Madla ved Stavanger 27de Mai. (Brev).

 
Fedraheimen hev ferdst framum her og, um ikkje just i nokot stort Lag. Madla, som væl ikkje er so vida kjendt bland Folk, er Vedsokr. (Anneks) til Haaland og ligg paa Lag ei halv Mil fraa Stavanger millom Hetland i Nord og Aust og Hafrsfjord i Vest og Sud. Sokni er liti, berre tri – fire "Gardar", men desse er og mangmennte, daa kvart Bruk er helder litet. Difyr fermykje Ungfolk til Sjøs, so snart dei er so vidt vaksne; eldre Folk gjeng i Arbeid paa eit "Teglverk", som ligg attmed Hafrsfjord og vert drivet av ein Stavangermann. Paa Madla-Garden er ein Eksismo, der dei no skal eksera 80 Dagar um Aaret; av den hev Folk og ymse Innkomur. Madlabuen tenar soleids Pengar paa ymse Maatar umframt Gardsavlen; Fortenesten vert ofta, og helst av Kvinnfolket, brukat til Stas og Fjas paa ein slik Maate, at det er greidt aa sjaa, at dei hev vokset fraa det gamle Ordtøket, at "Far og Mor hev havt det slik, so kann eg og hjelpa meg med det." Med Skule og Upplysning er det ikkje meir enn det tarvst væl; men Folk tek til aa skyna, at det er naudsynt aa fylgja med Tidi i den Vegen og. Her vart soleids snakkat um aa kaupa eit Stykkje Jord til Læraren; men det vart ikkje av, daa Fylkesthinget ("Amtsformandskabet") ikkje vilde skjota til Pengar. No skal me faa ny Lærar, og me kann daa hava Von um ymse Umbøter med Skulestyret vaart.
 
Heradstyret skal hava tenkt paa aa kaupa inn Bøker og faa til ei Boksamling; men med det ser det ut til aa ganga nokot traatt.
 
I Politikken er her stavstilt. Endaa den Gongen, daa Haalands-Medhjelpararne vann sine - nokot ymise – Laurber i Striden um Prestevalet, stod Madla paa "loyal" og konservativ Grunn, - og det var væl ikkje det Verste helder. Ein kann vera væl hjelpt med den nye Presten, Tornøe, og i Herads- og Skulestell ser det ut til han baade vil og kann gjera meir til gagnlege Framtak, enn Folk enno kann fullt skyna seg paa. Som Einskildsmann er han sers godsleg og bondskeleg; men endaa kann ikkje "Lægfolket" semjast med honom.
 
Her hev voret eit framifraa laglegt Veer fyr Landmannen denne Vaaren. Eng og Aaker stend so vænt, at det er ein Hugnad. Men Peningknipa et um seg og trykkjer ned Prisarne paa Bondens Varar. – No hi Vika skal det i Stavanger vera burtkomen ein Mann; dei trur han hev gjøymt seg av, for han skal hava brukat falske Namn i Bankarne og hellest sett seg i stor Skuld med aa liva flust. - -
 
h.
 

 

Frå Fedraheimen 01.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum