Utlandet

 
Sjuvalof lydde innum Keisar Wilhelm og Bismarck, daa han var paa Vegen attende til England. Kvat han hadde aa tala ved deim um, er likeso løynt som Ærendi hans fraa det engelske Styret til det ryske og det Svar, hau no hev med seg attende til England. Det er nog av Gissingar baade um det eine og det andre, men nokot visst vert ikkje aa faa vita fyrr i næste Vika. Dei fleste Segner um Saki er samde um, at Sjuvalof hev ikkje faret faafengt. Agence Russe skriv den 22de: "Det er all Grunn til aa tru, at dei hev ingen Ting fyr Strævet sitt, dei, som hev freistat aa hindra Semjing millom Ryssland og England." Berre fraa ein einaste Kant vert det fortalt, at det skal ha lukkast General Ignatief og Krigspartiet aa gjera Sjuvalofs Arbeid til inkjes. Det heiter seg jamvel, i Telegramm fraa Times sin Brevskrivar i Wien, at Sjuvalof hev med seg endeframme Forslag sigtande til aa rydja undan Englands Motburd mot San Stefano-Semja; Innehaldet av desse Forslag er i Samhøve med det, andre utanlands Blad fortel um Utvinningi av Ferdi. Etter L'Indépendence Belge skal Ryssland vera tilvikjet til aa ganga inn paa det engelske Styre sin Synsmaate um aa deila det nyskapte Bulgaria. England vil, at det skal kløyvast i tvo; nørdre Luten skal rekkja berre til Balkan og utgjera eit Fyrstedøme skattskyldugt aat Porten, og det turkiske Styret skal framleids verta endetil raadande yver den sydre Luten, men binda seg til aa føra inn høvelege Umbøter under Tilsyn av ei europæisk Nemnd. Same Bladet tek uppatt den 21deMai, at Ryssland er viljugt til aa brigda paa Landsskilet fyr Ny-Bulgaria, berre det vinn Fridom og Trygd fyr dei Kristne i Turkiet. Kars vil Ryssland ikkje gjera Avkall paa; det hev no hervunnet denne Byen tri Gonger og vil ikkje vera nøydt til aa vinna han fjorde Gongen og. Derimot er det viljugt til aa tinga um aa gjeva upp øvre Eufratdalen og Batum. Helder ikkje vil Ryssland halda so stridt paa, at Krigsskadeboti skal greidast nett paa den Maaten, som var sett i Fredsemja; det vil nøgja seg, berre det fær eit rimelegt Vederlag fyr sine Offer. Til Gjengjeld vonar daa det ryske Styre, at England vil gjeva etter i det bessarabiske Spursmaal.
 
Fredsvonerne held seg altso, ja ein maa segja, dei hev sterknat i den sidste Tidi, og det er no mange, som trur paa Kongressen att, og meiner, at han kjem til aa samlast innan fjortan Dagar, og at so alt skal jamna seg. Men det er fleire Teikn, som tyder paa, at Freden er ikkje enno altfor viss. Til dessa Teikn er aa reikna, at Ryssarne trengjer seg alt nærare inn paa Konstantinopel og fører fleire og fleire Tropper fram i Fronten, at det skriv ut nye Herar, sankar Hestar og Doning av alle Slag, laaner seg Pengar paa nytt Lag, kort aa segja: bur seg paa ein ny Krig av all si Magt. Likeeins gjer England. Paa Verkstadom arbeidest det utan Avbrot baade i England og India, nye Sendingar med Herfolk kjem til kvar Tid fraa India og sigler til Malta, Orlogsfloten i Mamorasjøen fær jamt Tilvokster av nye Skip, som vert sende avstad. Dei ryske Bladi læt helder ikkje mykje fredleg.
 
Nokot, som vekkjer og fortener næstan likeso mykje Aathuge som Tingandet millom Ryssland og England, er den Attevja, som held paa og arbeider seg upp i Tyskland. Ho hev gjort seg heilt stillt i Djupet til dessa, men no fekk ho ein uventad Framstøyt ved denna toskutte Mordfreistnaden av Sosialisten Hødel. Det er no framsett eit Logforslag, som etter Ordom gjeng ut paa aa gjeva Rett til aa forbjoda trykkte Saker og Samlag, som stemner imot socialdemokratiske Fyremaal; det er vedteket av Fyrbundsraadet, og idag er det fyre i Riksdagen. Dei frilynde Blad er alle som eit imot det, og det skal vera Von til, at det fell. Kyrkje- og Upplysnings-Ministeren Falk hev voret tenkt paa aa taka Avskil, og fleire av dei meir frilynde Ministrar hadde venteleg fylgt med; men det kann enno ganga so, at han vert standande.
 

 

Frå Fedraheimen 25.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum