Rispur.

 
"Kor gamall er du"? spurde dei ein Mann. "Eg er eit Aar eldre enn ifjor". "Ja kor gamall var du ifjor daa"? "Eit Aar yngre enn i Aar". "Ja men ko Tid vart du fødd daa"? "Eg vart fødd daa ho Mor trullad med meg". – Dei laut lita seg med detta.
 
Ein Konge foor framum ein Husmannsplass som het Huk. Her budde ei gomol Kjering, men ho skulde snart ut fraa Plassen sin. Daa ho høyrde, det var Kongen som kom, sprang ho ut og sette seg "paa Huk" i Vegakanten, bad So Kongen, um ho ikkje maatte faa sitja paa Huk all sin Dag. "Aa jau gjerna fyr meg", sagde Kongen. Kjeringi takkad det bedste ho kunde, men bad um ho ikkje maatte faa det skriftelegt; - jau, Kongen gav henne Brev paa, at ho skulde faa sitja paa Huk all sin Dag. – Sidan fekk Kjeringi hava Plassen sin!
 
Ein Bonde foor til Byen med ein Gris, som han selde, og so gav han seg til aa vasa og drikka, til dess han hadde drukket upp heile Griseverdet. Paa Heimvegen kom han innum Prestegardstunet; der møtte han Presten. "No", segjer Presten, "koss hev det gjenget med Reisa"? "Aa", svarad Bonden, "det eine Svinet hev drukket det andre upp, og so er det ikkje vandt aa vita, koss det hev gjenget med Reisa".
 
"Fatikskatten er ulik i Aar", sa' ei Kjering; "Some bitalar halvonnor Mark og some ei Mark og tolv, og some bitalar endaa uppetter til 36 Skjeling"!
 
"Hvad er din Fader"? spurde ein Sakførar ein liten Smaagut. "Han er krylruggjut", svarad Guten. "Ja men det lever han vel ikke av"? sa' Sakføraren. "Nei; men han døyr 'kje av det helder", meinte Guten.
 

 

Frå Fedraheimen 22.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum