Svensken

 
er i Ulag. Han kann ikkje lika, at Konsulpostarne i London og Leith er sette med Nordmenn, og serleg er han utor seg fyr, at Richter fekk Posten i London.
 
No hev det fyrr – etter Mgbl., som no um Sundagen skreiv eit godt Stykkje um denne Sak - voret slik, at 13 Konsulpostar, med ein Løningssum paa ialt 132,000 Kr., hev voret havde av Svenskar, men 10 Postar med ein Løningssum av berre 67,600 K r. av Nordmenn; - men av Utgifterne til Konsulkassa hev Norig boret ialt 382,250 Kr., men Sverig berre 248,890 Kr. Soleids hev Svensken lagt ut 133,360 Kr. mindre enn Norig og likevæl havt Postar paa 64,400 Kr. meir enn me, so Ein skulde tru, at han maatte vera nøgd. Dertil kjem, at paa London hev Norig meir Skipsferd enn Sverig, so at der skulde Norig i alle Tilfelle hava fyrste Retten. Og um Richter skal Ingen segja annat enn at han er Mann fyr aa greida Posten, og det so, at baade Svenskar og Nordmenn kann vera tente.
 
Men Svensken er likevæl i Ulag. Stockholmbladi skriv "Indignationsartiklar" (Harmkvædingar) det eine verre enn det andre, og riv sitt Sinne ut, snart paa Nordmennerne, snart paa Styret sitt og snart – som Ein kunde tru – paa sjøve Kongen. Der er gjort Svensken Urett, meiner dei. Serleg er der gjort Urett mot den svenske Konsul Cöster, som etter svensk Meining var sjølvskriven til Posten. Richter hev fengjet Posten som ei Løn fyr politiske Tenestar, segjer dei, ikkje fyr di han dugde til Konsul. Den svenske Grunnlog og all Rett er trampad under Føter; alt er so reint galet. Dei vaagar endaa so smaatt aa nemna Unionen (Samfestet). Dei læt um, at det vert visst ikkje "til Bate fyr Samhugen" millom dei tvo Folk, at slikt gjeng fyr seg. "Det er ein Ting, som Svenskarne jamt hev Sans fyr", vert det sagt, "og det er Rettvisa"; at Cöster ikkje fekk Londonposten er urettvist; so er Samfestet i Faare. 1) –
 
Det er slikt me kallar aa gjera ei Fluga til ein Elefant. Me Nordmenn, som væl hev Ord fyr aa vera smaasaare og gløgge paa "Æreprikken", men som i Grunnen er helder smaanøytne i den Vegen, ser strakst, at slik Skriking ikkje er annat enn vondt Lune. Dei fær aldri oss til aa tru, at ein Konsulpost paa nokre Tusund um Aaret kann tyna eit Samlag, som baade alt er gamalt og fastgrott, og som dertil i ymse Ting er gagnlegt baade fyr den eine og den andre.
 
Men her er Sumt aa læra av Svenskens Framferd i denne Sak, som i andre slike. Du kann sjaa, at Svensken er den sterke i detta Samlaget. Naar me Nordmenn trur aa lida Urett – og det hender og! -, so skrik me ikkje; me berre smaamurrar, og so hyssar me paa kvarandre att sjølve, at det ikkje skal høyrast paa hi Sida Kjølen og "forstyrre den gode Forstaaelse, som nu Gudskelov er indtraadt mellem de tvende Broderfolk." So ender det med, at me gjer Knefall og kysser den Haand, som me totte var oss so hard. Men Svensken, naar han ikkje fær sin Vilje, so skrik han, og slær paa Slira, og gjer alt det Staak han kann, og er slett ikkje rædd fyr, at det skal høyrast paa "hi Sida Kjølen." Detta er –i allfall verdt aa merkja.
 
Me vil gjerna leggja det ut so, at Nordmannen er meir roleg og klok, men Svensken meir øsen og fus og upolitisk av seg. Um so var, so vilde det vera ein underleg Ting. Svensken er ein gamall Riksmann, som hev voret med i Verdi og lært sin Politik; me er berre Jyplingar og Heimalingar, som er utanfyr alt baade fyrr og no, og som er so upolitiske, at me gjeng her og trur paa "Studenterferder" og Festtalar og meiner, at det er Politik aa drikka Brorskaaler og byta Hovudplogg og halda skandinaviske Ranglelag burti Odins Lund. Men Folkefaafengdi vil no stødt leggja alt ut til sin eigen Ros, og eg – hev all Vyrdnad fyr vaar norske Faafengd.
 
Likevæl vil eg ærlegt segja, at eg tyder meg Tingen ut paa ein annan Maate. Eg trur ikkje paa det, at me er so fælt kloke, og helder ikkje trur eg, at Svensken er upolitisk. Tvertimot: det er me, som viser oss ukloke og barnsklege. M e er so unge, at me trur paa " Broerskap" i Politiken; det er vaar store Faavisa. Me trur at tvo Folk kann " elska" kvarandre, og liva saman liksom tvo Nygifte, so dei berre tenkjer paa, korleids dei best skal gjera kvarandre til Lags; det er Barndomen vaar. Difyr legg me og slikt Lag paa desse skandinaviske Møte og Drikkelag. Naar dei tvo Folk "lærer kvarandre aa kjenna", meiner me, so vert dei so reint forglade i einannan, at dei sidan byggjer upp heile sin Millomrikspolitik paa denne platoniske Elsken. Og so drikk me paa det, og so held me Talar, og skriv Songar, og trur, som sagt, at detta er Politik. Men Svensken, som er Politikus, - ja, han hev helder Ingenting imot eit godt Lag med Mat og Puns og Talar og slikt; men – han veit den vesle Ting, at der ikkje er Brorskap i Politik meir enn i Kortspel. Sosnart det difyr kjem til Aalvor, so let han Festar vera Festar og Ord vera Ord og – Politik vera Politik; men deri meiner eg, at Svensken gjer Rett.
 
Den politiske Moralen er slik. Der gjeld det ærlegt og endefram, at kvart Folk er seg sjøl næraste. Den Riksmann, som til Venskap fyr eit annat Folk gjev burt so mykje som ei halv Haarsbreidd av sitt eiget Folks Rett, han heiter i alle Maal ein Landssvikar. Kvart Folk krev av sine Styrarar, at dei skal kara til sitt Land so mykje som dei berre kann, baade av Pengar og av Æra. Eit Folk er ein so stor "Personlighed", at det tykkjest hava Rett til det. Og um det ikkje hev Rett, so er det nøydt til. Millomrikspolitikken er enno ikkje stort annat enn eit "bellum omnium contra omnes" elder innbyrdes Krig paa Kniven, so den som vil liva, lyt vera um seg. Der er væl i dei større Sedskaps-Tider komet upp nokot som dei kallar Folkerett elder Millomriksrett; men den hev aldri havt stor Magt, og um han hadde det, so vardt det endaa den same Grunntanken, som vart den raadande, um enn Maaten aa verksetja Tanken paa kunde verta ein annan. Detta er Svensken so gamall at han veit. Og han veit likso væl, at det som er den aalmenne politiske Skikk, det maa og vera den skandinaviske. Verdi er seg allestad lik.
 
At me er nærskylde og Grannar med Svensken kann ingen Skil gjera. Soga hev aldri visst annat, enn at Brøer kann hatast liksovæl som andre; og skal nokon trættast, so lyt det no just vera Grannar. Hellest er alle Folk Brøer og Nærskyldingar. Aa byggja upp ein serskild skandinavisk Politik paa ein serskild skandinavisk Skyldskap kann vera væl nok, men hev ingen røyndomsleg Grunn. Eg kann ikkje sjaa, at Sambandet millom Austrike og Ungarn tarv vera mindre sterkt enn det norsk-svenske, fyr di um Tyskerar og Ungarar er mindre nærskylde. Der er ingen Skyldskap i Politiken; tvo Folk er tvo Folk, og slær dei seg ihop, so er det fyr di dei trur, at dei skal hava Bate av det kvar paa sin Part.
 
Som sagt: detta veit Svensken. Og difyr dreg han til seg alt han kann faa i Politikken og let sin "kära bror" hytta seg som han kann. Svensken hev mest alle diplomatiske Postar og legg seg av all Magt paa aa faa Konsulpostarne med, alt um han veit, at Norig hev større Skipsferd enn Sverig. Og fær han ikkje sin Vilje, so gjev han vondt, fyr aa skræma oss av til ein annan Gong. Broerskapen – den gjøymer han til næste Skandinavmøte.   Og liksom han grev til seg det Vesle han kann av Pengar og Magt, soleids grev han og til seg det han kann av Æra. Naar Kongen er i Utlandet, so heiter han berre den "svenske Kongen"; Floten, som fører honom, heiter "Svenska flottan," um so dei fleste og beste Skip fører norskt Flag, og norske Skip maa i slike Tilhøve oftaste lyda svensk Kommando. Paa dei Stader, der Svenskar er Gesantar elder Konsular, veit Folk mest aldri annat, enn at Norig er Provins av Sverig; i sjølve Tyskland kann studera Folk tala um Bjørnson som svensk Diktar. Og Ein høyrer aldri, at dei Svenske bryr seg um aa retta paa slike Mistydingar. Dei tek den Æra dei kan faa og trur, at dei ved det berre gjer Rett mot sitt Land. Og – kven veit væl nokon Ting aa segja? – Politikken er slik!
 
Eg hev aldri brytt meg nokot av desse store Flikringstalar og Gjølingssongar, som me Norske hev faret med mot Sverig, og det just fyr di eg hev kjendt detta paa meg. Naar Svensken held Talar og skriv Songar fyr Norig, so er der altid nokot rakt og "reservert" i det; han held paa sin Sjølvvyrdnad; han tek det som ein Adelsmann; han talar som den, som ikkje bryr seg um aa luta seg elder beda; - og deri gjer han Rett. Ein maa altid vyrda den, som vyrder seg sjølv. Men naar Nordmannen kjem med sine knebøygde, lækkerliskrande Hølingskvæde, saa vert du flat. Det ser stundom mest ut som ei Snikjing; det minner um Husmannen, som prøver aa gjøla upp Jorddrotten sin fyr aa faa honom i Godlag. Det hev ikkje voret meint so; det hev voret denne barnsklege Tru paa Broerskapen, maavita; men det maa hava set ut slik fyr Svensken og fyr dei andre. Lat oss no eingong verta so vaksne, at me ser Armodsdomen i detta! Lat oss hava sovidt Mannskap, at me væl fer fram med Finleik og Folkeskikk, men likevæl held fast paa den rette adelege Sjølvvyrdnad! Lat oss læra, me med, at Broerskap er Broerskap og Politik Politik! – Den aaleine vert vyrd, som veit aa vyrda seg sjølv.
 
Og eg trur mest me kjem oss so smaatt i denne Vegen. Eg trur, at vaar Sjølvvyrdnad er aat og veks, og at me gjeng fram i Politikken ogso. Du ser, at me av eiget Tiltak driv fram det eine etter det andre; detta med Konsulpostarne er just eit Steg i den Leid, liksom og det, at me hev fengjet ein Nordmann til norsk-svensk Riksutsending i Paris.
 
Broerskapen – den stend like godt; me tek honom berre nokot mindre barnsklegt.
 
- Naar Svensken slær paa, at Samfestet ikkje hev godt av det me her hev gjort, so veit me som sagt, at slikt Ingenting hev aa segja. Samfestet stend ved Lag just so lengje som baade Partar finn, at dei hev meir Bate enn Skade av det, - korkje lenger elder stuttare. No finn visst dei Fleste enno, at Baten af Samfestet er større enn det Bryet som det gjev, og dermed stend Samfestet so fast som det kann standa. Kjem Folk eingong til det, at dei kann hava alle Godmuner av Samfestet, men sleppa all Krangling og Ugreida ved aa i k k j e hava detta politiske Samband, so brytst Samfestet av seg sjølv trass i "Broerskapen." Slikt snur seg til som det sjølv tykkjest, og det nyttar litet aa uroa seg med det.
 
Det som gjer slike politiske Giftarmaal folkemillom mindre sætande, det er den Motsogn som ligg i, at baade tvo skal vera baade sambundne og fullt sjølvstendige. Der er i detta ein Tankefloke, som kunde vera fælt gild fyr ein Tysk Kunsttenkjar aa vasa upp, men som i Røyndomen jamt vil syna seg i ymse smaae Ugreidur og Tvistemaal og Øsingar, som veks i Løynd, til dei yddar seg ut i einkvar stor Motsetning, som er so vid, at han ikkje kann fyllast upp ved Tanken paa den praktiske Vinning (Pengesparing osfr.), som Sambandet fører med seg. Det er naar den Dagen kjem, at Samfestet er dømt, - dersom han kjem.
 
G.
 
1) Sidan, ser me, hev daa eit Stockholmsblad (Stockh. Korresp.) teket til Vitet. Det finn det rimelegt, at Richter fekk Posten, og hev aat sine Felagar, for dei hev brukt slik ein hard Munn.
 

 

Frå Fedraheimen 19.02.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum