Skule og Upplysning.

 
Aalmannskularne i Berlin. (Brev).
 
Fyr oss, som hev vaar sanne Fyreloga fyr Framtidi i det at faa vaar Folkeskule upp, kann det fulla og vera forvitnelegt aa sjaa, korleids Folkeskularne i andre Land hev vakset upp til det, dei er. Tyskland, det er no sjølve Skule-Landet; fyr det hev det alt lenge voret kjennt; og just no, daa dei myrke Umstøytsmagter, drivne fram av Naud og Armod, hev strekkt sine Armar ut djervare enn nokon Gong, vil det vera Umaken verdt aa sjaa paa Skularne her nokot næmare ved. For dei vert nøydde, til aa forsvara sitt Rom. Her som andre Stader hev dei Frilyndte og Atterhaldsmennerne slegest um Skularne; i dei sidste Aar hev dei Frilyndte styrt Framvokstren, og det vantar no ikkje Røyster, som gjev deim og serleg deira Skulestell Skuldi fyr Socialdemakratiet. Fyrr vert ikkje den gamle "Tugt og Age" innførd, meiner slike Folk, fyrr enn Skularne vert lagde i Henderne paa Prestarne att og Lærdomen vert innsnøypt til Trulæra og dei allra naudsynlegaste borgarlege Kunnskapar. Dei Frilyndte set nettupp si Lit til Skularne; dei vonar, det vil røyna seg, at Upplysningi vert ei Styd under den jamne Framvokster; og dei kann so mykje hugheilare hava den Voni, fyrdi dei, som hev fenget si Upplæring etter frilynde Grunnsetningar, berre so vidt er utor Barneaarom komme; Stridsmennerne fyr Socialdemakratiet, dei er uppalne i den gamle Tugt og Age, daa Natturvitenskap, Soga, Bokkunna og alt Slikt var forbodne Frukter.
 
I eit seinare Stykkje vil eg taka meg fyre aa sjaa paa den indre Skipnaden aat Aalmannskularne, Læregreinerne, Læremaaten o. s. fr.; fyr idag vil me nøgjast med aa gjeva eit Bilæte av den ytre Skipnaden aat Skularne, serleg Berlinskularne, som i det heile kann ganga fyr Mynster fyr dei hina.
 
Skulestellet i ein større Stad veld mykje større Bry og Stræv enn i ein mindre; dette gjeld so mykje meir i Berlin, fyrdi Staden sjølv hev gjenget so utor Maaten skjott fram; aa faa Skulestellet til aa fylgja denne Framgangen hev kravt stor Umsyn hjaa dei førande Menn. I 1826 hadde Staden ¼ Million Ibuarar, i 1860 ein halv; etter den Tidi hev Staden voret i bisneleg Veksing; kvart tridje til fjorde Aar hev vist ein Tilvokster paa 100000 Ibuarar, og den fulle Million naadde Staden ved Utgangen av Fjoraaret. Denne snare Framvokstren hev sjølvsagt dreget etter seg store Kostnadar paa alle Leider; men Skularne hev ikkje vortet attsette fyr Gatur, Kanalar og Hagar. Fyrste Steget til aa faa umvølt Stadsskulestellet vart gjort i 1826. Fyrr hadde ei Nemnd samansett av Prestmenn, Skulemenn og byvalde Umbodsmenn Tilsynet med Skularne, men berre reint utvertes. Læreplan, Lærebøker, Lærarar og Skulerom hadde Skulefyrestandararne fritt Val av. No vart det ein sakkunnug Medlem av Stadsøverheiti, som skulde ganga igjenom Skulesakerne og leggja deim til Rettes, og i 1829 kom Skuleraadet i Stand fyr det meste med det same Umbod, som det no hev. Raadet er samansett av Medlemer utav Stadsøverheiti og Formannskapet og av Borgarutsendingar, som Formannskapet vel. No sit i Raadet 6 Medlemer av Stadsøverheiti, 12 Formenn og 11 Borgarutsendingar; dessutan som kongelege Nemndemenn Berlins Superintendantar og som Maalsmann fyr den katholske Folkeskule Prosten ved Hedwigskyrkja.
 
Skularne var fraa fyrsto Fatigskular. I 1825 var der 7 Fatigskular med 1000 Born. I Tidi utyver til 1847 vart det reist 14 nye Skular (med 8 Klassur paa 75 Born) og i 1837 gjekk heile Styringi av Skularne fraa Fatigstjorni yver til Skuleraadet. Men det var ikkje nok aa auka Talet paa Skularne; det trongst meir Arbeid til aa føra Tilsyn med Skulesøkningi og faa Tak i dei skulelause Born. Til det Endemaal vart i 1845 Skulenemnderne tilskipade. Staden vart daa deilt i 33 Nemndekrinsar; no er det 88, og fyr kvar av deim vel Formannskapet ei Nemnd, som stend under ein Fyrestandar. Aat denne meller Skulestyrararne dei Skuleforsømingar, som det ikkje er gjort Greida fyr; han deiler deim ut imillom Nemndemennerne, og dei granskar sjølve kvart einskilt Tilfelle paa Heimstaden, tel fyr Folk og aatvarar og, naar det trengst, trugar med Refsing. Hjelp det ikkje, so vert dei mellte aat Skuleraadet; fraa dette er det Aatgang til aa skjota til Stadsøverheiti. Heile Stellet ligg altso i Henderne paa Borgarne sjølve.
 
Samstundes vart Skulen gjort til Kommunalskule; for det var ikkje Fatigborn berre, som søkte Skulen. Det maatte snart verta fleire av skularne, og til 1869 steig Talet til 50. I Sluten av det Aaret vart det avgjort, at det ikkje skulde leggjast Skulepengar, og Kommunalskulen vart Aalmannskule. Dette var ei vigtug Avgjerd; for i det same som dei tok ved aa lata Kostnaden til Aalmugeskulen koma inn i Skatt, tok dei og paa seg aa skapa so mange og so gode Skular, at det vart gjort alle Krav Fullnad. Med denne Umgjerdi voks og Arbeidet aat Skulenemnderne: dei fører inn i Skulelisturne dei Born, som er komne i den skulepligtige Alder, og flyt um deim, som skifter Bustad, og dei freistar aa faa med dei Born, som ikkje vert innmellte til Tidar av Foreldri. 1100 Menn syslar med denne Æreskylda.
 
I Tidi etter 1870 hev Talet paa Skularne vokset, so det er reint ei Bisn; kor mange det skal verta, det stend no berre paa Talet paa dei innmellte Born. Den 31te Mars i Aar vart den 100de Aalmeningsskulen opnad, og paa same Tidi fekk Hovudlærararne Tittelen "Rector". Sidan er det vedteket aa reisa 3 Skular til. For sosnart Skulepengarne vart avskaffade strøymde Borni fraa Privatskularne til dei offentlege Skularne (ein Deil av Privatskularne gjekk yver til offentlege Skular). Det er forvitnelegt aa sjaa, korleids det hev rettat seg etter Tidi med Yvergangen fraa Betalingsskularne (Gymnasia, Privatskular, høgre Gjenteskular o. s. fr.) til Aalmannskulen. I Aari 1870-71 øyktest Talet paa Aalmugeskuleborn med 12900; av desse var det 3500, som gjekk fraa Betalingsskularne; i Milliardaaret 1872 øyktest Aalmugeskuleborni berre med 900, dei betalande derimot med 1400; i Aari deretter stend Tilvokstren soleids: 1873 1500 betalande, 1700 Aalmugeskuleborn; 1874 280 og 3600; 1875 209 og 5100; 1876 981 og 5300. I det heile kjem Tilvokstren fyr Aalmugeskularne i denne Tid paa 20800; derav er ¾ aa reikna paa Folkeøykjingi og ¼ paa Yvergangen fraa Betalingsskularne.
 
Av dei 100 Skular, som no er i Gang, hev 85 eiget Hus, dei andre maa enno nøgja seg med leigde Rom. I dei sidste 13 Aar er det bygt 67 nye Skulehus, drustelege Byggnadar, og av desse i dei sidste 7 Aar 47. Me ser soleids, at dei og hev strævat med aa hevja Skulen utvertes.
 
Det sidste Steget i den ytre Tilskipingi er det aa nemna, at um Hausten 1877 vart Prestarne, som fyrr hadde ført Tilsynet fyr Kyrkjesamfundet, avløyste av Skuletilsynsmenn (Inspektørar); Staden vart bytt i 6 Skulekrinsar, kvar med ein Tilsynsmann, som er i stendigt Samkvæm med Skularne, og serleg med Lærararne, og som hev til Fyreloga aa baade syta fyr Skularne og standa hjelpande og rettleidande ved Sida aat Lærararne. Og til dette Arbeidet er det Naud paa aa hava Menn, som kann offra all si Tid paa det, fyrdi det og verkar imot den Ustøda som kunde koma inn i Læringi, av di at Lærarmannskapet jamt maa skifta.
 
Etter at me hev gjevet eit Rit af dei ytre Umstand ved dei Skular, som den allra største Hopen av Berlins Ungdom fær si Upplæring i, skal me i eit seinare Stykkje kasta eit Auga paa den indre Skipnaden.
 

 

Frå Fedraheimen 03.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum