Rispur.

 
Kjyrkja ve Bange. (Ei Seigdn ved H. E.) De va rae Taksten her i Vangssokn i eldgamale Ti, atte de dei skulde lauga se 'o Vøfremysseftan; men so gjekk de so te ei Gong, at tvo vørto osamse i Laugarhølke, o den eine stakk hin ihel. Daa vart han frelaus, men deme so va de Laav o Rett i dei Tien, at ingjin kunna gjera sleke noko, est dei vøro go fere rymme aav inni Kjyrkja, o han so gjorde; men daa vart Kjyrkja me frelaus, so ho laut nerivast aa byggjast upp att paa ein an Sta'. No tenkte dei se te fløta ho aaver paa Vennissue te ein Gard eite Leine. Oja, dei bygde og dei bygde, men o Netadn vart de ne at reve kor Grande. Detta toko dei so eit Teikn ifraa Gu, at han inkji vilde at Kyrkja skulde blia standandis der, o bøo trutt te hono, atte de han vilde syne dei, kor paa Lag han vilde, ho skulde setjast upp at. Ei Natt vart noko taa Timbre burte, o dei sette no ut te leite ette dei. Fyrst gjengo dei te Bergji der ho hadde standi før, sia føro dei Gard før Mann; men den Ti dei kom te Vange fønno dei kor einaste Tretero, dei hadde sakna. Der vart Kjyrkja bygd, o der stend ho enno.
 
Ein Mann fekk eingong høyra, at dei som bad fyr Eldskade fekk mange Pengar. So vilde hann brenna upp Huset sitt, fyr at han au kunde fara umkring aa be' fyr Eldskade. Men fyrst vilde han prøva, um det kunde svara seg. Han tok daa ei Reis rundt, og det gjekk svært godt; men so var det ein, som vilde vita, kor lenge det var, sidan Huset hans brann. "Aa," sa' han "her hev no inkje brunnet, men eg tenkte paa Onsdag elder Torsdag."
 
g.
 
Tvo gamle Kjeringar ventad eingong Presten heim til seg, og so sat dei og rødde um, kor gamle dei var. Alt det dei fekk ut var, at den eine var tri Aar eldre enn den andre. So kom Presten. Han spyr den, han tottest var eldst; "Kor gamall er du, Mor?" "Eg er eldre enn Skam," svarad ho Stakkar. "Aa du daa?" sa' Presten og vende seg til hi Kjeringi. "Eg er tri Aar eldre."
 
g.
 

 

Frå Fedraheimen 03.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum