Lysingar.

 
Ein Skulelærarpost er aa faa i Strømme og Henneseid Skulekredsar i Drangedal. Skuletidi er 24 Vikur um Aaret; Skulen vert halden paa Umgang millom berre faae Gardmenn, ofta paa 1 Stad heile Aaret. Skuletidi vert truleg snart paa-aukad med 3 Vikur. Dessutan lyt Læraren halda Skule 3 Vikur i Grannekredsen Ytre Vefald. Løn med Kostpengar Kr. 13,60 fyr Skulevika, umframt Statstilskot. Dessutan er der Tilføre til aa halda Kveldskule. Søkningar er aa retta til Kristianssands Stiftsdirektion og aa innsenda til Drangedals Skulekommission innan 6 Vikur fraa idag.
 
1878 13/ 6. J. F. Oberlin Jespersen, Sokneprest.
 
Turistar!
 
Til aa taka med i Skreppa:
1) Folkevisur i einskilde Viseark (4 Sidur). Desse er svært hendige aa hava med, baade til Seljing og til Burtgjevning.
2) Ervingen, Nokra Salmar, Sterkenils m. fl. mindre Bøker.
3) Gudelege Smaabøker I (og snart II). Ein fær kaupa desse Bøker hjaa Rekneskapsføraren i Det norske Samlag, Lærar H. Johanson, Ruseløkvegen 44, 2de Høgd. Paa 4 K r. Avslag.
 
 
Fraa By og Bygd,
Maanadsskrift aat Vestmannalaget, kjem ut i Bergen med eit No. paa 16 Sidor Oktav kvar Maanad. Det kostar 2 Krunor Aargangen, fritt sendt med Posten, og kan tingast paa alle Posthus i Landet og i Bergen hjaa Kasseraren i Vestmannalaget, Olav Paulson.
               
Innhald 1878: Godt Aar (av Olav Lofthus). – Vel møtt paa nytt. – Vaart nationale Stræv i Samhøve med raadande Hugstemnor her heime (av Hans Mo). – Ørne-Augat. – Um Kunstarbeid (Fyredrag av A. O. Vinje). – Ei fager Lid; Jonsok-Kvelden (av H. E.). – Ein Sumardag i Jerusalem i Aaret 9 fyre Kristus (etter F. Delitzsch). – Um Sleden, Eit Blad av Husflidsarbeidets Historia. – Natturi og Folkelivet ute med Havet. I. & II. – Knausarne paa Golgatha. – Borni hans Gamle-Gunnar, Regla fraa Sunnfjord – Ymist. – Fraa Raumdal.
 
               
Oplandenes Avis,
udgivet af Kand. O. Arvesen, Hamar, udkommer i stort 5-spaltet Format 2 Gange om Ugen med et mindst 14-dagligt Tillæg "For Kirke-, Skole- og Folkeoplysning". Prisen for Hovedblad og Tillæg der maa tinges sammen, er 4 Kroner Halvaaret og 40 Øre i Postpenge.
 
 
Qvams Middelskole-Kursus for Damer.
Den 1ste September begynder et nyt 10 Maaneders Kursus. Indmeldelser modtages i Maribogadens Skole.
 
Fraa April av
kjem "Fedraheimen" tvo Gonger i Vika. Prisen er den same som fyrr: Kr. 2, 20 fyr Halvaaret (elder Kr. 1, 10 fyr Fjordungaaret) med Postpengar og alt.
               
Bladet hev no betre Rom til nokot av kvart; serleg kann det fortelja meir Nytt, so at Folk vil kunna hjelpa seg med Bladet i den Vegen. So hev det og ein fast Skuleartikkel, som inneheld Tidender (og andre Stykkje) um Aalmugeskulen, Folkehøgskulen og Amtsskulen; ledige Lærarposterm. m. Hellest vil det som fyrr innehalda: Utgreidingar um ymse Ting, Politik, Reise- og Naturskildringar, Forteljingar, Segner, Dikt, Rispur o. d. Gode Menn er med og skriv.
               
Bladet er enno aa faa fraa Nyaar 1878.
 

 

Frå Fedraheimen 22.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum