Notisar

 
Til Daniel Sæters Folkehøgskule hev Sydre Trondheims Amtsthing skotet til 600 Kr. paa det Vilkor, at Skulen fylgjer i det Store Amtsskulens Plan, og at Amtsnemndi fær Tilsynet og godkjenner Skuletarvendi, fyrr Skulen byrjar; Skulepengarne skal ikkje vera yver 4 Kr. um Maanaden.
 
Jarnvegen paa Jadren er mange Stader lagt yver Torvmyrar, med den Tanke, at det skulde vera rigtugt gildt Lende, men no veld dei slik Umak og Kostnad, at det ber reint utor. Størst Vande hev det voret med Skjevelandsmyri; ho ser ut til aa vera mest botnlaus. 40-50 Mann hev havt stendigt Arbeid i 5 Vikur med aa fylla henne, og 60 Jarnvegsvogner med Aur er dagleg tilførde; men endaa er det ikkje meir enn so vidt Vognskreidi kann ganga yver.
 
Ei stygg Gjerning skal ha hendt i Fane Prestegjeld eit Par Mil fraa Bergen. Ei Korkona paa ein av Kalandsgardarne hev voret burte sidan Torsdagen i Fyrrvika. 50 Mann hev leitt etter henne i ei heil Vika utan aa finna henne; derimot hev dei funnet tvo Dukar hennar, som var blodutte, og utpaa ein Odde i eit litet Vatn nokot av Klædi hennar. Ein Mann fraa same Staden er mistrudd fyr aa ha myrdat henne.
 
Etter den sterke Ylen, som hev voret ei Tid, hadde me um Laurdagen eit Toreveer, som det ikkje hev voret set Maken til paa lengje, og dertil eit dugelegt Regnbask. Det hev kolnat nokot i Veeret sidan.
 
Aarvegen. Det kalde regnutte Veeret, som var i Mai og Fyrsteluten av Juni, sette Vaarsædet mykje attende, men det hev no komet seg att. Fjorskornet hev vist seg betre til Saadkorn, enn Folk hadde trutt. Vettersædet er det mindre av iaar enn vanleg fyr Skuld den kalde og sivaate Hausten, me hadde ifjor. I det Heile stend Aakeren vakkert og er tidleg framme; men i ser teknar Engi godt. Jordepli er ogso langt til-seg-komne. Det er Von um ein god Aaring fyr so godt som heile Landet, berre Avlen kjem velbergad i Hus. - Likeins lyder Tidenderne fraa Sverik.
 

 

Frå Fedraheimen 03.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum