Kvitsun-Bøn.

 
Kom, heilag Ande, til meg inn
og kveik Guds Kjærleik i mitt Sinn,
hin Eld fyr' utan Like.
Lat Naadens Sol gaa upp fyr' meg
og Syn meg gjiva paa den Veg,
som ber meg til Guds Rike!
 
Guds Kjærleik er so høg og stor
mot oss i all vaar Naud paa Jord,
at ingen rett den tyder;
di er du gjiven alle Folk
at vera denne Kjærleiks Tolk,
um paa di Røyst ein lyder.
 
Kom difyr inn, gjiv Kvitsunnfest
fyr' Sjæl og Sinn, du høge Gjest,
og leid meg til all Sanning;
eg med mi Tyding tek i Miss,
men di er all Tid klaar og viss;
gjiv du meg rette Kanning!
 
Kom og til meg, naar eg i Beit
tvihugad stend og inkje veit
kva Leid eg fram skal fara.
Lett daa fraa Augat Toka graa,
so eg Landkjenning att' kann faa,
og du fraa Fall meg vara.
 
Ja gjiv, at all mi Ferd paa Jord
maa upp-lyst verda ved ditt Ord,
fraa Avveg det meg frie;
meg meir og meir ditt Naadeverk
i Tru og Kjærleik gjere sterk
og til din Himmel vigje!
 
m. a.
 

 

Frå Fedraheimen 08.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum