Thinget.

 
Storthing den 5te Juni.
 
1. Konstitutionskomiteen hadde gjort upp, at der vil turvast 444,996 Kr. til aa løna Sende menn og Konsular i Utlaandi m. m. Detta sette Storthinget fast.
 
2. Etter Innstilling fraa Jarnvegskomiteen gjekk Storthinget inn paa, at Jarnvegen millom Eidsvoll og Mjøsen skal leggjast paa Vestleden af Vorma istadenfyr paa Austleden, som fraa fyrsto tenkt.
 
3. I 1876 lovad Storthinget aa laana burt 600,000 Kr. til eit Samlag i Sverig, som vilde leggja Jarnveg fraa Bytet med Norig gjenom Dalsland. Dette tottest vera Bate for Norig, avdi denne Jarnveg kom til aa hektast ihop med den norske Smaalensbanen. Regjeringi hadde no laant ut Peningarne.
 
Joh. Sverdrup og Dahl meinte, at Regjeringi hadde betalat Peningarne ut fyre Tidi utan at spyrja Storthinget um det, men Reinhardt, Løvenskiold, Aschehoug, M. Iversen og Vogt heldt med Regjeringi. Denne Saki skulde inkje stemmast yver, men ho laut talast um likevæl.
 
4. Storthinget skilde ut nokle Pening til Sjøkrigsskulen, til Utbyting af Samloge i Jord paa Landet, og til "Selskabet for Norges Vel."
 
5. So kom det til ein herdeleg Ordstrid um det store Laanet, som Landet laut taka fraa Utlandet i Vetr. Regjeringi hadde laant 31 Millionar Kronur, og derum sende ho Bod til Storthinget. So skulde Jarnvegsnemndi sjaa yver, um Regjeringi hadde gjort detta paa billegaste Maaten fyr Landet. Komiteen hadde ikkje nokot aa segja um detta, men totte, at Regjeringi hadde forklaarat forlitet um, kva der var talat og avhandlat med dei, som hadde Pening aa laana ut. Aschehoug totte, at Regjeringi hadde gjort det godt, so Alle maatte vera væl farne. Det gjekk ikkje an, at den Mann, som skal styra Landets Peningstell (Finantsministeren) sleppte ut paa Vidaasen alle dei Bod, han hadde fengjet, og alt som var talat um, avdi det kunde gjera Skade fyr Ettertidi, naar Peningmennerne visste, at alt, som vart tala, kom ut.
 
Joh. Sverdrup meinte, at Regjeringi i dette ikkje skulde dylja for Storthinget, kva der var gjort fyr aa faa Laanet billegt. Storthinget hadde Magti til aa taka Laan, og Regjeringi var Fullmagt fyr det. Det kunde ikkje vera til Skade fyr nokot, um Storthinget fekk full Greida paa koss Regjeringi hadde søkt utum etter Laanet. Sovoret laut leggjast greidt fram fyr Storthinget. Dahl heldt med Sverdrup og Hr. Iversen med Aschehoug. Detta var ogso nokot som ikkje turvte stemmast um.
 
6. Storthinget tok ved Jarnvegskomiteens Fram-Lag um Jarnvegsstellets Inkomur og Utgifter i det komande Aar.
 

 

Frå Fedraheimen 08.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum