Storthinget

 
vart ferdugt med Tollsaki Tysdagskvelden Kl. 9, etter at det hadde haldet paa i 6 Møte, og 35 ymse Talarar hadde havt Ordet. Alle dei høgste Tollpaalegg som Nemndi hadde innstillt, gjekk igjenom. Paalegget paa Tollen fyr Brennvin (10 Øre) vart vedteket med 69 Røyster, fyr Kaffe med 62 Røyster, fyr Lampolje med 65 Røyster, fyr Sukker med 75 Røyster, fyr Malt med 89 Røyster, og fyr Tobak (10 Øre fyr Pund) mot 14 Røyster. Etter detta vil Tollen heretter vera soleids: fyr Brennvin 65 Øre Potten, Kaffe 20 Øre Pundet, Maltavgifti 8 1/ 2 Øre Pundet, Lampolja 5 Øre Pundet, Sukker i Toppar og ljost 22 Øre og myrkt 18 Øre Pundet, Tobak 50 Øre Pundet. – Tilsaman vil dessa Paalegg gjeva Statskassa ei Innkoma stor 2,385,000 Kr., og so vantar det endaa 900,000 Kr. som dei maa faa paa andre Maatar.
 
Fyr alle Tollpaalegg røystad 40 Mann: Bøhn, Kaxrud, Schrøder, Hille, Tonning, Ellingsen, Vefring, Bugge, Klonteig, Egge, Leer, Skattebøl, Løvenskjold, Jensen, Borch, Bang, Olsen, Vogt, Gross. Jakobsen, Kyhn, N. Hansen, Aschjem, Lange, Christie, T. Nielsen, Spilling, Sandberg, Lindstøl, Holm, Liestøl, Igland, Olafsen, Gross. Iversen, Lund, Huser, Wiig, D. Iversen, Moses Møller, Nysetvold.
 
Mot all Tollpaalegg røystad 12 Mann: Thomesen, Jaabæk, S. Nielsen, Havig, Seljelid, Arctander, Castberg, Steen, Øverland, Quam, Velde og Bjørnsgaard.
 

 

Frå Fedraheimen 01.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum