Notisar

 
- Dei fleste Sakerne av Herbudgettet gjekk samrøystes. Imillom annat var det vedteket, at dei skulde lata til 10,000 Kr. til ein Freistnad med aa driva Verkstader ved Bataljonarne.
 
- Kyrkjenemndi hadde innstillt, at eit Forslag fraa Jørgensen-Veum um aa taka Skulelærarne upp i "Statens Pensionskasse for Bestillingsmænd" ikkje skulde vedtakast. Jørgensen-Veum talad fyr sitt Forslag. Han vilde, at Saki skulde sendast til Regjeringi. Steen heldt paa Innstillingi, skulde Læraren faa eigi Pensionskasse, laut dei fyrst og fremst faa større Løn. – Forslaget vart forkastat mot 9 Røyster. –
 
Handelsferdsla med Sibirien. Sjøvegen tek alt til verta stor. Iaar skal det fara dit 6 Ferder fraa Europa, fraa Tyskland, Holland, Sverike, Danmark og Russland. Og hadde ikkje Krigen voret so nær, hadde ogso England viljat sendt ut nokre.
 
Kongen og Drottningi skal koma til Moss midt i Juli og vera der ein Maanads Tid.
 
Vaaren er tidleg iaar skriv dei fraa alle Kantar; paa Fjellet tesheld er det reint berrt og grønt med paa mange Stelle. I Gudbrandsdalen hev alt Sume teket til flytja til Sætrarne. Berre nørdst i Landet er det kaldt endaa og seinare, enn det plagar vera. – I Amerika ser det overlag godt ut med Arvegen, so det ikkje skal hava voret so gildt paa 20 Aar.
               
I Kina hev dei no Von um aa kunna faa bygd Jarnveger. Det finst uhorvelege Kolgruvur der, men Kinesararne hev havt Motvilje mot aa fullnøyta deim. No tek kanskje denne Fordomen til aa gjeva seg.
 

 

Frå Fedraheimen 25.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum