Peter Schlemihl.

 
[Del 7 av 19]
 
(Etter Chamisso ved Andr. Hølaas.)
 
Framhald.
 
Han trod fram og tok snjaalt Ordet i sin Herres Namn. "Hans Herre korkje kunde elder vilde taka imot slik Metnad; 1) "her maatte vera eit Mistak; men dei gode Byfolk skulde likvel hava Takk fyr deira gode Vilje!" Men desse Ord sette han Kransen paa Hovudet aat den fagre Drosi, rette henne med Vyrdnad Handi til Uppstøda og gav Presteskapet, Magistraten og heile Deputationen ein Vink um aa gjera Veg. "Fleire kunde ikkje koma til." So sprang han inn i Vognen att, og skjott gjekk det i strjukande Tan til Byen gjenom ein drusteleg Æreport av Lauvverk og fagre Blomar. Kanonur vardt avskotne kvar Minutt. Vognen heldt ved det Huset, Bengel hadde leigt aat meg; eg sprang raskt utor det døkke Romet inn i Dyri og kløyvde Mengdi, som hadde samnat seg til aa faa ein Skimt av meg. Dei ropade "Live!", og eg let dubbelte Dukatar drysja utor Vindaugo. Um Kvelden vardt Byen friviljugt upplyst med Vaksljos i Ovmengd fraa mest kvart einaste Vindauga.
 
Og eg visste enno ikkje, kvat alt detta skulde tyda, elder kven dei tok meg fyre. Eg sende Raskal ut paa Njosn. Han fekk daa vita, at Folk hadde fengjet Spurdag paa, at den gode Kongen av Preussen rejste gjenom Landet under eit paateket Greive-Namn, at dei godt hadde skynat, kven det var Bengel tente, daa han nyst var inne i Byen og leigde Hus aat ein fornæm Framand" og straadde Gull ut i Mengd, og at dei var ovglade no, daa dei hadde Visa um aa hava meg sjølv i deira By. No hadde dei vistnog røynt, at eg vilde halda det strengaste Inkognito 2), og dei skynade, at dei hadde gjort Urett ved aa lyfta paa det Løyndeslør, eg ikkje vilde hava lyft; men eg letst vera vreidare, enn eg i Røyndi var, meinte dei, og endaa i min Vreide hadde eg vist so stor Hollskap og Naade, at dei hadde viss Von um, at eg i mitt innste Hjarta ikkje tok deim illt upp, det dei hadde gjort.
 
Skalken totte Saki var so trøysam, at han ved aa røda hardt til Borgararne og lata Ord falla um Straff og Unaade gjorde det meste, han kunde, til aa styrkja deim i deira Tru. Han gav meg ei myket løgleg Fraasegn um Njosnarferdi si og hermde soleids etter baade seg sjølv og Byfolket, at eg sjølv tok til aa finna det snodigt, og daa han saag meg draga paa Smilebandet tok han Bandet heilt av Skrynjesekkjen og kom med den eine Rispa løglegare og meir forvitneleg enn den andre. Og eg – eg torer ikkje negta det – eg var ikkje langt fraa aa tykkja, at d e t ikkje var det verste, som kunde henda, aa verda halden fyr eit krynt Hovud.
 
Kvelden etter let eg gjera ein stor Fest under Trei, som lagde Tunet framfyr mitt Hus i Skugge, og innbaud heile Byen til Festen. Den Kraft, som min Pung aatte, Bengels Umsorg og den hendige Raskals Uppfinnsemd gjorde, at alt vardt ferdugt trass i den stutte Tidi. Det var reint utrulegt, kor rikt og fagert allt vardt tilbutt i dei faae Timarne. For ein Dramb og Drust, og for eit Yvermaal av alle Ting, som viste seg, daa Kvelden kom! Ogso dei mange Lampar var so visleg stellte og Ljoset so jamnt utbytt yver heile Tunet, at eg kjende meg heilt trygg. Eg maatte gjeva Tenararne mine Lovord fyr aa hava gjort sine Saker med Dug og Hegd.
 
Det tok til aa døkkast. Gjestarne kom og vardt meg fyrestelde. Ingen nemnde Majestæten meir, men eg heitte med den djupaste Vyrdnad "Hr. Greiven." Kvat skulde eg gjera? Eg let det skura og var fraa den Stundi Greive Peter. Midt i Festgleda vantade meg likvel nokot; eg timde 3) yveralt, men saknade henne, henne, som skulde vera Festens Kruna, og som eg hadde gjevet Kransen. Endeleg kom ho. Ho fylgde stillt Foreldri sine og tottest ikkje vita, at ho var den fridaste Dros i Byen. Skogmeistaren, hans Fru og Dottervardt meg fyrestelde. Eg visste aa segja dei Gamle, kvat som tilhøyrde, og kvat dei gjerna vilde høyra; men fyr Dotteri stod eg som ein Tomsing, lik ein Skulegut, som hev gløymt aa lesa yver Leksa, og fekk lengje ikkje fram det bidige Ordet. Endeleg kom eg likvel so vidt, at eg fekk stotad fram, at eg ynskte ho vilde visa Festen den Æra aa yvertaka det Embætte, som ho bar Teiknet paa. Skamfull, bljug, med sekkte Augo bad ho med ein rørande Blink um Vægd 4); men endaa eg stod der med likso stor Blygsla fyr henne som ho fyr meg, tok eg Mod til meg, eg bøygde med stor Vyrdnad Kne fyr henne som hennar fyrste Thegn 5), og denne Vink fraa Greiven vart eit Bod fyr alle Gjestarne, som kvar Ein gjorde seg um aa etterliva. Majestæt, Uskuld og Ynde i Samband med Fagerleik gjorde Festen gladvær og gamansam som faae. Dei lukkelege Foreldri aat Mina trudde deira Barn vardt utnemnd til denne Æra berre fyr deira Skuld; eg sjølv var som i den sjaunde Himmel. Eg let Alt, som eg enno hadde att av dei Dyrgriper, eg hin Gongen hadde kaupt til aa skilja meg av med Gulldungarne, alle Demantar, alle Perlur, alle Glimesteinar, leggja under Lok i tvo Fat og bjoda um ved Bordet millom Festens Drottning og alle Damur; og heile Tidi let eg kaste Gull ut millom alt Folk, som hadde samnat seg utanfyr Tunet.
 
Morgonen etter kom Bengel inn til meg og fortalde meg i Løynd og med Sorg, at han lengje hadde havt Misstanke um, at Raskal ikkje var ærleg, og at han no var fullviss paa di. Raskal hadde Kvelden fyreaat vegstukket heile Sekkjer med Gull, sagde han. "Lat oss", svarade eg, "unna faatøk Stakkaren den litle Fengdi; eg auser Gull ut med rund Hand til alle, kvifyr daa ikkje ogso til honom? Igaar hev han og dei nye Folk, som Du hev gjevet meg, tent meg ærlegt, dei hev fegne hjelpt meg til aa halda ein glad Fest."
 
Det vart ikkje rødt meir um detta. Raskal vardt framleides den fyrste av mine Tenarar, men Bengel var min Ven og Trurøkne. Han hadde vant seg til aa tenkja seg min Rikdom endelaus, og han gjekk ikkje paa Spæjing etter Grunnen til detta; han hjelpte meg helder til aa finna Høve til aa øyda Gull.                       
 
( Meir.)
 
1) Sømd, Ære.
2) Vera ukjend.
3) timja = njosna, spæja.
4) G. R. vægd = Vaarkunnsemd, Skaansel, Schonung.
5) Undersaatt.
 

 

Frå Fedraheimen 08.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum