Notisar

 
I London er det eit Samlag, som hev teket paa seg aa føra Varme umkring til 200 Hus; dei hev berre ein stor Dampovn, og so fører dei den varme Dampen inn i Husi gjenom Røyr; dei hev no lagt ned Røyr i ei Lengde av 3 engelske Mil. Med denne Varmen kan Ein gjera all Ting, baade koka og bryggja og baka.
 
Johan Sverdrup melder no, at han hev gjenget fraa Bladet "Verdens Gang."
 
Diger Timberstokk. Paa ei Sag i Helsingland i Sverike vart det nyst sagat ein ufampleg Stokk. Han var 16 Fot lang og i Smalenden 24 og i Digerenden 23 engelske Tummar i Tvermaal. Stokken var den nedste og fjorde av ei Gran, som hadde stadet 500 Fod fraa Husi paa ein Gard i Soknet. Treet var friskt alt igjenom. Stokken maatte sirskjerast og endaa ein Gong ganga gjenom Sagraama, og det vart ei heil Tylvt firkantutte 2 Toms Plankar av honom.
 
Jamn Alder. I Ullensvang i Hardanger vert Folk gamle. Av 17 Daudsmaal var desse Aldrar: 88, 86, 83, 80, 80, 76, 76, 74, 70, 69, 65, 64, 35, 13, 8, 3 Aar.
 
Til Statsrevisor i Staden fyr Johnsen, som hev gjenget ifraa, hev vortet innstillt Oberstl. Hjortog til Suppl. Selboe, Sekretær i Statsrevisionen Hølaas og Adv. Bergh.
 

 

Frå Fedraheimen 01.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum