Kristiania, den 21de Juni 1878.

 
I Klausenburg i Siebenbürgen kjem det ut eit Blad, som heiter so mykje som "Összehasonlitó Irodalomtörténelmi Lapok" elder Tidsskrift fyr samanliknande Literatur. Det er mangmælt ("polyglott") d. v. s. det er skrivet paa mange ulike Maal. Sjølve Titelen stend soleids paa ikkje mindre enn 9 Maalføre, deribland t. D. paa Svensk. Men Hovudmaali er Ungarnsk (som du hev ein Prøve paa i dei tri lange Ordi ovanfyre) og Tysk. Av Medarbeidarar hev det ein heil Flokk, soleids 50 utanum Ungarn; millom desse er den amerikanske Nordmann Professor R. B. Anderson i Wisconsin, som i eit av dei siste No. gjev eit Stykke um "Tegnérs Fridthjovs Saga i Amerika".
 
Bladet fører til Motto elder Merkje Schillers kjende Ord fraa hans yngre Dagar – sidan fekk han andre Tankar - : "Det er eit stakkarslegt, vesalt Fyremaal aa skriva berre aat ein Nation; fyr ein filosofisk Aand er denne Grensa heilt ut utolande. Med eit Avbrot (Fragment) – og kvat annat er væl endaa den største Nation? – kann denne Aand ikkje lita seg".
 
- Og eit slikt Blad i Ungarn? i detta store "maalstrævande" Land, som er so saart og vart fyr sitt Maal og sin Thjodskap, at det stundom snarare vert for mykjet enn for litet? – Ja; og det heng godt ihop. Var me norske Maalmenn mannsterke nok, so skulde me gjera nokot likt.
 
"For", - segjer Bladet, - "at detta Mangmaalsstrævet (polyglotten Bestrebungen) ikkje hev det Grandet aa gjera med "Menschenbruderschaftschwindel"en (Allheims-Samrørings-Drammen) elder dilikt, det tarv væl ikkje vidare Utgreiding. Med kosmopolitiserande (folkesamanrørande) Skoddetankar hev den samanliknande Bokkunna ikkje Dusti tilhopes. Denne Bokkunna hev mange Fyremaal, men dei er daa altid nokot meir handfaste (solide) enn so. Det er just det Rein-Nationale i kvart Folk, som ho med kjærleg Haand vilde utvikla, og so... gjera gagnlege (elder daa berre fagre) Samanlikningar, som ho paa annan Maate ikkje kunde faa til. Vaart løynlege Merkjeord maa soleids lyda: "Heilag og ukrenkeleg vere Nationaliteten, Folkeeiningen!
 
For kvart Folkeslag, det vere no so litet i politisk Meining som det vil, er og vert fraa bokleg-samanliknande Synstad alle Tider likso vigtigt som den største Nation. Aa vilja halda ein Folkebokavl, korleids han so var, nede, vøre det same som aa vilja tyna ei vigtig Serform av Mannens Aandsliv".
 
Me hev i desse Ord Grunndraget i den sanne Allheimstanke (Kosmopolitisme), som just gjeng i eit med Serfolkstanken elder "Nationalitetsideen". Derav kjem det, at vaar Tid, som er den mest kosmopolitisk (allheimslyndte) som hev voret, ogso er den mest nationale og den, som hev mest – "Maalstræv".
 

 

Frå Fedraheimen 22.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum