Mangalia, derifraa til Rassova ved Donau og vidare langs etter Elvi. Sofia og Varna vert soleids bulgariske Byar. "Nord. Allg. Zeit." trur, at Turkarne fyrst vil føra sine Herfolk fraa Sjumla til Varna og at so Garmisonarne fraa baade Byar skal verta innskipade til Konstantinopel; andre Tidender gjeng ut paa, at Porten framleids stertar imot aa røma Festningarne, og at han ogso gjer Motlegg mot aa avlata Sofia og mot, at ein bulgarisk Folkeher vert tilskipad, og imot det, at det skal vera forbodet aa leggja turkiske Garnisonar i Austrumelia (det nye Namnet paa det sudbulgariske Underrike). I det heile er det haldet fyr ei stor Ettergift til Ryssland dette, at Sofia og Landskapet, som høyrer til, vert lagde til Bulgaria. Fraa Wien er det skrivet, at dei held denne Avgjerdi so vigtug, at ho gjer Portens Rett til aa halda Balkanskardi hersette reint faanyttug. Times jattar ogso det, at den nye turkiske Forsvarslina veiknar nokot i Aust (ved Varna) og i Vest (ved Sofia), men i alle Tilfelle er det lettare aa styrkja desse veike Flekkjerne enn aa halda den lange Donaulina. – Tidendi um at alle Festningar ved Donau og i Bulgaria skulde leggjast ned, er sannad fraa Konstantinopel. Fyrsten av Bulgaria meiner dei skal verta teken or ei innfødd kristen Storætt. Landshøvdingen i Austrumelia skal vera ein kristen Undersaatt, som vert vald av Porten og stadfest av Magterne.
 
Etter at det bulgariske Spursmaal er greit, hev Kongressen teket Fat paa Montenegro og Serbia, deira Landemerki og Stelling, so vel som Bosnia og Hersegovina. Desse tvo Landskapi skal no Austrike hersetja med Kongressens Samtykkje og Fullmagt. Austrike skal hava 80000 Mann standande ferduge til aa draga avstad. Serbia og Montenegro, meiner dei, skal koma under Austrikes Yverraad paa ein Maate elder annan.
 
Den spanske Dronning, Maria de las Mercedes, døydde den 26de Juni. Ho var berre 18 Aar gamall og hadde voret gift i 5 Maanadarmed Systkjenbarnet sitt, den unge Kong Alfons. Ho var sjuk i Trivikor; men i Fyrstningi lagde ikkje Lækjararne stort lag paa det, for ho var med Barn; fyrst sidst i fyrre Vika vart Tilstandet faarlegt, daa det kom "gastrisk Feber" attaat. Hennar Burtgang hev vekkt stor Medhug. I Thingi tolkad Formennerne den aalmennelege Sorg yver Tapet, og det vart samrøistes vedteket aa setja upp Møti til seinare.
 

 

Frå Fedraheimen 03.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum