Utlandet.

 
Dei meiner, at Kongressen kjem til aa halda paa hardla lenge. Med alle Avtal og Semjor vil det lett reisa seg nye Spursmaal og Stridsemne, som det vil lang Tid og mykje Umtal til aa greida. Men Bismarck skal vera fast meint paa aa føra Tingandet til ei fredleg Endelykt; det er ingi lett Fyreloga, men han hev god Von, heitest det. Bismarck vil gjerne kallast "den ærlege Midlar"; han er aldri den, som leikar med tvo Skjoldar – segjer han og Tyskararne imindsto – og han hev no ogso raadt dei tingande Utsendingar til aa ikkje ganga paa Reveklør men aa tala opet og i Trumaal med kvarandre og koma til Semjing sin imillom um dei einskilde Spursmaal, fyrr enn dei kjem under Dryfting og Avgjerd, som dei skal, paa Kongressen. Dei skal ogso vera komne eit Stykkje paa Vegen til Semjing baade Ryssland og England, og Ryssland og Austrike. Austrike vil vissa seg ei sterk Yverraad yver den vestre Luten av Balkanhalvøyi. Smaariki paa Halvøyi hev søkt um aa faa Aatgang til Kongressen. Grækland hev fenget Lovnad paa aa faa Tilfelle til aa bera upp Ynskje vedkomande dei græske Ser-Fyremaal. Framlag um detta var gjort serskilt av England og Frankrige men mest like eins av baade. Dei andre Magter gav sitt Samtykkje; berre Turkiet leet evsamt. Formannen skal avgjera, kvat fyr Møte Grækland skal hava Aatgang til. Dei andre Smaarike vert visst haldne utanfyr. Det skulde daa vera, um Stormagterne fann, at dei hadde mindre godt fyr aa neitta Rumænia Aatgang til aa tala si Sak imot Rysslands Krav paa Bessarabia. Den rumænske Regjeringi hev no sendt til sine Utsendingar i Utlandet ei Kunngjerd um, at ho er fast meint paa ikkje aa gjeva fraa seg ein Tume Land, um det vart bodet aldri so stor Betaling. Rumænia, heiter det seg i Sendebrevet, hev ein Her paa 60000 Mann, og heile Folket er reide til aa reisa seg til aa verja Landsens Fridom og Heilskap. Det synest aa ha voret like paa Bikken til, at dei ryske og dei rumænske Tropper skulde roket ihop. Ei rysk Herdeild drog fram og kom inn i nokre Landsbyar, som var sette med rumænske Hestfolk. Fyrst Karl av Rumænia kravde aa faa Greida av den ryske Herføraren, og lyste upp, at han vilde setja seg imot med Vaapenmagt, um Ryssen vilde freista paa aa ganga lenger fram. Generalen spurde seg fyre i St. Petersborg og vart tilsett aa ganga nokre Mil attende. Soleids er Faaren fyr ein Samanstøyt yver fyr ei Tid; men Spaningi er framleids sterk. I eit Telegram fraa Bukarest vert det sagt fyr visst, at Fyrst Karl ikkje vil gjeva etter fyr ei Kongressavgjerd men berre vika fyr Vaapenmagt; "dermed vil i alle Tilfelle Landsens Æra vera frelst."
 
Valrørsla hev alt byrjat i Tyskland. Dei ymse Parti hev sendt ut sine Valbrev.
 

 

Frå Fedraheimen 22.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum