Amerika-Brev.

 
Chicago, 15de Mai 1878.
 
Her er no al Von til eit makalaust godt Kveite-Aar mest yver alt Landet. Paa dei Reppom, som Grashoppa hev snøydt so styggjeleg i nokre Aar, er det no med det gildaste. Den norske Farmaren er daa fegjen og sæl, maatru, naar han no gjeng og ser paa, korleids alt paa Farmen veks og blømer. Eit godt Aar var det ifjor ogso fyr flestalle, og vert det no eit "Kronaar" atpaa, so lyt jamvel den veikaste Farmaren koma paa fast Fot atter. Fyr nokre Dagar sidan saag det likaso gildt ut fyr altslags annan Avl som fyr Kveiten; men dei siste Nætterne hev voret so kalde, at Bærhagar, Frugthagar, Potetaakrar og Maisaakrar hev fengjet ein stygg Knekk yver ein stor Bolk av Landet. Maisen er det ikkje for seint aa saa uppatter, so at det er Botevon med den; men den finaste Frugti er det inga Raad med. Denne Smikken naadde ikkje mange av "Norskarom", for dei driva ikkje myket med Frugtavl. Mengdi av dei Norske era Kveite-Farmarar, som ikkje hava mange Krytur. Ein og annan hev tekjet seg fyre aa elja upp Krytur og selja, og detta hev bitalat seg jamt og godt. Desse Krytur-Farmarane vyrde ikkje Grashoppe-Støyten det Slag, og sæle var dei. Andre, som bu lenger sud, driva mest paa Mais-Avl og Grise-Aling. Dei elja upp og feita Grisen paa eit halvt Aar elder eit Aar og selja han i Driftevis til Slagteriom. Men denne Sprengfeitingi gjerer Griseslaget so kløkkt og kløyrigt, at heile Hopar ofta sturta av ei elder onnor Sjuka.
 
Sume Stader, mest i Visconsin, hava dei norske Farmarane i dei siste Aarom, etter at dei hadde pint ut Jordi si med Kveite utan aa hevda, tekjet til aa leggja Magti si paa aa halda gode Mjølkekjyr. Det er "Sveitseriet" elder "Mejeriet", som dei no setja si Lit til, og det løner seg godt. I kvar Krinsel av Farmar er det daa eit Yste- og Kjinnehus. Dit skaffa Farmarane Mjølki si og faa ei viss Bitaling fyr Potten, elder ogso bitala dei ei viss Deild av Mjølki fyr Ysting og Kjinning og faa sjølv Bitalingi fyr Osten og Smøret, som vert selt under eit.
 
I nokre av dei eldste norske Bygdom i Visconsin driva dei mest paa Tobaks-Avl.
 
Det hev voret tronge Tider no nokre Aar fyr Folk i Byom, i Minom og i Fabrikom. Det hev voret vandt um Arbeid og liti Løn. Ei uhorveleg Mengd Arbeidsfolk hadde i dei gode Tidom strøymt inn til Byom. Her tente dei gjildt, røykte Cigar, drakk Øl, klædde seg fint og livde som Prinsar. Farmarlivet vart reint mismætt. Men no hev det vendt seg um. No er Farmaren den trygge og lukkelege Mann, som alle Tider hev Tak yver Hovudet og Mat i Munnen kor det so gjeng. Og i Vinter og Vaar hev ein uhorveleg Straum av Folk fraa Byom og Auststatom trekkt vestyver fyr aa taka seg fritt Land eller kaupa Land og verta Farmarar. Det er ogso komet nytt Liv i Jarnvegsbyggingi, so at Folkeskjikken i Aar tek eit Kjempesteg lenger i Vest. Mang ein av dei fatike Stakkarom, som hava reist vestyver, faa vel ei hard Streit, fyrr dei faa drivet upp ein Farm med Hus og Hestar, Bu og Bøling, Reidskap og Greidor; men ein lyt staa ut mangt, naar ein hev den visse Von, at det gjeng frametter, og at Byrdi fell av um nokre Aar.
 
Dei fleste av Landsøkjarom reisa vestyver paa Jarnvegjom, so langt desse ganga. Men ei Mengd Smaafarmarar og Brukarar, som reisa ut fyr aa finna seg større Farmar, fara av Stad med Bu og Bøling og alt sitt Stell, liksom naar dei i Norig reisa paa Stølen. Det er den Skjilnad, at naar dei i Norig føra sine Ting i Klyv-Meisar, kjøyra dei her sitt Pjank og sine Ungar i Vogner med lange Karmar og utspendt Lereftstak yver og Hestar elder jamnast Uksar fyre. Uksar era dei billegaste, truaste, trivugaste og trottugaste fyr slike Langferder. Du tarv ikkje taka med deg Havresekkjer til deim; dei metta seg av Graset utmed Vegen, og ikkje renna dei fraa deg, um du løyser dei ei Stund, med' du dubbar.
 
Ei slik Flytjevogn med høgt, rundt, kvitt Raust yver kalla dei her ein Præri-Skonert (Præriskuta). Du kann sjaa henne lang Leid yver Flæerne. Sume Tider er det ei heil Rad av deim, sume Tider berre ei. Farmaren sjølv gjeng fyreaat eller aat Sida med ein lang Paak yver Oksli, vittar med Paaken aat Uksom og kommanderar deim som han vil. Alt i eit er han bak um Vogni elder aat Sidom og jagar fram eit og annat Kryturet som gjer seg attende. Men hev han Born som er store nok til det, lyt dei jaga Kryturi. Hev han ein Hest elder tvo aa lata dei rida paa, er det so mykjet gjildare. I Framskuten av Vogni ser du Kjeringji med mindste Barnet i Fanget. Lenger bak i Vogni tulla dei dei andre Borni, som era for smaa til aa ganga. Der hava dei Sengklæder og alle Slag Bunad, Matkistor, Kaffikjetel og andre Greidor. Til Kvileplads velja dei ein Stad, der dei kann raska ihop nokre Vedstikkor til aa koka med, og der Beisti kan finna Gras og Vatn. Um Notti stansa dei helst tett ved ein Farm elder ein Smaaby. Men dei laana sjeldan Hus; dei liggja i Vogni. Dei, som ikkje faa Rum der, liggja under Vogni.
 
Soleids kan dei rakla og fara i nokre Vikor. Naar dei koma vestum alle Bygder, er det visstheiltupp stusslegt aa ferdast so eisemal burtyver dei endelause Floterne, liksom eit Skip paa Storhavet. Skikkeleg Veg hava dei ikkje – berre nokre lause Vognfar, og harde Basketak kann det ofta vera aa koma yver Myrar, Bekkjer og Elvar; men "Prærien" er jamnan turr og hard og Elvarne grunne. Det kann vera halve Dagen, stundom meir, millom kvar Gaang desse Flytjarfolkji sjaa Hus. Men dei hava godt av detta Friluftslivet. Eg hev talat med mange Kvinnfolk, som var vortne veike og sjukvorne av det stille Stove-Livet i dei eldre Bygdom, og som fekk atter baade Helsa og Magt paa desse Langferdom.
 
Jamnast velja Utflytjarane eller Nykomararne seg Land so nære Folk, Jarnveg, elder Smaabyar, som dei kann. Men ofta kann dei faa 10 norske Miler elder meir til Jarnvegen og ei Mil elder so til nærmaste Granne. Jamnast er det ei trifire Huslyder i Fylgje, og dei setja seg daa ned jamsides elder so nære hinannan, som dei kann finna høvelegt Land til Farmar. Er Farmen vald, so ber det til med aa setja upp Hus. Er det Raad til aa faa Huslyden inlægra hjaa næmaste Farmar, er det godt og vel; men ofta lyt han halda til under Vogntjeldi, til Hytta er komi under Tak. Det er ikkje rett mange Nykomarar elder Utflytjarar, som hava Raad til aa kaupa Bord og Plankar til Stova ved Jarnvegs-Stationen, leiga Kjøyring paa Huset til Nyfarmen og halda Folk til aa setja det upp. Er det Timberskog (Eik elder annan hard Lauvskog) aa finna burtmed ein Elvebradd, og ein fær Løyve til aa hogga der, kan ein vera sæl, um han fær timra seg upp ei liti Stokkestova. Men med raatt Vyrkje og krokutte Stokkar vert det uvand Gjerd. Middraga og mysja 1) lyt du aldri tenkja paa. Borni kan makeleg smetta inn og ut millom Stokkom. Desse Glesorne dytta dei att med Trefleinor og rappa so til med Søyla elder Leir, um det finnst.
 
Men snøggast og rimelegast er det aa setja upp ei Torvehytta, og det vert daa fyrste Stova aat flestalle Nybyggjarar paa Vestpræriom. Heile Huslyden baukar og knovar med aa byggja Torvehuset. Kjering og Ungar kann hjelpa til med aa grava og bera og mura. Det er ikkje meir Bindingsverk enn ein Stake i kvar Ende av Huset til aa bera Møne. Detta Mønet er daa berre ei Ræla 2). Taket byggja dei av smerre Rælor og Kvistar og tekkja deryver med langt Myregras. Dørkarm og Dør, Vindaugekarm og Vindaugegrindar med Glasrutur og Koke-Ovn med Røyr kaupa dei fraa Jarnvegs-Stationen elder nærmaste Smaaby – og so er Stova ferdug. Inreidning skal me ikkje tala um.
 
Den næste Ting er aa grava Brunn. Vatn finnst oftast paa ei trei-fire Alners Djup; men sume Stader lyt dei grava myket djupare, og andre Stader grava dei til inkjes.
 
1) Middraga: "trække parallele Linjer, afpasse Kanten paa Tømmerstokke med "Mide". Mysja: dytta med Mose.
2) Ræla: Stong, Stomn (Stamme) av eit ungt Tre.
 

 

Frå Fedraheimen 08.06.878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum