Utlandet.

 
Utlandet, det er no um Dagen Berlin. Det er det store Atterstrævet og den store Kongressen, som dreg alle Augo paa seg. Atterstrævet hev fenget større Magt, enn nokon kunde trutt. Det er visst, at det er mykje Styggedom og mykje rangt i dei nyare Samfund – som det fulla hev voret i dei gamle og, fyr den Skuld -, og Tyskland stend visseleg ikkje att i so Maate. Men dette er ingi ny Opendaging, iminsto ikkje fyr andre enn Tyskarom sjølve, som hev kytt av framifraa Sedugskap framfyr andre Folk like til det sidste. Men no er det ei Yling fyr Vanarti og Ukyndet, so det er ikkje Maat paa. Desse tvo Mordfreistnadarne hev ruskat upp i dei Godtfolk, som trudde so fullt og fast paa den germanische Sittlichkeit, og som tenkte paa Fred og ingen Faare, - no skjelv dei fyr Liv og Eigedom og veit korkje ut elder inn; dei hev med eitt vortet fyllde med ein Ræddhug fyr Socialdemokratiet mykje større, enn verdt vøre. Og at daa Attergangen, som lenge hev voret ynskt og no vert framskuvad med all Magt ovanifraa, hev fenget Tak og hev komet rett i Drift, det er ikkje til aa undrast paa. Dauden skal ei Orsak hava, segjer dei; og no er det daa Socialdemokratarne, som skal hava Skuldi fyr all Uhemja. Men med all Rannsaking og Ettergraving hev det enno ikkje lukkast aa faa det minste Prov fyr, at Nobiling hev voret med i nokor socialdemokratisk Samsverjing, som skulde ha korat honom til aa gjera Mordet; det synest helder aa vera godtgjort, at han ikkje hev havt det Slag, aa kalla, med Socialdemokratarne aa gjera, han hev aldri so mykje som skift Ord med nokon Soscialistførar, aldri haldet nokot socialistiskt Møte, og ikkje talat paa nokot slikt Møte meir enn ein einaste Gong, og den Gongen talad han imot Socialismen. Likevel vert det gjort alt moglegt til aa spreida ut det Ordet, at han hev voret i Samband med ei slik Samsverjing av Socialdemokratar, og desse er no Fyremaal fyr ei Elting utan Likning. Det yr av Uppsnusarar og Forklagarar paa alle Leider; Illmenne tek Tilfelle til aa metta personleg Illvilje, forskræmde Godmenne er forhugade paa aa leggja sin Kongeelsk og Loglydnad fyr Dagen. Rannsakingar i Husom, Fengslingar og Domar, ofta fyr den argaste Fanteskap, er aa høyra til kvar Dag. Eit Skarnsord, som ein halvfull Flaakjeft slepper utor seg imot Kjeisaren, er nog til aa gjeva honom Fengsel paa 5 Aar; kjem ein Arbeidar til aa segja i Tankeløysa nokot, som kann leggjast ut til det galne, so fær han 1-2 Aars Fengsel. Det er ikkje nøgje med Vitnemaal og Prov; eit Vitne er ofte nog til aa fella Mannen, um han sølv neittar. Vitne er elles gjerne ikkje vonde aa faa; dei meller seg sjølve. Det vil visa seg i Lengdi, um det er den rette Aatgjerdi fyr Sjukdomen dette.
 
Det er ikkje stort, som smett ut igjenom Veggjerne aat den Salen i Rikskanslerens Slot, der Kongressen held sine Møte. Dei raadleggjande Herrar vil nog ikkje sleppa nokot ut, fyrr enn dei er komne til Ende med Tingandet. Paa Forslag av Greiv Andrassy vart Bismarck kosen til Formann, "ikkje berre fyrdi dei daa fylgde gamall Sed, men fyrdi dei paa denne Maaten kunde syna fram den aalmenne Godkjenning av Bismarcks Verdskap." Voni um Fred held seg. Det er hermt etter Bismarck, at han hev sagt: "Eg er bunden til aa ikkje lata Kongressen ganga ærendlaus heim; eg vil daa syta fyr det." Men myrke Skyer er der enno paa Himmelen. Magterne rustar seg like hardt. Ryssland vil auka Heren med 218000 Mann; Austrike set sine Herar paa Krigsfot; England bur seg framleids, og det hev no sendt Øvsteføraren fyr Heren, Hertugen av Cambrigde til Malta, som er Samlingsstaden fyr dei engelske Stridskrafter; Turkiet styrkjer stendigt sin Her ved Konstantinopel og byggjer nye Festningsverk; Grækland krev aa faa attaatlagt Thessalia, Epirus, Makedonia og Kreta og lyser upp, at det helder vil setja sitt Tilvære paa Spel enn gjeva upp sine Krav; Montenegro held fast ved Kravet paa ei større Hamn ved Adriaterhavet, nokot som Austrike ikkje vil gjeva til. I Konstaninopel er det stor Røra; Sultanen er reint haanen, og det er ikkje plent utenkjande, at han kann verta umbytt med ein annan.
 
Georg den Femte, Konge i Hannover, hev voret, døydde Onsdags Morgon i Paris 59 Aar gamall. I 1866 slo han seg i Lag med Austrike og vart dregen inn i Krigen. Hannoveranarne slost med største Djervskap i Slaget ved Langensalza, men dei tapte, og etter Slaget ved Sadowa vart Hannover lagt attaat Prøysen som Provins, og Kongen vart avsett. Korkje han elder Folket kunde utsona seg med Prøysen, og til Straff fyr det Motstand, han gjorde, vart hans private Eigedom, som kom paa ikring 100 Mill. Kronor, fraa honomteken og Innkomorne brukte til aa faa i Stand og stydja under styresvenlege Blad. – Hoffet i Berlin tek tri Vikors Sorg fyr honom.
 

 

Frå Fedraheimen 19.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum