Kristiania, den 31te Mai 1878.

 
Vinje (Brev).
 
– Folkje liver godt her uppe fø dæ meste. Her æ kje endeleg noko særs Rikingar – liksom "Skogebuggar"; men dei liver godt paa Garann sine o eig dæ dei heve. Upplysningji æ i dæ heile goe, ja her i Hovusokni utifraa mot paa mange are Sta'ar. Mykji Bla bli løyst, baade gudelege o andre. Her æ ou ei Boksamling paa fleire hundre Bind, den hev blivi mykji bruka baade av store og smaae.
               
Fø mange Aar sea va her ei sterk religiøs Rørsle sjaa Folkji, o mange blei vakte. Men om ei Ti "slakna dæ av", o berre nokle blei "standandes" i dæ, o dei blei daa kalla o vera "paa Lærarvis". So lei dæ av mange Aar, o alt gjekk si støe gamle Vanegaang. Her va Dans o Drykk o anna Slags "Moro" mæ Leikjer slikt, som blei kalla "Strok". So heldt dæ paa alt te ifjor; daa kom her att slik ein Vekkelse. Her foor noko "Lærarar" (Predikantar) o heldt Uppbyggelsar, som Folk tok te aa gange paa. Dæ ouka paa mæ Møti; te slut gjekk alt Folk dit. Daa tenkte dei gamle "paa Lærarvis": "No er Sakji vonni". Men naar dæ lei ut ette Vaaren o Somaaren, slakna dæ av att. Ungdomen begjønde atte te mæ "Ball-Slaaingji" si om Sondagarne. Dans o Drykk kom ou so smaatt i Bruk att; mykje – te seia – hev sjella vori av dæ. So skrei daa denne Ri'i av so lett o makeleg, o alt kom ne i den gamle Renna atte. Eg trur, dæ ha vori godt dæ ha halli paa lenger mæ den Rørsla; - men kansi dæ livnar uppatt einkvort enno.
               
Vaaren kom tileg her ou i Aar. Snjoren ser Ein berre paa haagaste Fjølli no. Folkje tok te me Vaaraanni fysst i Mai o æ ferige fø ei Ti sea. Veeri æ godt, hell noko svaalt.
 
K. 1.
 

 

Frå Fedraheimen 01.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum