Utlandet.

 
Fraa dei rette vedkomande er det no komet Vissmun um, at Kongressen skal møta i Berlin den 13de Juni (ikkje den 11te). Finansminister Nortcote bar fram i det det engelske Thinget den 3dje Juni, at den tyske Sendemannen i London hadde flitt Regjeringi den embætslege Innbjodingi; etter denne skal heile San Stefano-Semja verta dryftat; Ministeren hadde teket ved Innbjodingi, og han vonadst, at dei andre Stormagter vilde gjera det same. Fyr England kom til aa møta Lordarne Beaconsfield, Salisbury og Odo Russell. Um Rysslands Ettergifter er inkje spurt.
 
Millom Austrike og Ryssland synest det ikkje aa vera komet til slik Semjing, som millom England og Ryssland. Austrike hev enno sine serskilde Motlegg aa gjera imot San Stefano-Semja, og det hev heitt seg, at Andrassy hev sett deim upp i eit Umgangsbrev til Magterne. Hovudkravi skulde vera, at Landviddi aat Bulgaria skulde verta avminkad, den ryske Hersetningi avstytt, og dei nye Landemerki aat Serbia og Montenegro soleids innknipne, at Austrike og Ungarn fekk halda sin Handelsveg til Austerlandom fri og usnikkad; hertil kjem det bessarabiske Spursmaal og Skilordi um Nedlegg av Donaufestningarne. Kor ille stellt det kann vera med Austrike i mange Maatar, so er det likevel ikkje til aa spøkja med fyr Ryssland, so som Sakerne no stend. Paa Austgrensa hev Austrike ei stor Hermagt samlad, som vilde vera reide til aa stengja Tilførsla og Heimvegen fyr Ryssarne, sosnart som England gav Teiknet til aa byrja Leiken. God Hjelp finge dei altid hjaa Rumæningarne. Store Herbuingar gjeng fyr seg i Wien, i Czernovitz-Tarnopal og Krakau; i Pola arbeider dei Dag og Natt paa aa bu til Floten; i Dalmatia vert Festningarne sette i Forsvarsstand, tvo og tretti Strandfeste og Batteri vert vaapnade, og det skal jamvel vera utlagt Underhavsminor langs med Landet.
 
Undergangen aat Skjoldskipet Groszer Kurfürst skal hava si Orsak i det, at Styremannen paa Kaiser Wilhelm mistydde Ordri og lagde Sty ret paa galne Sida.
 
Det er no komet Fraasegner um den nye Mordfreistnaden i Berlin. Daa Kjeisaren um Sundagen kom kjøyrande hardla skjott framum Huset Nr. 18 "unter den Linden", small det braadt eit Skot fraa eit Vindauga i 2dre Høgdi av Huset. Skotet raakad Kjeisaren i Hovudet (Kinn og Haka) og i Oksli og Armen. Kjøyresveinen stoppad, Jægeren sprang burtaat og fann Kjeisaren likbleik, bøygd yver aat høgre Sida og blodutt i Andlitet og ved Uvliden. Jægeren kastad seg yver Kjeisaren til aa verja honom med Kroppen sin og lagde Lumeduken sin yver Andlitet hans, som blødde sterkt. I same Stundi fall det eit Skot til, som raakad Kjeisaren langs etter Foten, men det var ikkje so vel siktat som det fyrste. Vogni vart deretter kjøyrd burt paa hi Sida av Gata, og so gjekk det i Gang attende til Kjeisargarden. – Skoti var høyrde av fleire, som reikad i Gata, og Segni gjekk som Eld i turt Gras: Ny Mordfreistnad! Kjeisaren saarad! Fraa alle Sidor styrmde Folk til Huset Nr. 18. Fyrste Ropet var: Grip Mordaren! I ein Blink stormad ein Hop upp igjenom Tropperne, fremst Huseigarne Holtfeuer, ein Løytnant Wilhelmi og ein ung Kaupmann. Døri til det Romet, som det var skotet fraa, var attlæst og attfyr-steglad innanifraa, men paa eit Minutt var Døri sprengd. Mordaren Nobiling stod i ei Ro til vinstre aat Døri. Holtfeuer, som fyrst trengde seg inn, vart motteken med eit Revolverskot, som raakad honom i Haka og Halsen; med det same datt han ikoll i Ørmegt, men i same Blinken hadde Wilhelmi dreget Verja si til aa hogga Nobiling. Denne hadde likevel fenget Tid nog til aa skjota av eit Revolverskot mot høgre Tunnvangen sin, men det drap honom ikkje, slo honom ikkje yver Ende desshelder. Han vart gripen og bakbunden paa Flokken med sterke Reip. Politi og Øverheit var i Millomtid komne tilstads, men det var med Naud dei fekk rudt Troppi og Forstova sovidt, at dei fekk teket upp eit Fyrebils Forhøyr og sett paa Døri eit Uppslag med Innsegel, som forkynnte, at Romet var lukt i Logi sitt Namn. Medan hadde Plassen utanfyr Huset vortet fylld med ei uhorveleg Mannamengd, som voks utyver Eftan til Hundradtusund. Utanfyr Huset høyrdest Skrik af Harm og Sinne og alt i eit Rop som dette: "Slaa den Hunden ihjel! Han skal steinast!" I dette Umstandet var det ei vanskelig Fyreloga fyr Politiet aa faa den saarade Mordaren førd til Politistationen paa Molkenmarkt. Folkehopen vilde fyr Aalvor velta Vogni og steina Nobiling, so det var med største Møda dei ridande Politisoldatar og Politimennerne kunde faa honom i trygg Hamn. Bukken paa Vogni vart til Deils krasad, Kjøyresvein fekk Hovudet sundersleget, og eine Sida i Vogni vart flatklembd. Paa Forhøyret svarad Mordaden, at han heitte Carl Nobiling og var Doktor i Filosofi; han hadde ingen personleg Grunn til aa skjota paa Kjeisaren, men han hadde berre gjort det af politiske Grunnar. Mordaren ormegtadst strakst etter, og Lækjararne sagde, at han maatte kvila og strakst verta førd paa Sjukhuset; etter all Von hadde Kula gjenget inn i Heilen, og han hadde daa berre faae Jamdøger aa liva i. – Det kann henda, me sidan fortel meir um dette Hende. Kjeisaren skal no vera utanfyr all Faare; meir uvisst er det, um Mordaren kann liva.
 

 

Frå Fedraheimen 06.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum