Skule og Upplysning. II

 
Sparbu 13de Mai (Brev).
 
Fedraheimen sagde eingong paa Lag so, at den som vilde senda Brevaat Bladet, laut pasa paa, kvar Gong det hende nokot i Bygdi elder Byen, og so fortelja detta. No er det so sjeldan det hender nokot her hjaa oss elder i Nærlegdi, som er verdt aa skriva um; men likevæl lyt eg i Dag spinna ihop nokot aat dykk so godt eg kann. Det vert daa helst um Skular og Upplysning i denne mi Heimbygd.
 
Me hev havt ein Skule fyr konfirmera Gutar, og den hev no voret i Gang i 6 Aar og havt god Søkning; han vert halden 3 Maanadarfyr Aaret og skal vera som ein Millomting millom Aalmugeskulen og Amts- og Folkehøgskulen. Me hev og skipat eit Samlag, som heiter "Dei Unges Forbund"; me kjem saman ein Gong i Maanaden, og daa syng me, og samtalar um Ting som er framme i Tidi, les upp or gode Bøker, held Fyredrag og les upp eit Blad, som me sjølve skriv. Me hev nyst byrjat med detta Samlaget, og kann det halda seg uppe, vil det visst verta til Gagn med Tidi. Maalsaki er enno litet uppe; men det gjeng her som paa dei flestalle Staderne, at Fylkingen veks litevetta i Senn.
 
I gamle Dagar, segjer dei, var Landsens "Kjerne" elder Stormagt her uppe i Thrøndelagen, so det var Thrønderne, det kom an paa i alt, som skulde avgjerast. Um det enno er so, at Thrønderfolket stend framum dei andre i aandelegt Syn, veit eg ikkje; men det trur eg, at so i det Aalmenne so er dei meir frilyndte, allvisst i Innthrøndelagen. Det er ymist, som tyder paa detta, soleids at Folkehøgskulelærer Bentsen er 3die Utsendingen til Storthinget fraa Nørdre Throndheims Amt (som Innthrøndelagen høyrer inn under), og Folkehøgskulelærar Foosnæs 4de Varamann, og de andre Thingmenn fraa det Amtet er og fyr det meste Fridomsmenn. I andre Landskantar, der det var Tanken aa faa Pengar av Amtskassa til Folkehøgskulen, gjekk det galet: men her fekk dei det, soframt dei berre hadde 16 Gutar; fyr Gjenteskulom veit eg ikkje um det vart fastsett nokot um Talet. - Umframt Bentsen og Foosnæs sin Folkehøgskule hev me og fenget ein Amtsskule, som no er tvo Aar gamall; fyrste Aaret var han i Værdalen og no paa Innerøyi, der dei no i Sumar held Skule fyr Gjentur. Um denne Skulen er av same Grjot som dei rette Folkehøgskular veit eg ikkje; men eg trur, at han er ein av dei mest frilyndte Amtsskular som finst. Baade Bentsens Folkehøgskule og Amtsskulen hev i Vetr voret søkt av 20 til 30 Gutar. Frosta, der Bentsens Skule er, skal vera den Bygdi i vaart Fylke (Amt), der Folkehøgskuletanken og Maaltanken er lengst komen. Desse tvo Tankar er hellest i Grunnen Eit; for den Folkehøgskulen, som er dauv og likesæl fyr "Maalet hennar Mor," tykkjer eg ikkje er nokon rett Folkehøgskule.
 
Til Slut lyt eg faa segja nokre Ord um eit godt Blad, me hev her uppe. Det er mesta meir Blad no enn Sopp i Myr, so det er mest raadlaust aa hava Greida paa dei alle, og so hender det daa tidt, at endaa dei beste Blad gjeng uansad framum Folks Dører. Bladet, eg vilde draga fram, er "Bud til Menigmand", som kjem ut i Nidaros tvo Gonger i Maanaden og kostar Kr. 1,30 fyr Halvaaret; Ein kan tinga det paa alle Nordens Posthus. Det innheld Brev fraa Folkehøgskularne um deira Gjerning, Upplysning um ymsedugande Menn og meir slikt, som er rigtigt godt aa lesa um. Det vert til det Jamne skrivet paa Dansk-Norsk, men tek og upp Stykkje paa Landsmaalet, naar der er verkeleg Mat i dei, og Romet ikkje vert for litet. Tinga difyr det vesle Bladet, alle de av Heimens Lesarar, som ikkje hev det.
 
O. A.
 

 

Frå Fedraheimen 01.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum