Rispur

 
" Eg hev berre voret i eit gildt Gjestebod i mi Tid," sagde Ein. "Men der var det au slik, at Folk kom aldri lenger enn paa Knei; naar dei var komne so langt, som Skjenkaren med Øl og Brennevin, - og so laut dei ikoll atte."
 
Ein Sakførar kom til ein Mann, som hadde lagt Sak mot ein Kaptein, og baud seg til aa driva Saki hans. Men Mannen svarad: "Eg hev høyrt, at Kapteinen hev fenget seg ein god Sakførar, og so vil eg au faa meg ein god!"
 
" Har du Troen?" spurde Presten ei Gjenta paa Kyrkjegolvet. "Nei, ho sprakk sund ifjor, og sidan hev me demblat med Bøttom," sa Gjenta 1). "Er du gal?" spurde Presten. "Nei ikkje eg, men den eg skal faa, han hev Gard", sagde Gjenta.
 
1) Tro = "Trug."
 

 

Frå Fedraheimen 25.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum