"Den rette Himmelborgar - den rette Heimsborgar."

 
(Etter O. Funcke: Reisebilder und Heimathklänge.)
 
Newton 1) hev eingong sagt nokot som so: "Kor eg enn snur meg i Verdi, so ser eg altid ein stor Dungje av Sorg, men ein liten Dungje av Fagnad. Min Lengt er, at eg kvar Dag kunde taka einkvart Kornet or den store Dungjen og leggja attaat den vesle Dungjen, so den kunde auka; det var Mun i, um eg ein Dag ikkje kunde gjera meir enn aa stagga Graaten hjaa ein liten Gut, som hadde mist Skillingen sin, med di eg gav honom ein Skilling att; - men eg vilde helst gjera meir!" Detta er gilde Ord, og væl verde ein slik Storfrægding. Og so sannt som det er, at Naudi og Sorgi er Tungjen i Verdi, men Lukka og Gleda berre ein ørliten Hop! Det lærer me fraa Dag til Dag. Men so skulde det helder ingen Dag lida, utan at ein Jesu Svein tok eit litet Korn fraa Stordungen og lagde burtaat Smaadungen, so den fekk auka. Og den som hev fengjet ein Solglytt av Jesu Kjærleik inn i sitt Hjarta, han vil snart koma til det og, um han enn ikkje kvar Dag gjeng og held Rekning paa desse Smaakorn, som han soleids flyt yver. Denne Yverflytjing elder Umskaping av Sorg i Gleda er no og den sælaste og hugsamaste Gjerning i heile detta jordiske Liv; men det er og nettupp dit Kall og ditt rette Livsverk, so sannt som du gjenom Gud hev funnet og retteleg skynar baade deg sjølv og dine Sammenningar. Hev du fyrst lært aa sjaa detta Kallet i sitt høge og evige Ljos, so vert og Livet allestad huglegt og glederikt fyr deg, og du vil allestad finna nokot som er verdt aa liva fyre.
 
Det Store og Forvitnelege i Livet ligg ikkje i det, at Ein kjem upp i mange underlege og uvanlege Hendingar, men deri, at Ein hev opet Syn fyr det som er til og liver og rører seg ikring Ein. Berre du ikkje er dauv og likesæl og blautog umannsleg, naar du kjem ihop med Folk, so skal du snart finna, at der i kvart einaste Mannshjarta liver ei heil Verd av Spursmaal og Gaatur og Tankar og Ynskje og forunderlege, forvitnelege Sogur av alle Slag.
 
Det er Einkvar, som hev sagt: "Di meir eg vert heime i Himmelen, di meir likar eg meg og paa Jordi." Det er eit godt Ord, kor bakvendt det enn kann sjaa ut, og kor sterkt det enn vert motsagt av sume Kristne. Det finst endaa gode gudelege Folk, som rengjer Ordet radt um og segjer: Di meir eg vert heime i Himmelen, elder di meir viss eg vert um eit evigt Liv, di mindre bryr eg meg um alt det, som høyrer til i denne Heimen. Men slikt er reint Tull. Det er beint ut sjukt, naar mange sanne elder innbillte Kristne stødt tyt paa den Visa: "Det er alt det same, berre eg kann finna meg ei Kraa upp i Himmelen." Det er usunnt og all igjenom skadelegt, naar dei ikkje hev det mindste Hjarta fyr det friske Mannsliv ikring seg, fyr Riksliv og Folkeliv, Natur, Kunst og Vitenskap, ja ser med Kaldflir og Uhug elder med Ynk paa slike, som med ungdomsfriske, uppglødde Hjarto opnar sin Hug fyr Livet rundt ikring seg.
 
Slikt Kræmar-Hjartelag, slikt Trongsyn og slik Tykkjeløysa er Gudskelov ikkje etter den Læra, som Jesus Kristus kom med, og helder ikkje etter Paulus si Tru; for denne store Kristi Tolk paa Jordi hev ikkje berre sagt til Borni aat den nye Aand: "De høyrer Kristus til!", men ogso, og just difyre: "Alt høyrer dykk til." Det er eit visst Merkje, at ein Kristen ikkje rett skynar sitt Kall i Livet, naar han meiner, at det er den rette Kristendom aa berre sukka og lengta:
 
"Aa, um denne arme Ferdi
gjenom denne vonde Verdi
snart var slut" osb.
 
elder:
 
"Heim eg lengtar, kann 'kje trivast
her i denne Jammerdal" osb.
"Var eg berre herifraa!" o. s. fr.
 
- og korleids dei no lyder, alle desse livleide Songar.
 
Nei det er fullt ut sannt: di meir du hev heime i Himmelen, di meir fær du og Syn fyr Livet paa Jordi. For just i dette Ljos fraa Æveheimen fær alt paa Jordi sin rette Lit og sitt rette Liv, alt, baade stort og smaatt, og just daa lærer du serleg aa sjaa, kvat Mannen er etter sin rette Natur: eit utvalt Vitne um Guds store Herlegdom og Æra.
 
Lat oss berre sjaa paa honom, som me i alle Ting helst skulde fylgja: vaar Meistar og Herre. Aldri livde eit Menneskje, som var so heime i Himmelen som han, aldri eit Menneskje, som i so heil Meining var framande og Gjest paa Jordi som han, aldri nokon, som Jordlivet hadde so uendeleg mykje Sorg og Pine aa bjoda som honom, - og likevel hev det helder ikkje livt nokon,som var so heime paa Jordi som han, - som hadde eit so djupt og hjartelegt Syn fyr alt Jordiskt som han, - som var so heilt og fullt Menneskje som han. Det høyrest rart; men den, som kjenner Evangeliet, vil strakst samstemma.
 
Sjaa berre, kor væl han gjev Gaum paa dei mindste og etter Augnesyni ringaste Ting! Derstend han t. D. framfyr ein Blom. "Sjaa til Liljom paa Marki!" ropar han til sine Sveinar. Gange daa ikkje so blinde og gaalause ikring her; her er so mykje aa sjaa og aa læra! So viser han dei til dei smaae kvitrande Sporvar, som byggjer Reir paa Taket, og til dei vidfløygde, skrikande Ramnar. Altid viser han paa Naturen, som han ser paa med eit sers kjærlegt, merksamt og gløggt Auga. Alt hev han Syn og Samhug med, og altid tek han sine djupe Likningar fraa dei jordiske Ting, som er ikring honom. Tre, fruktrike og fruktarme, Sinapskorn og Fiskar, Eldingen, Surdeigen, Sædekornet, Ugraset, Stormskyer og Kveldrode, Vargen og Fenaaren, - i alt detta finn han nokot Fagert og Merkjande, og i alt ser han som ein Spegel paa Guds Magt, Visdom og Kjærleik. Alt Jordiskt vert fyr honom til ein Spaadom um det Himmelske; alt Endelegt vert eit Bilæte paa det Uendelege, - just fyrdi han "er heime i Himmelen."
 
So er det ikkje held nokon Filosof eller Verdslegvismann, men just ein Læresvein av denne Jesus, som hev set og kjendt og i forunderleg varme og hugtakande Ord utsagt den "Lengting og Sukking i all Skapningen, som med oss stundar mot Guds Borns herlege Fridom" (Rom. 8. 19 flg.) Av di Paulus var so fullt "heime i Himmelen", nett difyre hev han paa ein so overlag fin og djup Maate kunnat tyda det Jordiske, oss til eit Fyredøme. I Ljoset fraa Æveheimen skal Guds Tale i Naturen ikkje vera oss myrk og kald, nei, men ljos og klaar og hugvekkjande.
 
Men er detta so med den livlause Naturen, so gjeld det endaa meir um Mannen, som er liksom Kruna og Blomen av den heile Skapning. Med den varmaste Samhug og gløggaste Forvitna hev Jesus gaatt etter all Mannsens Ferd, hans Tenkjing og Tale, hans Gjering og Vering, og allstødt viser han oss til det. Her syner han oss tvo Menn, som byggjer, den eine paa Sand, den andre paa Fjell; der ein, som grev etter Skattar elder handlar med Perlur; der ein, som byggjer Vinhagar elder saar til sine Aakrar. Her viser han oss eit Kvende, som fyrer sin Deig, der ein Tjuv som kryp inn gjenom Glaset; so ein Fiskar, som steller med sine Garn, og so ein Hjurding, som vaktar sin Bøling; her dei Jomfruer, som fer til Brudlaups, og der ein Konge, som dreg i Herferd; her ein Mann, som byggjer utan aa gjera upp Kostnaden, der ein Tenar, som ventar paa Husbonden sin; - alt legg han Merkje til, alt finn han Meining i, alt hev han Medhug med. Lika eins med Hendingar og Høve i Tidi. I alt ser han sin Faders Visdom og høyrer hans milde, aalvorlege Røyst.
 
Men me – kor dauve og blinde gjeng ikkje me gjenom Livet, og kor litet ser og røyner ikkje me imot detta! Det er snaudt me vyrder Guds store Verk so mykje, at me bryr oss um aa sjaa paa det; desse nymodens Jesu Disiplar vil ofta vera klokare i detta Stykkjet enn Meistaren sin. Sume av dei er komne so radt burti Ørska, at dei snart held det fyr Synd aa lata upp sine Augo og sjaa og fagnast ved alt detta store og rike Liv, som rører seg ikring oss baade i Naturen og i Mannheimen. Var me so sannt rett heime i Himmelen, so skulde me nok og faa eit annat Syn fyr det, som er paa Jordi. I alt det me saag, vilde me finna evige Tankar; alt vilde faa Meining fyr oss, og hugga oss.
 
Paa same Maaten vilde me faa Syn fyr det Store og Verdfulle i kvart einskilt Mannsliv og kvart einskilt Menneskje. Veit du fyrst, kvat eit Menneskje er, so ser du ikkje lenger med Kaldhug paa Nokon. Sjaa paa Jesus, korleids han tok det. Der var inkje Barn so litet, ingen Gamling so skral, ingi Magdalena so nedsleppt, ingen Tollar so syndfull, ingen Sjukling so ufysen, ingen Helsotting so vonlaus, at Jesus heldt seg fyr god til aa elska og hava Samhug og tyda alt væl og hjelpa, der Hjelp turvtest. I kvart einaste Mannsbarn ser Jesus nokot stort og himmelsk; for han ser etter Guds Tanke i det, og ikkje etter det, som syner seg fyr Augom. So maa og me æra kvar og ein, just fyrdi at kvar og ein er Menneskje. Kvar Manns Røyningar, kor smaae dei er, hans Livsveg, kor litet lysande, hans Sut og hans Fagnad, hans Fall og hans Uppreisning, alt vil du sjaa paa med Samhug og finna Meining i, naar du hev det rette Auga. Og du vil hugheilt vera med i alt Mannens Stræv og Arbeid, baade i det store og det smaae; men endaa vil du ikkje tulla deg sjølv burt i Strævet; for du hev ditt faste Augnemed i Himmelen.
 
Den sanne Jesu Svein maa altid med Sanning kunna segja: nihil humani a me alienum, Manns Sak er mi Sak!
 
 
1) (Les: "Njuton"). Ein av dei største Naturkjennarar og Reknemeistarar; fann Tyngdelogi, og sette dermed ny Skikk paa heila Naturkunna. Fødd 1642, d. 1727 (i Engeland).
 

 

Frå Fedraheimen 08.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum