Peter Schlemihl.

 
[Del 13 av 19]
 
(Etter Chamisso ved Andr. Hølaas.)  
 
Framhald.
 
Fottrakk og Vaabøn var dei fyrste Tonar, som naadde Øyrat, daa eg raknadest ved meg. Eg slo upp Augo, det var døkkt; men eg merkte, at eg endaa hadde det ufjelge Ufryskje ved mi Sida. "Er ikkje slikt aa bera seg som ei Kjering?" "Naar Ein hev sett seg nokot fyre, manne Ein seg upp og gange radleg til Verket, det er Manns Gjerd! Elder hev De tenkt Dykk um og vil helder - -?" Med Møda reis eg upp og saag tagall ikring meg. Det var sein Kveld, fraa det klaart upplyste Skogmeistarhuset klang høgtidleg Musik ut i Notti, gjekk att og fram i Gongerne i Hagen. Eit Par kom næmare og tok Plass paa den same Benken, som eg fyrr hadde setet paa. Dei rødde um Brudlaupet aat den rike Hr. Raskal og Dotteri i Huset og Vigsla, som hadde voret um Dagen. - Eg hadde nog.
 
Eg strauk med Handi Huldrekappa av Hovudet og saag ikkje meir den Ukjende. Stillt snøggade eg meg gjenom Buskarne yver Greive Peters Lauvverk til Utgangsporten. Men usynleg fylgde min Plaagar meg med Skjelling og Small. "Det er altso Takken, Ein fær, fyr aa hava gjort seg Møda med aa draga Umsut den heile Dag fyr ein Mannsling med so veike Nervur at han dett i Uvit fyr ingen Ting. Vel, Hr. Tverbløyg, fly De berre fraa meg, me er likvel uskiljande. De hev mitt Gull og eg Dykkar Skugge. Det gjev ikkje Ro aat nokon av oss. – Hev De nokot Sinn høyrt, at Skuggen hev gjevet Slepp paa Herren sin? Dykkar Skugge, som eg hev, dreg meg etter Dykk, til dess De tek honom til Naade atter og eg slepper honom. Det, som De hev forsømt aa gjera med friskt Mod og i rett Tid, maa De gjera seinare. Ein slepp ikkje fraa sin Lagnad." Han vardt ved aa røda; eg flaug det skjotaste eg vann, han fylgde etter og rødde haadsamt um Gull og Skugge. Eg fekk ikkje Ro til aa tenkja.
 
Gjenom folketome Gatur kavade eg meg fram aat det Huset, eg hadde butt i. Daa eg kom dit, hadde eg vandt fyr aa kjenna det att. Vindaugo var sundslegne, inkje Ljos brann, Hurderna stod attlæste, Tenestefolk var ikkje aa sjaa. Min usynlege Fylgjesvein tok i med ein høg Laatt. "Ja, ja, soleids gjeng det! Men Dykkar Bendel finn De vel heime. For han er nyst send heim so trøytt, at han vel sidan hev vardveitt Huset." Han log paa nytt. "Ja, han vil vel hava Sogur aa segja fraa! – Farvel daa! paa snart Attersyn."
 
Eg drog i Klokkestrengen; Ljos vart kveikt. Bendel spurde, kven det var, som ringde. Daa han fekk høyra, at det var eg, var det vandt han kunde styra si Gleda. Hurdi flaug upp, og me laag graatande i einannars Armor. Eg fann honom sprengd – iminsto magtstolen; mitt Haar hadde vortet heilt kvitt.
 
Gjenom dei aude og øydelagde Rom førde Bendel meg til ein Kleve, som likvel var urørd; han fekk det fyrstannt med aa taka fram Mat og Drykk, som me baade kunde turva; daa han var ferdug til aa setja seg, tok Graaten honom. Han fortalde, at han hadde fylgt og dengt den graaklædde, turre Skuggetjuven so lengje, at han hadde mist mine Spor og tømt sine Krafter. Etterat han hadde teket naudsynleg Kvild, og faafengt leitt etter meg eit Tak, vender han att til Byen. Daa han vel var framkomen, styrmde etter Uppmaning av Raskal ein Herkemuge til mitt Hus, slo ut Vindaugo, slo sund Speglar, Kjerald, Stolar, Bord og alt, som fannst. Soleids for dei aat mot meg, deira Velgjarar. Tenararne hadde teket ut. Politiet hadde gjort meg utlæg, fastsett 24 Timar fyr meg til aa tokka meg undan. Til det, som eg visste um Raskals Rikdom og Giftarmaal, hadde han enno myket aa leggja. Alt det, som hadde hendt meg, hadde gjengjet ut fraa Raskal; Kjeltringen maatte hava kjendt mi Løynd fraa Upphavet, fest seg hjaa meg berre til aa faa Fat paa mitt Gull og visst aa skaffa seg Lykjel til den Pengekista, som han no ikkje brydde seg um aa taka meir or.
 
Alt detta fortalde Bendel og gret attaat mest av Sorg, men ogso av Gleda yver, at eg var attkomen, og at eg tottest taka Saki med Ro. Eg saag mi Uhemja kjempestor og ubrigdeleg fyre meg, men eg hadde tømt Taarekjelda, Ulukka kunde ikkje meir tvinga fram nokot Skrik fraa mi Bringa, eg gjekk henn til Møtet kald og hard med bert Hovud.
 
"Bendel", sagde eg, "Du kjenner min Lagnad. Den Straff, som ligg yver meg, hev eg sjølv fortent. Men Du, som er skuldlaus, skal ikkje lenger binda Din Skipnad til min; det vil eg ikkje. Eg reiser burt enno i Nott; sadla meg ein Hest, eg rid aaleine; Du verdt her, eg vil det. Det maa enno vera nokre Kistur med Gull her; tak deim til Deg! Eg lyt ganga ut i Verdi aaleine og reisa um fraa Stad til Stad som ein annan Jerusalems Skomakar. Men naar eg paa nytt fær ei god Stund, vil eg tenkja paa Deg; for eg hev ved Di trufaste Bringa graatet i so mangen tung Time."
 
Bendel tok detta hardla tungt, men eg var dauv fyr hans Bøn, blind fyr hans Taarar, og han maatte finna seg i det, som ikkje kunde vera onnorleids. Hesten leidde han fram. Eg trykte honom enno ein Gong inn til meg, sprang upp i Sadlen og reid burt i myrke Notti fraa den Staden, som hadde vortet mitt Livs Grav, likenøgd um, kvarhelst Hesten vilde bera meg; for eg hadde inkje Maal, inkje Ynskje, ingi Von meir paa Jordi.
 
VIII.
 
Det tok ikkje lang Tid, fyrr eg naadde att ein Fotgangar. Han gjekk fyrst tagall ved Sida av Hesten min. Men daa me hadde faret soleids eit Bil, og det saag ut til, at me baade skulde same Vegen, bad han meg um Løyve til aa leggja Kappa si upp aa Hesten. Eg svarade honom med Kurteise, at det vilde vera meg ei Gleda aa beina honom i detta. Han takkade, rosade Hesten min, og slo paa, at slike Dyr var ikkje til Faaings fyr Fjølden. Men det var hugnadsamt, meinte han, aa hava slike Hestar; den, som kunde raada seg til slike Dyr og slik Bunad, og som i det Heile hadde myket millom Hender, han kunde gjera myket godt i Verdi. Um detta Emne rødde han eit Bil med seg sjølv, eg berre lydde paa honom.
 
Han rødde um Mannalivet, um Heimen, um alt, som til er, og kom snart inn paa det, dei kallar Metafysik. Det galdt um, meinte han, aa finna Ordet, elder Formelen, som kann løysa alle Gaatur. Han sette ut ifraa kvartannat, klaart og greidt som det tottest, alle dei Uppgaavur, som var aa løysa, og hadde fyr alle Tilfelle Svar paa reide Hand.                                           
 
 

 

Frå Fedraheimen 03.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum