Notisar

 
Bjørnen er set paa Vestfjelli i Gausdal.
 
Miltbrand hev synt seg paa ein Gard i Smaaleni.
 
Det ser godt utmed Aaret i Thelemark.
 
Den norske Songarferdi til Paris. Syngjast skal: "Brudeferden i Hardanger (Kjerulf), "Dans" (Heise) "Olaf Tryggvason" (Reisiger), "Valdrisvise" (harmoniserad av Behrens), "Sætervise" (Ole Bull). Saman med Upsalasongararne syng dei: "Norges beste Værn og Fæste" (Kjerulf) og "Ja vi elsker dette Landet" (Nordraak). – Dei svenske syng: "Ångbåts-Sång" (V. Lindblad), "Necken" (Folkvisa) "Et Bondbrøllop" (Sødermann), "Hør oss Svea" (Wennerberg) "Vårsång"; saman med dei norske syng dei: ei Vikingsong av Hallstrøm og "Vårt Land" (Josephson).
 

 

Frå Fedraheimen 29.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum