Peter Schlemihl.

 
(Etter Chamisso ved Andr. Hølaas.)
 
Framhald.
 
Bendel, bleik og bivrande, men vitugare enn eg, gav meg eit Teikn; eg tok til den gamle Raad og rette honom Gull, men ogso det hadde misst si Kraft; han kastade det fraa seg med Svivyrding og sagde: "Av ein Skuggelausing tek eg ikkje imot nokot." Han vende meg Ryggen, sette Hatten paa, blistrade ein Visetone og gjekk seinført ut or Romet. Baade Bendel og eg stod der og gjorde lange Augo etter honom.
 
Med Teven i Halsen og Dauden i Hjartat gjorde eg meg ferdug til, liksom ein Brotsmann fyr sine Domarar, aa treda fram fyr Skogmeistarfolket og løysa deim fraa mitt Ord. Eg trod inn i det døkke Lauvverk, som dei hadde gjevet Namn etter meg, der eg ventade aa raaka Mina og Foreldri hennar. Moderi kom sorgfri og glad imot meg. Mina sat der, bleik og fager liksom den fyrste Snjo, som um Hausten kysser dei sisste Blomar og strakst gjeng veg som Blomelaug. Skogmeistaren gjekk hugill att og fram med eit skrivet Blad i Handi, baade truten og faaen i det elles so rolige Andlit, og tottest vera baade daafengd, binen og vreid. Han kom radt imot meg, daa eg trod inn, og kravde med avbrotne Ord aa faa røda aaleine med meg. Eg gjekk med honom burt aat ein fri, solbjart Plass i Hagen; der flengde eg meg tagall ned paa ein Benk -, og det fylgde ei lang Togn, som ikkje ein Gong den daagode Moderi, som kom etter, vaagade aa brjota.
 
Skogmeistaren gjekk upp og ned med lange, faste, men ulike Stig; med ein Gong stadnade han ved mi Sida, saag i Papiret, – som han heldt i Handi, og spurde meg med eit prøvande Augnekast: "Skulde De, Hr. Greive, kjenna ein Mann, dei kallar Peter Schlemihl?" Eg tagde. – "Ein aagjæt Mann, hæv og med store Fyremunar framfyr Andre -? Han ventade Svar. "Og um no eg sjølv var Mannen?” – "Som", lagde han kvasst til, "hev misst Skuggen sin!!" "Aa, mitt Hugbod, mitt Hugbod!" ropte Mina, "ja, eg hev lengje skynat, at han er skuggelaus!" og ho kastade seg i Armarne aat Moderi. Og Moderi, som baade rædd og kjærleg drog henne inn aat seg, ankade yver, at Dotteri ikkje strakst hadde sagt ifraa um detta. Men Mina var, paa Lag som Arethusa 1), heilt uppløyst elder Umbrøytt i ei Taarekjelda, som sildrad syrgjeleg ved Klangen av mi Røyst, og stridrann som Fjellbekken, naar eg kom nær.
 
"Og De hev", heldt Skogmeistaren, grann som han var, fram paa nytt Lag, "De hev med uhøyrd Djervskap og Lettvisa ikkje gjort Dykk nokot Samvit av aa svika baade henne der og meg; og De segjer, at De elskar henne, De, som hev gjort av henne det, ho no er? Ser De, kor ho smelter i berre Taarar. Aa, uhøyrt, grysjelegt, øgjelegt!
 
Eg misste all Klokskap og tok til aa svara: Ein Skugge var ikkje Annat enn ein Skugge, Ein kunde ogso vel hjelpa seg utan den; det var ikkje Umaken verdt aa gjera slik Uppstyr yver detta. Men eg kjende hjaa meg sjølv so vel, at det, eg sagde, vantade Grunn, at eg snart fann det rettast aa halda upp med Forsvaret; eg berre lagde til: "det, Ein hev misst, kann Ein finna att".
 
Han svarade vreid: "Seg, min Herre, seg, korleids De hev misst Skuggen Dykkar"! Eg tok atter til Lygni: "Det trod ein Gong ein grov Mann so "flamsk" paa Skuggen min, at han reiv et stort Hol i honom – eg hev difyr sendt min Skugge burt til aa faa honom bøtt; for Gull kann gjera myket; eg skulde alt i Gaar hava fengjet honom att."
 
"Vel, min Herre, vel nog", svarade Skogmeistaren. "De bidlar til Dotter mi, det gjerer ogso Andre; eg hev aa syrgja fyr henne som hennar Fa'r eg gjev Dykk tri Dagar til aa sjaa Dykk um etter ein Skugge; kjem De i den Tid til meg med en Skugge, som høver Dykk vel, so skal De vera velkomen; men den fjorde Dagen – det segjer eg Dykk – er Dotter mi Kona aat ein Annan." - Eg vilde enno prøva aa faa eit Ord av Mina; men ho klyngde seg stridgraatande til Moderi, som vinkade aat meg til Burtgonga. Eg vaggade veg, og det kom fyre meg, som eg trod ut or Verdi elder let Heimen bakum meg.
 
Eg gjekk fraa Bendel og fraa altsaman, ut i Øydemorki. Øgjeleg Sveite draup meg or Panna, eg stunde og pustade, so mitt Brjost gjekk ut og inn i sterk Bylgjegang, det laag Vanvit yver meg, fyre meg og i meg.
 
Eg veit ikkje, kor lengje eg hadde ragat um soleids, daa eg paa ei solklaar Heid kjende meg gripen i Ermi. Eg stadnade og saag meg um - - det var Mannen i Graafrakken, som tottest hava lopet meir enn godt gjorde til aa naa meg. Han tok, aandpusten og heit som han var, likvel strakst Ordet:
 
"Eg hadde meldt mi Atterkoma til idag, De hev ikkje viljat venta. Men Alt stend enno godt. De lyder mi Raad, løyser inn Skuggen Dykkar og vender um, De vil daa vera velkomen i Skogmeistarhuset, og det heile hev berre voret Spøk; Raskal, som hev forraadt Dykk og bidlar aat Brudi Dykkar, tek eg paa meg; den Karen er mogjen".
 
Eg stod som i ein Draum. – "Meldt mi Atterkoma til idag -?" Eg tenkte endaa ein Gong yver Tidi – han hadde Rett, eg hadde missreiknat meg paa ein Dag. Eg greip med den høgre Handi etter Pungen paa mitt Brjost – han skynade mi Meining, og trod tvo Stig attende.
 
"Nei, Hr. Greive, denne er i gode Hender, lat han vera, der han er." Eg saag paa Mannen, undren og binen; han heldt fram: "Eg bed berre um eit litet Minne av Dykk. Ver so god aa skriva under denne Setel." Paa Pergamentet, som han heldt fram, stod desse Ordi: "Under mi Hand giv eg Eigaren av detta Brev mi Saal etter hennar naturlege Skilsmaal fraa Likamen."
 
Eg saag snart paa Skrifti, snart paa den Graaklædde og stunde, men mælte ikkje Ordet. – Han hadde med ein nyskoren Pen uppfangat ein Drope Blod, som flaut or ei frisk Rivna etter ein Torn paa mi Hand, og rette meg Pennen. -
 
( Meir).
 
1) Arethusa var etter ei grekisk Soga ei Nymfe i Elis, Dotter aat Nerevs og Doris, og fylgde Diana. Daa ho ein Gong laugade seg i ei Elv paa Peloponnesos huglagde Elveguden Alfeios henne, men Diana skapte henne um i ei Kjelda, som gjøymdest i Jordi og fyrst kom fram att paa Ortygia-Øyi ved Syrakus (Sicilia). Alfeios umskapte sig til ei Elv, som gjekk under Havet og flaut saman med Kjelda der.
 

 

Frå Fedraheimen 19.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum