Kristiania, den 8de Juni 1878.

 
Høgbrotssaki mot Storthingsmann Hj. Løberg vart fyr seg havt i Byretten no den 6te. Løbergs Sagførar T. Heiberg lagde fram det Brevet, som Løberg hadde skrivet til Nils Skaar, og som mest ordrett vart innteket i "Hardangeren". Brevet var skrevet i stor Hast, og det var ikkje Tanken fraa fyrstunde, at det skulde koma i Bladet. Han tok det sjølv som ein reint privat Samtale millom tvo Menn, som veit at dei hev sams Meiningar um det dei snakkar um; han tenkte ikkje paa aa fornærma dei Menn, han kom til aa nemna i Brevet, og daa mindst Kongen. Brevet vart fort og slurvutt skrevet (som det og syner seg i Formi) og vart ikkje eingong gjenomset etter at det var skrivet. Fyrst daa han skulde sluta kom han paa, at Skaar kannhenda kunde bruka det til eit Uppsett i Bladet sitt, og dermed skreiv han til, at han gjerna, um han so vilde, kunde "laga ei Brevsending" av Brevet. Det var ikkje Tanken, at Brevet skulde takast inn som det var, men at Bladstyraren skulde "laga" nokot paa det elder taka inn det han totte kunde høva fyr Lesarom. Daa han skreiv detta, hugsad han ikkje, at det Ordet um "Kongen, Regjeringen og Aga" stod i Fyrsten av Brevet; det fekk han fyrst vita sidan, daa Brevet hadde stadet i Bladet. Det hev aldri voret hans Tanke aa leggja Aabyrgsla yver paa Bladstyraren; tvertimot uppgav han seg strakst som Brevskrivar, daa han fekk høyra, at det vardt Tale um Søksmaal. - Saki vart uppteki til Doms; "Referenten" kravde Straff av Arrest i 32 Dagar, som er den linnaste Straffi etter Kriminallogi 9-21. 1)
 
Odensthingspræsident Steen er enno sjuk. Krimfeberen hev sleget seg til Lungebrann.
 
Ny Utgliding ved Smaalensbanen. Det Stykket, som gleid ut fyre Paaske og no var burtimot uppbøtt att, er glidet ut paa nytt.
 
Missionsskulen ved Stavanger er det no paa Tal aa stansa fyr ei Tid.
 
Til Artium hev det iaar berre mellt seg 100. Fyr nokre Aar sidan var det upptil 250.
 
Folkemøtet paa Vonheim vert haldet i August.
 
1) "Den, som fornærmeligen tiltaler Kongen, Dronningen, Enkedronningen elder Tronfølgeren, eller om nogen af disse bruger fornærmelige Udtalelser eller udbreder beskjemmende Rygter, ansees med Straf- arbeide i 5te Grad eller Fængsel."
 

 

Frå Fedraheimen 08.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum